mandag 16. april 2018

Møte i april

Det er igjen tid for at Selskapet skal samlast og samsnakkast om bøkene i Trilogien til Jon Fosse. Møtet vert onsdag 25. april kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Denne gongen kjem teatersjef Solrun Toft Iversen til ein førprat om forfattarskapen til Jon Fosse og til opplesing av utdrag frå Andvake.
Grunnen til dette er at den 23. mai er det verdspremiere på Andvake på Hordaland Teater og stykket skal spelast under Festspela i Bergen. Framsyninga byggjer på Trilogien, desse bøkene fekk Jon Fosse Nordisk råds litterturpris for i 2015.

Velkomne til eit spennande møte!

onsdag 21. mars 2018

Det kan bli gode vesker av gamle krokodiller...

Oftast les Selskapet bøker som ein ikkje hadde vald sjølv eller bøker som er meir eller mindre krevjande. Nokon av dei meir krevjande bøkene set deltakarane på prøve både når det gjeld å halde ut og forstå; kva vi las no. Denne gongen var boka av den meir lite krevjande kategorien, kanskje litt vel lite etter nokon si meining og det fekk nokon til å fyre av litt ekstra.  For det er grenser for kva ein skal bruke tida si til...
Jau, men her er vi heldigvis ulike. Nokon hadde mora seg over både hovudperson og andre personar, alt kva forfattaren har kome opp med av hendingar og underlege samantreff. Medan andre hadde irritert seg gjennom boka og uten det kjende gruppepresset aldri hadde lese heile.
Boka handlar om Josephine eller Jo som lever i si eiga heimeboble "alt for mann og barn". Sjølv om ho er forskar i middelalderlitteratur, har ho null sjølvtillit og det er berre den gode og for oss noko mystiske vennina Shirley som har tru på at her fins det meir enn berre ei grå overflate.  Andre personar er: mannen hennar Antonio og dei to jentene deira Hortense og Zoe, søstera Iris, mannen hennar Philippe og sonen, mora til Jo og Irene Madame Mor og ikkje minst mannen hennar Marcel (Chef) og elskarinna hans. Antonio er arbeidsledig og har eit forhold til ein frisør, dette har vore tydeleg for alle men ikkje Jo som lever for familien sin, sett alle andre først og tenkjer absolutt ikkje på seg sjølv. Ho er den som tener pengar til det daglege brød. Når det endeleg går opp for Jo at Antonio bedrar henne, kaster ho han  ut og han flyttar med elskarinna til Kenya for å drive krokodilleoppdrett. Iris har gifta seg med den vakre og velståande advokaten Phillipe og har alt det ein  kan kjøpe for pengar, men ho synest livet er keisamt. I eit middagsselskap fortell ho til en forleggjar at hun skriv på  ein roman om 1100-tallet. Han vert veldig interessert og ber henne vise han eit utkast. Iris prøver å komme seg ut av dette, men bordet fangar og ho overtaler Jo til å skrive romanen og få pengane, medan ho, Iris, skal ta seg av marknadsføringa og være boka  sitt ansikt. Jo treng pengane desperat og går med på dette.  Døtrene til Jo saknar far sin og Hortense lar alt raseriet over at han ikkje lenger er der, over at de har dårleg råd, at mora ikkje bryr seg om korleis ho ser ut og ikkje minst at de bur i en forstad til Paris og ikkje i byen, gå utover mora. Hun meiner Jo bør vere snillare mot både Madame Mor og søstera Iris, men sjølv for Jo er det grenser for kor mykje ho skal lete seg trakke på. Antonio tek kontakt med familien, han har teke opp eit stort lån som Jo i si tankeløyse har skreve under på og som dei no begge er ansvarlege for. Han får ikkje løn frå den kinesiske samarbeidspartnaren og det er dirfor Jo som må sørgje for å betale tilbake  lånet. Jo går på biblioteket for å få ro til å arbeide og der treff ho Luca. Han er vakker, mørk og mystisk og Jo blir forelska. Jo oppdagar kor opplivande det er at nokon ser ho som kvinne og ikkje berre som eit inventar. Marcel, Madame Mor sin ektemann og stefar til Jo og Iris ønskjer seg mest av alt eit barn, men det vil ikkje Madame Mor. Han søkjer trøyst hos sekretæren, men ho vil ikkje berre være en leverandør av eit barn og krev at Marcel frigjør seg frå kona. Det er mye som står på spel både for den eine og den andre i denne romanen.

Selskapet fann ut at her er det mange grådige personar: Antonio, elskarinna hans, søstera Iris, Hortense, Madame Mor og Marcel. Forfattaren skriv godt og vi vert med på den elleville ferda. Samstundes vert det for grunne personskildringar og det er berre hovudpersonen som kjem fram, medan dei andre vert figurar. Hovudpersonen har fleire fortrengte hendingar frå barndommen som ho etterkvart hugsar og dette er med til at ho vaknar opp og hevdar sin plass meir og meir. 
Nokon i Selskapet skal lese både bok nr. 2 og 3 om Jo og hennar opplevingar, medan andre skal snarast råd legge denne hendinga bak seg.  Det er dette som er interessant med ei litteraturgruppe - vi er ulike lesarar, bøker verkar ulikt på oss men det må vere rom for alle stemmer, både dei som jublar og dei som grin på nasen.
 

torsdag 15. mars 2018

Mars-møte i Selskapet

Boka vi skal snakke om torsdag 15. mars kl.19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik er Katherine Pancol si bok Krokodillens gule øyne. Kva vil kome ut av dette? Kom og ver med på samtalen! Har du ikkje lese boka? Kanskje du får lyst til å lese ho etterpå? Velkommen!

mandag 5. februar 2018

Svigerfar sin kjærleikshistorie

Selskapet var endeleg samla etter jul ,med nye og gamle deltakarar! Ja, det kjem faktisk nye folk inn i Selskapet, så om nokon kjenner ei ørlita lyst til å vere med så slå til!
Denne kvelden var det Anna Gavalda si bok: Eg elska ho, som stod på programmet og alle (!) hadde lese ho med meir eller mindre glede.
Romanen handlar om Cloé og svigerfaren Pierre og deira samtale om livet, kjærleiken og ekteskap. Cloé opplever at ektemannen Adrien går fra ho og dei to døtrene dei har saman. Dette kjem som lyn frå klår himmel og ho er fortvila og gret i stie straumar. Pierre tek dei med seg til sommarhuset familien har og lagar mat til dei og prøver å sette mot i Cloé. Dei har god kontakt og er svært opne med kvarandre. Pierre fortel om si kjærleikshistorie, ikkje om ho han er gift med, men historia om Mathilde og deira møte. Han snakkar om korleis ho fekk han til å kjenne seg, kjenne glede over livet og det dei hadde saman. Han valde å bli med kona og barna, men var det det rette valet? Cloé og Pierre snakkar saman ein lang kveld og ho utfordrar han på same måte som han utfordrar henne til å våge ein ny start utan Adrien.
Romanen er eit kammerspel mellom dei to. Vi får nesten ikkje høyre om korleis miljøet er rundt dei, barna er nesten fråverande og slik som framsida på boka viser er det ganske nakent mellom dei to stolane.
Selskapet undra seg over kor ulike vi menneska er. Nokre er tause og lukka, andre snakkar om alt. Kva er rett, å hoppe ut or ekteskapet om ein vert forelska eller bli i det trygge? Angra Pierre på valet sitt? Han vart ein sur gammal gubbe då Mathilde forsavnn frå livet hans. Han var ikkje ein snill mann mot kone og barn. Sjølv om kona fekk vite om forhaldet til Mathilde, ville ho halde fram ekteskapet for å halde på fasaden, men var det rett? Pierre verka på oss som ein usikker type, han klarer ikkje å bestemme seg for kva han vil. Veit han kor mykje han elskar Mathilde?
Vi snakka om Cloé som er så sint, men som bruker dette som terapi. Ho er langt i frå "tapt bak ei vogn" men underkjenner kven ho er og fell inn i gamle mønstre. Er det slik damer er? undra Selskapet. Høgdepunktet i romanen, fann vi ut, kjem på slutten, der dei hentar fram motet til å ta eit oppgjør med seg sjølv. "Å vere lukkeleg er inga rett".
Vi fann eigentleg inga svake parti, men vi skulle ønskje at boka var litt lenger for her var mykje overlate til fantasien.
Vi var imponert over Gavalda som skildrer ein mann på denne måten, det er bra gjort. Ho vart sjølv skild og brukar si eiga historie som bakgrunn for denne.
Dette er ei perle av ei bok, vi kan lese meir av denne forfattaren.

onsdag 3. januar 2018

2018 og nye møte i Nordhordland Litterære Selskap

Vi startar nyåret med å lese fransk litteratur. Franske forfattarar omsett til norsk, kva kjenner vi til her? Vi har sjølvsagt høyrt om og kanskje lese (?) dei store klassikarane, men vi har og nye som har fått mange lesarar og kanskje finn vi nokre som vi knapt har høyrt om før... følg med!
Første kvinne ut er Anna Gavalda med romanen Eg elska ho, utgitt i 2002. Møtet er på Strilabiblioteket på Frekhaug torsdag 25. januar kl.19.00
Neste bok vert Kathrine Pancol: Krokodillens gule øyne. Då er møtet torsdag 15. mars kl.19.00

Etter dette har vi ikkje bestemt kva vi skal lese, men møtedatoane er:
26. april og 7. juni
Møtestad vert kunngjort seinare.

Etter 7. juni vert det sommarferie fram til slutten av august.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med personalet i Strilabiblioteket for nærare informasjon! Velkomne!

fredag 29. desember 2017

Ein leksjon i engelsk kultur, klasseskilje og lojalitet

Vi hadde lese Resten av dagen av Kazuo Ishiguro som fekk Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Selskapet var begeistra, det kan ikkje seiast på anna måte. Det tok litt tid før vi vart vande med språket for forteljinga om butlaren Stevens var ført på ein litt omstendeleg og gammaldags måte. Dette grepet frå forfattaren gjorde at vi raskt kom inn i stemninga i boka - tida frå 1920-talet og fram til 1956. Heile romanen er sett gjennom augene til butlaren Stevens, det er han som fortolkar hendingar og utsegner og det er han som gjev oss innsikt i livet på Darlington Hall. Vi er med han på ei kombinert reise/ferie i England. Han vil prøve å komme i kontakt med miss Kenton som var hushalderske på Darlington og som han no håper vil komme tilbake. På denne reisa tenkjer han på livet sitt, hendingar i verda som ga gjenklang sjølv i Darlingtons lukka verd og lorden/ "hans nåde" si rolle før den andre verdskrigen.
Stevens såg ingen feil ved lorden. Lorden fortolka hans verd og verda utanfor var i alle samanheng slik lorden sa at han var.
Stevens såg heller ikkje at miss Kenton var forelska i han og på mange måtar ønskte å gjere han sjalu. Ho prøvde å få han til å sjå det urettferdige ved at ei jente med jødiske røter vart sagt opp frå arbeidet sitt, men han nekta for at det var slik.
På reisa opplever han at nokre han møter trur han er lord, sidan han køyrer i ein flott bil og har fine klede. Han nektar ikkje for det, men han gjer heller ingen ting for å rette opp misforståinga.
Stevens er svært oppteken av å ha rett haldning som butler, ein skal vere verdig, lydig, tilstades under alle tilhøve, herrskapet framfor alt. Ja, til og med når far hans ligg på det siste er det viktigare å vere på plass for herrskapet enn å sitte ved dødssenga til hans.
Stevens lever i ei boble, der har han kontroll og oversyn og han vert ikkje utfordra på nokon måte. Det er når miss Kenton kjem inn i bilete han får problem, men samstundes skaper dette nye og ukjente kjensler hos han. Stevens er diverre så forknytt at miss Kenton gjev opp, gifter seg og flyttar til ein annan del av landet. Ho sender nokre gonger brev til Stevens og det er hans tolking av desse breva som gjer at han reiser med von om eit mogeleg møte med henne som mål - og kanskje at ho kjem tilbake til godset.
Når Darlington får ein ny eigar må han prøve å finne ut korleis han skal tene denne best mogeleg og det set han på nye prøver.

Som sagt Selskapet var begeistra og kunne ikkje finne dei svake punkta i romanen. Høgdepunkt var det nok av som tildømes når Stevens vert overtala til å klatre opp på ein ås og skue utover det vakre engelske landskapet. Dette synet blei med han gjennom heile reisa og opna opp for andre refleksjonar.

Selskapet hadde gjennom samtalen om boka mange sidespor som til dømes: å lære ting grundig (gå på husmorskule), ein runde om klasseskilje og det litt fåfengde i ønske om "å vere til lags".

Med dette møtet ønska vi oss sjølv god jul og vel møtt 25. januar 2018.

torsdag 9. november 2017

Desembermøte

Sjølv om det nærmar seg jul med raske steg skal Selskapet samle seg torsdag 14. desember kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug.
Vi skal ta føre oss nobelprisvinnaren Kazuo Ishiguro si bok Resten av dagen. Denne boka fekk Man Booker prisen i 1989 og det er laga film av henne.
Det er berre å gle seg til å lese og samtale om denne romanen. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med Strilabiblioteket på Frekahug eller i Knarvik. Velkommen!