onsdag 9. mai 2018

Kjærleiken trass alt...

Teatersjefen frå Hordaland teater Solrun Toft Iversen var på besøk på Strilabiblioteket, Frekhaug for å presentere skodespelet Andvake som har premiere under Festspela i Bergen 2018. Toft Iversen er utdanna dramaturg og glødande oppteken av Jon Fosse og arbeida hans. Andvake er eit skodespel sett saman av dei tre bøkene Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Selskapet hadde naturlegvis lagt møtet sitt til denne kvelden og vi fekk ein interessant gjennomgang av bøkene og noko av intensjonen bak oppsettinga.
I Fosse sine skodespel og i bøkene hans er det den indre handlinga som er det vikitgaste. Replikkane er trivielle og ofte gjentakande.
Vi møter Alida og Asle i Andvake, dei er 17 år og leitar etter eit husvere i Bjørgvin. Toft Iversesn gjorde oss merksame på at denne sekvensen har element frå innleiinga til Lukas evangeliet (Luk 2:4-6). dei er på utsida av samfunnet, dei har mista foreldra sine og må klare seg sjølv. Asle drepe fleire personar og ein kan spørje seg om det finnest situasjonar som er lyft over moral?
 I Olavs draumar møter vi Olav/Asle og Åsta/Alida som har flytta frå Bjørgvin og tatt andre namn grunna handlingane til Asle. Han vil reise til byen for å kjøpe ringar til dei, men Alida kjenner ei frykt i seg - dette kjem ikkje til å gå bra. Heile denne delen er som ein draum, ei tilstand mellom å vere vaken og sove. Største delen i handlinga går føre seg i hovudet til Asle. det er ikkje ei forteljerstemme her, men ho flytter seg frå person til person og hending til hending. Gjennom alt som hender er det viktigaste kjærleiken til Alida, det er ho som får han til å sveve.
Det er Ales som fortel i den siste boka Kveldsvævd. Her får vi ei ny stemme, dottera til Alida som ho får med Åsleik. Alida er daud for mange år sidan, men ho går att på kjøkenet.  Vi møter Ales i den siste delen av hennar liv, ho fortel om livet til Alida etter at Asle vart hengd og Åsleik tok ho til seg, først som taus og så som kone. Ales lengtar etter kjærleiken frå mora, men ho er ikkje tilgjengeleg for andre enn Asle og til sist går ho på havet for å vere med han.
Det er ei stor og mektig forteljing som har mange dimensjonar i teksten og i forståinga av det som seiest og ikkje minst det som ikkje vert sagt.

Selskapet vart litt sett ut av denne talestraumen, slik at det vart ikkje nokon samtale i etterkant, men for dei som skal sjå teateroppsettinga var det ei god innføring. Dei som ikkje hadde lese boka gjekk heim med dei beste intensjonane om å gjere det.

Illustrasjonen over er lånt frå Hordaland teater og laga av  Heidi Fjell og Torkil Sandsund.