fredag 12. juni 2015

"Man trenger ikke gå over bekken etter vann, når man kan vanne i bekkenet"

Kva er det du hugsar når det er ei stund sia du leste boka? Eller når det du leste ikkje hang på greip? Då er det godt å ha eit Selskap som saman prøver å kome fram til kva var det no dette handla om. I Ali Smith si bok På stedet mil vert vi i første kapittelet møtt av ein mann på ergometersykkel og ein gut som hjelper han med å ta av klistrelappane på armar, bein og auge. Kven er dette? Det fann vi aldri ut av. Neste kapittel. Anna Hardie får ein e-post av fru Lee som har Miles, ein tidlegare venn av Anna, som middagsgjest. Uheldigvis har Miles gått inn på gjesterommet, låst døra og nektar å kome ut og ho ber Anna kome å overtale han til å forlate huset. Anna hugser nesten ikkje Miles, men etterkvart får vi vite meir om korleis dei møtte kvarandre og korleis Miles tok ho med inn i fellesskapet. Etter dette treff vi på Mark som sørgjer over vennen sin som gjekk bort, men som treff Miles og tek han med i middagsselskapet til familien Lee. I dette selskapet er og Brooke ei jente på ni - ti år og professor foreldra hennar. Brooke er ei ganske usedvanleg jente og ho og Miles finn tonen.
Han sender henne til May, ei eldre dement dame som ligg på sjukehus. May si dotter og Miles kjende kvarandre, dottera døyde og Miles dukka opp i heimen til May kvart år på hennar dødsdag. Brooke sender lappar til Miles når han har stengt seg inne. Ho skriv ned alle observasjonar ho gjer og ho fortel han om alt oppstyret som er utanfor huset. Ja, for utanfor vindauget der Miles er, har det samla seg ein mengd nysgjerrige menneske og fru Lee har fått laga buttons og nøkkelhankar som ho sel til dei som står der. Midt i denne gode handelen oppdagar fru Lee at døra til gjesterommet er ope og Miles har gått ut! Ho får alle dei impliserte til å lova at dei ikkje skal røpe dette for nokon slik at ho kan halde fram med salet. - det gjer dei!

Selskapet undra seg over kvifor Miles i det heile gjekk inn på rommet, kva ville han der? Finne seg sjølv? Er verkeleg ei dør frå 1700-talet så verdfull at ho ikkje kan brytast opp? - og kva med middagsselskapet? Kven ville invitere ukjende menneske på middag i heimen og ha ein så hissig samtale/diskusjon?
I omtalane vi hadde lese stod det at dette var ein humoristisk forteljing. Nokre i Selskapet syntes det, medan andre hadde store problemer med å finne noko å le av i det heile. Miles er framstilla som ein vennleg person, men kanskje ikkje så viktig i liva til dei som snakkar om han i boka. Han er ein biperson, men samstundes ein som er ein katalysator i deira liv.
Høgdepunktet i boka var middagsselskapet, syntes vi og den filmatiske oppbygginga. Svakheitene var alle detaljane, det vart ganske langtekkeleg. Når det er sagt, er nok denne boka ei av dei vi vil hugse og kanskje nokre vil lese ho ein gong til, for vi oppdaga alle nokre nye sider ved historia.

(overskrifta er eit sistat frå May som snakker med seg sjølv i "sitt eget hodes begrensning")

tirsdag 9. juni 2015

Tida renn....

Selskapet hadde møte den 26. mars og snakka om Sandslottet i Aleppo, men skrivaren skulka møtet og referatet rann vekk i ...?
Men Selskapet gjev ikkje opp og går laus på ei ny bok som vi skal samsnakkast om torsdag den 11. juni kl.19.00 på Lindås bibliotek.
Boka denne gongen (siste før ferien) er Ali Smith: På stedet mil.
Velkomne til samtale dei som vil!