fredag 27. mars 2009

Hundehode - tragedie eller komedie?

Dei ihuga lesarane i Selskapet hadde samling 19. mars på Lindås folkeboksamling. Denne gongen hadde alle starta på boka, dei fleste hadde lese ho ferdig og var sprekkeferdige etter å fortelje om si lesing av denne boka med utrulege historier, fargerike personar og eit innfløkt persongalleri. Ei i gruppa måtte til slutt sette seg ned og lage eit familietre for å halde orden på alle saman. For når eit barn blir kalla Flappøre og fetteren Eplehode og når dei litt lengjer ut i forteljinga får tilbake sine verkelege namn, ja då skal lesaren holde tunga rett i munnen!
Romanen startar i Bergen med Askild sitt mareritt frå krigens dagar, hundane som spring etter han over pløgde marker ein stad i Aust-Tyskland. Dette marerittet ligg som ein mørk skugge bak forteljinga om Askild som elskar Bjørk og som tener pengar på smugling og anna lureri. Askild blir teken av tyskarane når han prøver å selgja deira eige tømmer til dei. Han blir sendt til Tyskland til ein konsentrasjonsleir og prøver å komme derifrå, men det går svært gale og kameraten som rømmer saman med han vert skoten. Askild kjem tilbake til Bergen, men er merka av krigen og klarer ikkje å arbeide. Han får arbeid for han er jo "ein krigshelt", men han er gripen av kunsten og særleg kubismen og det går ikkje særleg godt i hop når han skal teikne båtar til skipsindustrien. Byggeleiaren skjønar ikkje dei kubistiske båtteikningene han produserer og når Askild søkjer trøyst i flaska vert det fleire oppbrot og flytting til nye stader.
Familien flytter etterkvart til Danmark, men tenkjer stadig på å flytte tilbake til Bergen - særleg Bjørk som heilt til siste slutt tenkjer på korleis livet hadde vore om ho hadde gifta seg med lækjaren Thor. Det er Asger sonen til Flappøre eller Nils som han eigentleg heiter, som er forteljaren. Asger er kunstnar, han har reist vekk for å komme laus frå familien for å skape seg sitt eige liv, men når Bjørk ligg og skal døy kjem han attende for å nøste opp alle trådane frå generasjonane før han.
Vi undra oss over korleis barna heilt og fullt eksisterte på foreldra sine premissar. Dei vart ikkje sett på som eigne individ, men som noko som skulle tilpassast foreldra eller dei vaksne sine forventningar. Vi minte kvarandre på underlege historier og vi lo godt då ein sa: "Korleis gjekk det eigentleg med gravferda til Askild? Vart oska hans strødd på fjorden?"
Kvifor ler vi av slike historier? Kvifor får vi lyst til å sitte og minne kvarandre om rare og rørande episodar? Denne forfattaren klarer å skape gjenkjenning, han forstørrar hendinga slik at ho på eit vis vert vanvittig, men samstundes veit vi at, jo dette kan ha skjedd.
Det tok si tid, dette møtet, men du og du så kjekt det var!