-Det vart no
for mykje om hestar, dette her! Slik fell første kommentaren då
litteraturgruppa var samla for å diskutere «Przewalskis hest» av Maja Lunde.
Boka, som var ei av dei nominerte til «P2-lytternes romanpis» 2020, er den tredje
i det som skal bli ein kvartett med tema som handsamar samfunnsutviklinga i
ljos av miljøkrisa.
I boka er tre forteljingar og tre epokar fletta inn i kvarandre. Den eine forteljinga er lagt til 1882 og vi følgjer den russiske Mikael som blir med på ein ekspedisjon til Monogolia for å fange urhestar til dyrehagen han arbeider i. I den andre fortellinga frå 1992 møter vi tyske Karin som vier livet sitt til å tilbakeføre urhesten til Mongolia, og endeleg i det dystre framtidsscenarioet frå 2064 møter vi Eva og tenåringsdottera som bur i ein tidlegare naturpark på austlandet. Samfunnsstrukturane har kollapsa. Alt rasar saman rundt dei, og alle vert potensielle fiendar. Eva kjempar til siste slutt for å redde dei få villhestane om er att i naturparken.

Og då er vi tilbake til hestane og til samtalen om
dei denne kvelden. Hestane er eit ledetema gjennom dei tre forteljingane, men
for nokre i gruppa verka dette grepet som noko påklistra, ein lim som ikkje
heilt fungerte. Biene sin betyding i matproduksjonen er viktig, vatn er ein
føresetnad for liv, men at nokre urhestar skal bli så styrande for liva til
menneske som lever på randen til eksistens verka lite truverdig. Det vart stilt
spørsmål om hestane som gjennomgangstema var nok til å binde forteljingane
saman til ein roman, og vi landa ikkje heilt det spørsmålet. Vi var samde om at forfattaren formidlar betydinga
av å ta vare på mangfaldet i naturen og dei som har lese dei Bienes historie og
Blå kjende att både tekniske grep med dei parallelle historiene og figurer som
går att i fleire av bøkene. Men dette er kan hende like interessante bøker når
det gjeld menneskelege relasjonar som dei er innspel i miljødebatten. Dei
menneskelege skildringane er både såre og nære og gruppa kunne godt tenkje seg
ei bok der ein del av dei elementa som Lunde puttar inn, vart skrella bort, og
at nokre av relasjonane vart meir utdjupa. Utviklingshistoria til Mikael er
gripande, dei ambivalente kjenslene
Karin har for sonen som ho gong på gong prøver å redde frå stoffmisbruk og
undergang, men som ho samstundes ikkje klarer å formidle kjærleik til når han
treng det som mest, er hjarteskjerande, Eva si sterke dragning mot å bli
verande på garden men som skjønar at ho må gje opp garden for å gje
tenåringsdottera det livet ho treng, er eit av dei få ljosglimta i ein elles
dystopisk roman. Sjølv om ein og annan hadde kjempa seg gjennom boka, var det
skildringar som dette som gjorde at dei fleste fann boka lesverdig, sjølv om
framtidsvisjonen vart for dyster og pessimistisk.
Referert av Marit