onsdag 10. januar 2024

Første møte i 2024

AVLYST PGA KRAFITG SNØVÆR. NYTT MØTE 13. FEBRUAR!

Nytt år og nye møte for å snakke om kjekke bøker!

Vi startar 2024 med å lese Virginia Woolf: Mrs Dalloway.

Mrs Dalloway er ein av dei meste kjende romanane til Virginia Woolf og er skriven som ein slags film som zoomar ut og inn på personane "kameraet" har foran seg. Kva fekk vi ut av den? Den som kjem får vite...

Vi treffast tysdag 16. januar kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug.

Hjarteleg velkommen!

onsdag 3. januar 2024

Lett, lettgløymd


 Det var sjølvsagt altfor seint å ha møte i Selskapet rett før jul, men det møtte likevel opp nokre av dei faste deltakarane og alle hadde lese, ledd og mora seg over Gudrun Skretting si debutbok som forfattar av vaksen litteratur. Jau, det var morosamt å lese om Vilma og hennar ustøe gange i det sosiale livet, møte med presten Ivar, obduksjonsteknikkaren Robert, den døde faren og den utruleg sjarmerande Amdi. Samstundes var det ei smak av tragedie over Vilma sitt tronge liv, hennar manglande evne til å opne seg for andre menneske og hennar særlege evne til å mistolke situasjonar. No var selskapet meir i stemning til å le av alle dei merkelege hendingane Vilma kjem i, men det var og noko av det uforløyste i romanen, evna til å halde oppe både det morosame og det alvorlege. 

Vi møter altså Vilma som bur i eit hus i Oslo. Ein morgon ringer presten Ivar og obduksjonsteknikaren Robert på døra med bodskapen om at far hennar er død. No er det slik at Vilma ikkje visste at ho hadde ein far, ho har alltid levd med mora og grandtante Ruth og ikkje skjenka ein far mange tankar. Saman med den døde kroppen har presten funne mange brev som var stila til Vilma. Ho tek breva og les eit om gongen som ein slags adventskalender. Her vert det avslørt at Fredrik Mozart Sandvik skulle gifte seg med mor til Vilma, men ho reiser frå han då ho får vite at ho har ein livstruande sjukdom. Ho får Vilma, men døyr i ei ulukke når Vilma er fire år. Grandtante Ruth vil ikkje fortelle faren om Vilma og heldt difor både han og Vilma utanfor denne kunnskapen. Ruth døyr og Vilma lever åleine i huset. Når ho får kjennskap til faren og kjærleiken mellom han og mora kjenner ho på ei sterk sorg, men då er det godt å ha nokre venner som trengjer seg på. 

Selskapet mora seg over boka, men vi var og samde om at dette var ei lett og lettgløymd bok. Kanskje bra det i ei travel førjulstid der vi ikkje har tid til eit djupdykk i analyser og veldige kjensler.