fredag 29. juni 2012

Kva skal vi lese i sommar?

Selskapet tar sommarferie fram til september og innan den tida har kanskje alle fått lest boka Tjenestepiken som forsvant av Tarquin Hall. Dette er ei bok om detektiven Vish Puri som løyser både mordgåter, forsvinningar og sjekkar opp bakgrunnen til unge menn som vil gifte seg inn i dei beste familiane i India. Vil du ha ein smak av India i sommar, så er dette ei flott bok. Neste møte er 6. september på Meland bibliotek og tida er som vanleg kl.19.00. Ta kontakt med Lindås eller Meland bibliotek om du vil vere med i Nordhordland Litterære Selskap.

onsdag 27. juni 2012

Ei bok vi vil hugse

Ja, det var konklusjonen på samtalen Selskapet hadde omkring boka Livlegens besøk av Per Olov Enquist. Før vi kom så langt hadde vi ei fin stund med å ta for oss denne forunderlege historia om legen Johan Friedrich Struensee. Han som starta som fri-tenkjande lege og endte på skafottet etter fire år som ein vesentleg maktfaktor i det dansk-norske kongeriket. Dette var tida då Christian den sjuende vart konge, då han var 17 år vart han gift med kusina Caroline Mathilde og dei fekk ein gut Frederik som seinare vart kong Frederik VI. Kong Christian var sjukeleg, spinkel og periodevis sinnsjuk. Han vart oppdratt på ein slik måte at Selskapet følte ei sterk medkjensle med den stakkars kongen. Heldigvis kom den gode læraren Reverdil inn i bilete og i han fekk Christian ein ven, men det varte ikkje så lenge for dette var ei tid med konspirasjonar og alliansar for alle dei som sjølv ville ha makt. Christian var svært opptatt av dei nye tenkjarane og då han ville reise i Europa vart legen Struensee med. Dei møtte mellom anna Voltaire og andre i kretsen rundt han. Kongen og legen fekk god kontakt og Struensee blei med tilbake til København når reisa var over. Christian vart meir og meir dratt inn i si eiga verd, han trudde at han var eit forbytta barn og han fekk raserianfall som skremde alle på slottet. Struensee såg til kongen og sidan han hadde stor tiltru til han fekk han stadig meir makt. Til slutt var det Struensee som hadde den reelle makta i Danmark. Dronning Caroline Mathilde og Struensee fekk eit nært forhold, ja dei vart elskarar og dronninga fekk ei jente med Struensee. Kongen tok rett nok på seg farskapen, men spekulasjonane gjekk høgt både på slottet og i byen. Struensee ønskte og arbeidde for ei rekke reformer, men tida var ikkje på hans side og sterke krefter førte til at han vart fengsla og avretta.
Struensee står fram som ein fredeleg mann og Selskapet spurde seg om det var mogeleg å innføre og gjennomføre så store endringar berre ved å skrive ut "forordningar"? Er det slik at utan struktur slepp vi laus dei primitive kreftene?
I eit av kapitla er Christian og Struensee ute for å treffe folket. Struensee får sjå ein gut som vert torturert, men grip ikkje inn, han følgjer i staden kongen som har fått nok av det folkelege og vil heim. Denne episoden vert han stadig konfrontert med, redsla for lidinga. Struensee høyrde eit eventyr "Mannen uten frykt" og dette sit i han heile livet og set på mange måtar grenser for han.
Selskapet vart samde om at det var nok Caroline Mathilde som var hjernen bak mykje av det Struensee gjorde, men fekk ho noko ære? Vi spurde oss og om kor mykje av denne romanen er dikting og kor mykje er fakta? Boka er jo skriven nesten som ei fagbok, men det er ein roman - dette måtte vi stadig minne oss på. Ei fin lesaroppleving var ho og det var fleire som kunne tenkje seg å lese meir av Enquist.