onsdag 12. februar 2020

Møte i mars

Boka som skal samle oss til neste møte i Selskapet er Maia Lunde sin roman Przewalskis hest. Det er den tredje boka om historie, notid, framtid og miljø. Den første boka med dette temaet var Bienes historie, den andre heiter Blå og Przewalskis hest er den tredje. Du treng ikkje å ha lese dei første bøkene for å ha glede av den tredje boka, men om du treng lesestoff er ikkje Bienes historie og Blå eit dårleg val.
Selskapet møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 5. mars kl.19.00
Om du har lyst til å vere med, ta kontakt med biblioteket.
Velkommen!

mandag 10. februar 2020

Å ta nattoget - kan det forteljast betre?

Selskapet var samla til første møtet etter nyåret og gruppeleiaren nytta høvet til å leggje seg i ei langflat orsaking for å ha føreslått å lese Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna. Nokre tok i mot orsakinga med stor velvilje, medan andre ikkje skjøna kva ho snakka om, for dette hadde vore ein fryd å lesa frå byrjinga til slutt. Ja, slik var stemninga - delt omlag i to. Den eine delen hadde slite seg igjennom boka, medan den andre hadde mora seg, grene og gremma seg over Ask Burlefot og alle hans gjerningar.
Ask veks opp med far som er trikkeførar, mor som er heimeverande og broren Balder som er mange år yngre og som beundrar storebroren noko veldig. Ask er høg - vadefugl aktig - han er sjenert, han er narsissistisk og han vil at alt skal vere vakkert og opphøgd. Han oppdagar tilfeldig at faren musikalsk, ein musikalitet faren gøymer og ikkje lar kome fram i nokon samanheng. Ask derimot får seg ein fiolin og speler mykje på den. Han komponerer og han ynkar seg når amatørar speler piano. Han ser på mora som ein ”bussybody” utan smak og som ein etterapar av tilfeldige trendar. Faren ser han på som ein streng innelukka mann. Broren Balder, tenkjer han på han? Ikkje før det er altfor seint. Ask får tilbod frå rektor Rex om ein stilling som styrar på ein handelsskule nordpå. Vel, tilbod og tilbod, han blir vel nærmast beordra og Ask grip sjansen til å komme vekk frå heimbyen og foreldra. Han får losji i romma til bestyraren og kost hos familien Zebedeussen som har seksten døtrer. Han blir kjent med Gunnhild og innleier eit forhold til henne. Gunnhild er vulgær etter Ask si meining, men Ask er mest oppteken av sex og seg sjølv og held ut med Gunnhild. Det viser seg at Gunnhild har hatt mange menn og går under namnet Nattstjernen. Den sjukmelde styraren råder han forsiktig til å avslutte forholdet, men for Ask er dette lettare sagt enn gjort. Gunnhild er gravid og Ask skal prøve å ordne ein abort for ho, dette mislukkast og Gunnhild meiner dei bør gifte seg. Ask vaklar, utset og tida går. Det nærmar seg eksamen for handelsskuleelevane, konvolutten med oppgåvene kjem og sanneleg er ein av konvoluttane dårlig limt igjen. Ask og Jo, hjelpelæraren lirkar ut eit ark og veit plutseleg korleis dei skal førebu elevane til eksamen. Det går strålande med eksamen og Ask får tilbod om å utvide opphaldet og vere styrar på handelsskulen i Ytrepollen. Han takkar ja og kjem seg unna både Gunnhild og familien hennar. Her møter han Siv, ei kvinne som er lita, slank og av eit anna kaliber enn Gunnhild. Når skuleåret er over får han vite at Gunnhild har fått ei dotter, han lover å gifte seg med henne, men stikk av til heimbyen og kjem seg unna nok ein gong. Siv som og vart gravid, reiser til Sørlandet og tek inn på ein heim for einslege mødrer. Hun får ei dotter, men adopterer henne vekk. Ho treffer Ask igjen, men det dei hadde saman er over. 
Selskapet var samde i at Ask var ung og uerfaren, umoden, sjølvoppteken, ja, nærast narsissistisk mann. Han ser på Gunhild som hore og Siv som madonna og for ein som er oppteken av det vakre og opphøgde fell Gunhild sørgjeleg igjennom. Ask vert i løpet av eit år far to to barn, men tekjer han på det? Berre som eit problem. Her tok Selskapet ei lita runde på tida då boka vart skreve og korleis haldningane har endra seg. Barn var ei kvinneoppgåve og det var berre kvinnene som "kom i uløkka". Vi forundra oss og over språket, den særs konservative ordbruken, men og tempo i boka - for her skriv forfattaren mange og lange setningar om korleis ei brødskive skal serverast for å gjere livet til ein sjuk betre. Det er mange gode observasjonar i boka og slike var det godt å bli minna på etterkvart som vi nærma oss høgdepunktet i boka: Reisa med nattoget! Ei reise med nattog har vel aldri korkje før eller seinare vorte levandegjort på ein slik måte. Vi kjende alle igjen kor trongt og vanskeleg det er å buksere seg inn i ei sovevogn. Detaljane med vattenkaraffelen, vasken i hjørnet, stigen, den skrekkelege stigen, dei andre i kupeen og deira lyder. Jau, vi var tilbake og hugsa kor dårleg vi sov om vi i det heile sov, lydane, den svake ristinga, slik var det. 
Kunne vi konkludere? Som ei sa, denne boka går nok inn i vår historie som ei bok vi ikkje gløymer! Ho har nok rett...