fredag 14. september 2018

Oktober og nytt møte i Selskapet

Oktoberboka i Selskapet er den tyske forfattaren Jenny Erpenbeck si bok Går, gikk, har gått. Boka har vore på langlista til Man Booker-prisen og er elles bejubla i ulike bokfora.

Grunna haustferie og andre kollisjonar skal vi samtale om denne romanen ONSDAG 3. oktober kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug

Altså ny dag og noko kortare tid til å lese boka.

Velkommen!

torsdag 13. september 2018

Ho burde stikke føtene i jorda

Ja, slike ord vart det sagt då Selskapet var samla etter ein lang sommarferie. Vi snakka om Madame Bovary, klassikaren skriven av Gustave Flaubert. Det var fleire i selskapet som hadde irritert seg grenselaust over den gode madammen Emma, med sine høgtflygande tanker om kor lukkeleg ho fortente å vere, kor mange kle ho trengte, kor mykje ho fortente å bli elska og bore på hendene.
Vi prøvde etter kvart å bli meir edruelege i omtalen av boka, men det var ikkje lett!
Madame Bovary var gjennombrotsromanen til Gustave Flaubert. Boka vart gjeven ut i 1857 og var sjokkerande lesnad på denne tida.
Boka handlar om Charles Bovary ein ganske tafatt mann som vert overtala av mor si til å studere til lege. Han krekar seg gjennom studietida, han får arbeid som lege i ein liten landsby og mor hans får han gift med ei eldre dame som døyr ikke så lenge etter. På eit sjukebesøk møter Charles dottera til pasienten og han vert straks forelska i denne vedunderlege skapnaden Emma. Charles oppvartar ho og sidan hennar referansepunkt er romatiske romanar og høgtflygande draumar om kjærleik og rikdom ser ho Charles som ein veg ut av livet ho no lever. Dei gifter seg, flytter til huset til Charles. Han heldt fram med sitt arbeid, medan Emma vert sittande heime på stas. Ho forelsker seg i Leon, ein kontorist, men han er sjenert og ho er meir forelska i forelskinga og etter ei stund reiser han til ein større by i nærleiken. Emma blir gravid og føder ei lita dotter. Dottera vert plassert hos ei amme og vi høyrer lite om henne, for Emma viser lite omtanke for den nyfødde dottera si. Emma vert på ny forelska i Rudolphe. Ho går på hemmelege møter, kjøper dyre gåver til elskaren og planlegg å rømme med han. I siste augneblinken trekkjer Rudolphe seg og Emma må halde fram med det innhaldslause livet sitt. Ho vert sjuk, Charles vert fortvila og vil berre vere heime og pleie henne, men rekningar må betalast og andre folk er og sjuke. Etterkvart vert ho betre og Charles tek henne med til teateret der ho på ny treff Leon. Dei begynner igjen å treffe kvar andre. Dei leiger seg inn på eit hotell, kjøper dyr mat og Emma skriver på det eine gjeldsbrevet etter det andre. Leon synest etter ei stund at kjærleiken til Emma vert kvelande og Emma får meir og meir gjeld som må betalast tilbake, til slutt tar ho eit drastisk grep.
Selskapet var samde i at romanen er dramatisk og tragisk. Vi undra oss litt over Flaubert som skriv så "nøytralt" om personane sine, det er liksom inga kjensler for nokon av dei. Vi oppfatta Charles som ein ganske tafatt mann, han var nøgd når Emma var nøgd og let elles tinga skure og gå. Som ei i Selskapet sa: "Vi ventar ikkje at ein mann i 1850 skulle skjøna noko som helst" . Emma reflekterer lite over livet sitt og seg sjølv, ho tenkjer ikkje på at ho kan endre seg og tenkje meir på andre. Romanen var viktig då den kom ut, vi fekk til og med eit nytt omgrep bovarisme.
Emma øydelegg økonomien i familien, ho kjøper ting på avbetaling/ ved gjeldsbrev og prøver på denne måten å kjenne seg lukkeleg, men kjøpt lukke varer veldig kort. Selskapet såg for seg alle TV-program vi har sett om gjeldsslavar og personar som opptrer i Luksusfellen  dette hadde vore noko for Emma!
Har Madame Bovary noko å seie oss idag? Å reflektere over eige liv, kan vere ein god ting å gjere sånn ein gong i blant...