lørdag 10. desember 2022

Møtedagar våren 2023

 Sjølv om vi ikkje har runda nyåret så må vi legge planar!

Møtedagane vert på tysdagar kl.19.00, møteplassen vert annankvar gong Strilabiblioteket, Knarvik avdeling og BUA (andre etasje på Frekhaug gamle brannstasjon)

Møtedatoane vert:

17. januar

28. februar

28. mars - endring!

23. mai 

20. juni

Det er mogeleg at datoar og møteplass vert endra, men slik ser det ut per desember 2022.

Ha ei fin jul og les gode bøker, så kan vi ønskje kvarandre eit godt nytt år når vi treffast i januar!

mandag 14. november 2022

Desembermøte 2022

 

Det vert plass til eit møte til før jula tek oss. Då skal Selskapet lese Tommi Kinnunen sin roman Der fire veier møtes. Dette er den første romanen hans på norsk.

Vi skal møtast tysdag 6. desember kl.19.00 på Strilabiblioteket, Knarvik avdeling.

Om du vil vere med på samtalane og vil lese boka før vi møtast, ta kontakt med biblioteket i Knarvik.

Vel møtt!

fredag 11. november 2022

Kjærlighet = besettelse?

 

Selskapet samla seg i ei sameint begeistring for romanen Rettsstridig forføyning; En roman om kjærlighet av Lena Andersson. Vi kasta oss resolutt inn i samtalen om Ester Nilsson og hennar relasjon til Hugo Rask kunstnaren som ho etterkvart vert bergteken av. Boka har undertittel En roman om kjærlighet , men var dette kjærleik, var ho ikkje heller bergteken av mannen eller kanskje mest av sine eigne kjensler for ideen om mannen? Ester vert beden om å intervjue Hugo Rask. Ho takkar ja til oppdraget og arbeider mykje med dette. Dei møtast og Ester som allereie har levd seg inn i livet og tankane til Hugo Rask vert bergtegen. Ho overtolkar alt han seier og ho let kvar respons frå han prege tankane og dagane hennar. Ho er ei intelligent kvinne, resonerande og innimellom ganske klartsynt. Likevel let ho kjenslene sine herje med henne når det gjeld denne mannen. Ho har venninner som forfattaren omtaler som venninnekoret. Dette grepet minna oss om dei grenske tragediane der koret ber fram råd og varslar. Ei i Selskapet sa at dette var ei  hending som forfattaren sjølv hadde opplevd og det kunne dei andre i Selskapet leva seg inn i, for å skrive så tett og nært om ei slik sår og vanskeleg hending kravde nok eit stort mot. Selskapet syntes at Hugo Rask var ein særs sjølvoppteken person. Han elska å bli dyrka av venene sine og dei han arbeida saman med. Romanen gjev eit interssant bilete av ein relasjon der partane har ulike behov og der den eine er meir oppsøkjande enn den andre. Selskapet fekk det obligatoriske spørsmålet om det var noko i boka dei ikkje likte? Det var det ikkje, alle likte alt! Dette er ein velskriven, intens roman og fleire i Seslakpet hadde allereie funne fleire bøker av forfattaren som skulle lesast.

mandag 26. september 2022

Møte i november 2022

 

Korleis gjer Selskapet bokvalet sitt? Nokre gonger vel vi frå tema eller eit land, andre gonger prisvinnande bøker eller deltakarane kjem med framlegg om kva vi skal lese. Dette siste var tilfellet med boka vi skal lese no. Difor skal vi lese Lena Andersson: Rettsstridig forføyning. Dette er ein roman som ho ga ut i 2013 og som ho fekk Augustprisen for.Lena Andersson er ein interessant forfattar, kanskje du får lyst til å lese fleire av bøkene hennar etter dette???

Vi møtast tysdag 1. november 2022 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug.

Ta kontakt med biblioteket om du har lyst til å vere med på samtalen.

Velkomne alle!

torsdag 22. september 2022

Ei kort men intens forteljing

 

Etter korte fire veker var Selskapet samla igjen, denne gongen for å samsnakke om Det tørre hjertet av Natalia Ginzburg. Nokre syntes boka var tung å lese, nokre fekk ikkje heilt tak i kva som var målet med forteljinga, medan andre var svært begeistra. Kva handla boka om? Vi møter ei namnlaus kvinne som skyt mannen sin Alberto mellom auga i det første kapittelet. Det er ho vi følgjer når ho ser tilbake på livet sitt. Når ho har skutt mannen tek ho på seg sko og kåpe og går ut for å tenkje. Ho går til kafeen, drikk ein kopp kaffe og vandrar gjennom byen. Ho tenkjer på den første tida da ho traff mannen sin. Kor kjekt dei hadde det med lange samtalar, det var berre ho som snakka. Han las dikt for henne, Rilke, dei gjekk på kafe og teater. Ho pynta seg for han og venta på han. Nokre gonger kom han, andre gonger ikkje, men ho sat der og venta. Han fortalde veldig lite om seg sjølv, han ville helst ikkje tenkje så mykje over ting som hadde vore. Han ville i det heile ikkje tenkje så mykje. Han teiknar henne den første tida, det lika ho. Han fortel at han elskar ei kvinne som rett nok er gift, men som han likevel treff. Han vil gjere det slutt, men då ho begynner å grine ombestemmer han seg og frir til henne. Ho vil gjerne vite kva han eigentleg føler for henne, men han seier ingenting om det. Han seier at dei nok skal få eit bra liv likevel. Dei gifter seg, han er heime ei stund, men så reiser han. Ho veit ikkje kor eller kor lenge han vert borte. Ho venter. Etterkvart oppdager ho at han reiser til kvinna han elsker. Han låser seg inne på kontoret sitt når han er heime, dit får ho ikkje gå. Ho vert gravid og dei får ei lita jente. Barnet betyr alt for ho. Ho er temmeleg hjelpeslaus når ho skal stelle og mate barnet, men ho elskar henne. Alberto vil skiljast og ei venninne inviterer henne og barnet med på ei reise. På reisa vert barnet sjuk og døyr etter kort tid. Alberto reiser til ho og ombestemmer seg når det gjeld skilsmissa. Dei reiser heim, dei prøver å få eit barn til, men det blir ikkje noko av. Alberto begynner å reise igjen og ho skyt han.

Det er ei tett historie. Boka er på 120 sider, men det er som eit langt liv likevel. Tida er rundt 1940-talet og miljøet er Italia. Tradisjonen seier at kvinner skal gifte seg og få barn og slik sett vert dette målet for hovudpersonen. Ho har store forventningar til ekteskapet og mannen. Ho tenkjer at dei skal fortsette som før dei gifta seg, men Alberto vil ha kone/hushalderske og vere fri til å treffe elskerinna si. Selskapet fekk lyst til å ruske skikkeleg i begge to. Vi syntes ho reflekterte godt over situasjonen sin, men ho tok ikkje konsekvensen av det ho tenkte. Var ho litt dum? Eller var ho så desperat etter å verte gift? Dette fann vi ikkje ut av, men vi var samde i at Ginzburg skriv godt, språk er flott, knapt og direkte og det var vel verdt å lese boka.

onsdag 31. august 2022

Møte i september

 

Kva skal vi lese i september? Jau, tida er inne for å oppdage Natalia Ginzburg og denne gongen lese Det tørre hjertet. Det er ei kort lita bok, men intens.

Selskapet møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug tysdag 20. september kl.19.00. 

Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket,

Velkomne alle!

torsdag 25. august 2022

Flott bok med treig start

 

Det var slik dei fleste i Selskapet karakteriserte boka Jente , kvinne , annet av Bernadine Evaristo. Dette var boka som var sommarboka i år, men ho var nok ikkje ei heilt enkel bok. Dei som hadde kjempa seg gjennom dei første hundre sidene vart likevel løna med ei forteljing om tolv sterke, svarte kvinner som på kvar sin måte fann sin veg å leve på og ta sin plass i historia. Vi fekk lese om tre ulike kvinner i kvar sin bolk. Dei hadde ei viss tilknyting til kvarandre, men det er fyst i det siste kapittelet at alt heng saman og vi får ein god avslutting med håp.

Det var ikkje enkelt å peike ut historier som stod serskilt fram, men alle hadde merka seg det sterke vennskapet mellom Amma (dramatikaren) og Dominique (organisatoren). Det var eit vennskap som gjorde inntrykk. Vi la og merke til at her var det mange sinte kvinner, men som ei sa: Dei hadde god grunn for dette raseriet. Det var rett og slett ei bok med mykje kvinnekraft og det lika vi alle.

Det var fleire i Selskapet som hadde merka seg at her var det ikkje mykje tegnsetting. Det var og langt i mellom avsnitta så det var ikkje lett for ein stakkar leser å få "landa", puste ut og ta ein pause.  Dette var eit moment som drog ned inntrykket av boka. Det var mykje som gjekk føre seg og fleire i Selskapet "møtte veggen" eit stykke ute i boka og måtte ta ein litt lengre pause. Gjennom desse forteljingane var det ikkje berre den einskilde kvinna som vart presentert, men og heile hennar miljø, det vart mange folk og situasjonar...

Likevel, dette var ein fin lesaroppleving! Ei bok som nokre tenkte å lese omatt etter ei stund...

onsdag 24. august 2022

Møtedagar hausten 2022

 


Selskapet er i gang att og vi skal møtast desse dagane i haust: 

Tysdag 20. september 

Tysdag 1. november

Tysdag 6. desember

Vi samlast på Strilabiblioteket, Frekhaug klokka 19.00 dersom det ikkje kjem melding om noko anna. 

Ta kontakt med biblioteket om du vil vere med!

Hjarteleg velkommen til ein ny lese-haust!

torsdag 14. juli 2022

Nytt møte i august

 

Selskapet opnar haustsesongen med Bernardine Evaristo sin prisvinnande roman Jente, kvinne, annet. Boka vann Bookerprisen i 2019 og har vore nominert til ei rekkje andre prisar. Det er ein mangfaldig roman, så det er berre til å gle seg.

Vi møtast tysdag 23. august klokka 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket!

Velkomne alle!

mandag 13. juni 2022

Språk som frå sagalitteraturen

 

Det er særs sjeldan at alle dei frammøtte i Selskapet var samde om at dette var ei grusom, men fantastisk bok å lese. Har det i det heile teke hendt? Det nesten ikkje mogeleg å hugse, men no har det skjedd! Boka Tvillingenes dagbok er den første i ein trilogi av forfattaren Agota Kristof. Ho flykta frå Ungarn til Sveits og begynte å skrive på fransk som ho måtte lære seg. Boka handlar om to gutar, tvillingar, som mora tek med seg til bestemora slik at dei kan bur hos henne og få mat. Slik ståa er i byen kan mora ikkje fø dei, faren er i fengsel og bestemora er einaste utveg. Gutane vert ikkje godt mottekne, dei må arbeide mykje, maten er heller skrinn og det er mange vonde ord og slag. Gutane har kvarandre, dei ser og observerer mykje. Dei opplever brutale hendingar og vi skjønar at landet er i krig og det er den sterkaste som rår. Gutane bestemmer seg for at dei skal herde seg. Dei skal tåle sult, kulde, hat og godleik, det skal hgerde seg slik at dei kan ta i mot det som skjer. Dei får ei bok og bestemmer seg for å skrive ned alt som skjer, men det dei skriv må vere mogeleg å måle. Om dei synest bestemora er ei heks, kan dei ikkje skrive det, dei må i staden skrive: folk i landsbyen synest at ho er det. Dette er stemmer for bestemora vert omtala som Heksa. I landsbyen bur det ei jente med hareskår, presten har forgrepe seg på henne. Gutane oppsøkjer presten og konfronterer han med dette. Presten forsøkjer å vri seg unna, men gutane heldt fast på sitt og presten går då med på å betale jenta og mor hennar ei viss sum slik at dei kan komme ovanpå igjen. Landsbyen har fleire originalar og dei set sitt preg på livet der. Gutane var eigentleg ikkje onde, men dei vart svekne av dei vaksne og lærte seg å handle ut i frå dette. Dei tok kontroll over sitt eige liv og stolte berre på kvarandre. 

Selskapet vart som sagt hekta. Fleire hadde eller var i gong med å lese bind to og tre og fasinasjonen heldt seg. Faktisk alla sa: boka er forferdeleg, men fasinerande og språket er nok heilt eineståande. Vi var inne på om Kristof skreiv på denne måten av di ho skreiv på eit språk som ikkje var morsmålet hennar. Ho bruker eit knapt ordforråd, men bruker dette på ein heilt utruleg god måte. Det er så presist og vakkert at vi vart minna på sagalitteraturen som har desse korthogde setningane. Forfattaraen gjev oss inntrykk av at det ho skriv er sant, det er som ein rapport men med to gutar i hovudrolla. Selskapet var fornøyd, ei verkeleg god bok!

torsdag 28. april 2022

Siste møte før ferien 2022

 

Det nærmar seg allereie siste møte i Selskapet før vi tar ein lang ferie, men innan ferien kjem den tida skal vi lese den første boka i ein trilogi av Agota Kristof: Tvillingbrødrenes dagbok. Boka kom ut på norsk for første gong i 1987 og seinare har ho kome i ei modenistert utgåve i 2019.

Vi møtast tysdag 7. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket.

Velkomne!

onsdag 27. april 2022

Slekt, kor viktig er det?

 

Dei åtte i Selskapet som møtte for å snakke om romanen "Kinamann" var temmeleg samstemte i at dette var delvis interessant og delvis litt keisam. Temaet i boka er viktig, for kva veit kvite, etnisk norske damer i sin beste alder om kva det vil seie å komme til eit framant land med ei framand kultur og veremåte. 

Boka handlar om Gjermund Brekke, adoptert frå Korea som toåring til bygda Feios i Sogn og Fjordane. Vi møter Gjermund når han er i tjueåra, har skrive tre bøker, er gift og har ein son med Helene. Gjermund har fått namnet frå farfaren sin for han skal bli bonde og overta garden når tida er inne. Han veit at det er dette faren ønskjer, men livet på garden er ikkje noko for han. Foreldra ser raskt at nokon odelsbonde vert han aldri, likevel prøver dei så langt dei kan å møte han og interessene hans. Gjermund fortel om oppveksten som faktisk i liten grad er prega av rasisme, men av mobbing av han og Vergard ( det var mykje verre for Vegard). Når han no skal bli far for andre gong begynner han å tenke på slekt. Han har jo ingen som liknar på han, og adoptivfamilien er ikkje slekt på den måten. Han reiser til Korea i eit forsøk på å finne ut meir om kven han eigentleg er. På flyet møter han ein drosjesjåfør som har ei adoptivdotter frå Korea. Han hjelper Gjermund og gjennom samtalane dei har og dottera sine erfaringer vert Gjermund meir merksam på godene ved livet han lever no. 

Gjermund kjenner seg annleis. Han ser i spegelen og ser at ingen i bygda ser ut som han. Han flytter til Oslo, men kjenner seg framleis annleis og framand. Dette syntes Selskapet var litt rart. Ein ting er Feios med få innbyggjarar, men i Oslo? Vi drøfta om det å vere annleis er ei kjensle nokon og ein kvar kan ha? Det skal ikkje så mykje til... Vi syntes nok at han dreiv det litt langt i å problematisere byrdene ved å vere adoptert og ikkje ha noko slekt, men samstundes: kva veit vi om slikt? Vi syntes at det var lite framdrift i forteljinga og saman med eit lett barnsleg og noko klisjefylt språk, var ikkje dette ei stor lesaroppleving.

Boka kom ut i 2011 og den gode Brynjulv Jung Tjønn har gjort store sprang som forfattar sidan det! Dette til trøyst for dei som vil lese den siste boka han skreiv og som vann P2 Lyttarane sin romanpris for 2021.

torsdag 10. mars 2022

Velgjer du deg april? Nytt møte i Selskapet.

 

I april skal vi samsnakkast om romanen Kinamann av Brynjulf Jung Tjønn. Han vann P2-lyttarane sin romanpris for den siste boka si (Kvar dag skal vi vere så modige). Vi les denne gongen Kinamann som kom ut i 2011 og har identitet, rasisme, arv og miljø som tema. 

Vi møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug tysdag 19. april kl.19.00 

Har du  lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket.


Velkomne!

onsdag 9. mars 2022

Ein mann utan moralsk kompass eller eit offer?

 

Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde er ein klassikar og Selskapet er samd i at å lese ein klassikar er ein god ting. Spørsmålet vert då, er denne romanen framleis akuell, har han noko å seie for vår samtid. Dette starta vi med då Selskapet igjen var samla. Alle var ikkje overtydde om at denne romanen hadde dei kvalitetane som trengtest for å vere aktuell i 2022. Likevel etterkvart som samtalen skrei fram vart det tydeleg at her var det noko å hente som kunne sette søkjelyset også på utfordringar i dag, mellom anna i sosiale media. Romanen handlar om den vakre Dorian Gray som vert ven med målaren Basil Hallward og Lord Henry Wotton. Basil målar eit portrett av Dorian og påverka av Lord Henry ønskjer han at han alltid skal vere vakker og at bilete skal verte prega av alder. Han får bilete av Basil og etterkvart som han utforskar livet og alt det kan by på av freistingar og umoral vert bilete merka av korleis han vert grådig og omsynslaus.  Mange vert tiltrekt av Dorian og han dreg dei med seg i eit liv utan moralske grenser. Mennesker døyr, vert kasta ut av "det gode selskapet" og vert avhengige av opium og anna, men Dorian har berre tanke for seg sjølv og det som tilfredstiller han. 

Denne romanen er ei skattkiste av sitat og ordspel som vi kjenner att. Det var fleire  Selskapet som hadde lyst til å strekke under i lånebøkene (men slikt gjer vi jo ikkje). Boka viser kor viktig fasade vert sett på, mellom anna slik vi tek oss ut på sosiale media i vår tid. Vi var innom at nokon, og i vår dags aktuelle tid, meiner at dei kan heve seg over reglane i samfunnet utan å verte kritisert for det. Vi får eit bilete av eit dekadent liv og korleis ein skandale kan øydelegge eit liv ikkje berre for den det gjeld, men og for ein heil familie. Det er fleire hendingar som driv forteljinga framover, men vi stuste veldig over kapittel 11 der alle skattane til Dorian vert rekna opp, kva meinte herr Wilde med det? Kanskje han ville vise kva Dorian brukte tida si på? Vi syntes nok at dette var den svakaste delen av romanen, men det var rikeleg av andre sider vi kunne drøfte. Kva gjer denne boka til ein klassikar? Vi fann nokre svar: dei gode formuleringane, det universelle, vi les vår eigen tid inn i romanen. Ei bok verd å bruke litt tid på meinte Selskapet til slutt.

onsdag 9. februar 2022

Møte i mars 2022

 

Fram til neste møte i Selskapet skal vi lese Oscar Wilde sin einaste roman Bildet av Dorian Gray. Det var ei bok som vekte oppsikt i si tid (1891) og som vi framleis kan lære noko av, kanskje?

Vel møtt til møte tysdag 8. mars 2022 kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med og snakke om denne boka? Ta kontakt med biblioteket!

Velkomne alle!

tirsdag 8. februar 2022

Ekkoland - alt slår tilbake

 

Selskapet opna 2022 med ei lita gruppe deltakarar som alle var særs nøgde med bokvalet denne gongen. Per Petterson debuterte som romanforfattar med Ekkoland. Vi møter for første gong, i romanform,  Arvid denne tafatte, hjelpelause, sinte guten. Arvid skal vi møte i fleire av Per Petterson sine bøker, men det første møtet gjev eit godt bilete av kven Arvid er og kvifor han gjer som han gjer i dei andre bøkene. Det var fleire som fekk ein aha oppleving då dette kom fram. 

Arvid og familien reiser til Danmark på ferie til mora sine foreldre, noko dei gjer kvart år. Arvid liker å vere med morfaren å sjå på at han arbeider i verkstaden. Morfaren derimot venter på at Arvid endeleg skal gjere noko med trestykket han har fått i handa. Arvid er ikkje flink med hendene, han vil helst berre sjå og observere. Stemninga mellom mora og mormora er heller dårleg og vi aner at her er det eit gamalt nag eller ei djupt sårande handling som ligg bak. Det er ikkje så god stemning i det heile i familien, berre Arvid og systera Gry har eit greit forhold. Alt går rimeleg greit til veret snur og det begynner å regne. Det regner i fleire veker og frustrasjonen stig. Til sist kjøper faren ei gammal rønne av ei hytte og familien flyttar ut av besteforeldra sin vesle leiligheit. Hytta gjev dei eit lite pusterom, men her skjer det og ting som utløyser raseri, men og latter. 

Selskapet likte som sagt boka. Petterson skriv lett og med eit munnleg språk. Det er heile tida ei mørk undertone og som nokon sa: Å reise med familien til familien det er å be om vanskar og konfrontasjonar. Familien snakkar ikkje saman og Arvid som berre er tolv/tretten år har små føresetnader for å takle problema som har vore der sidan Gry vart fødd, ja kanskje før den tid og. Petterson gjev eit godt bilete av Danmark og ferielivet slik det kunne vere på denne tida og fleire hadde gode minne å by på. Dei som vil lese meir om Arvid kan starte med novellesamlinga Aske i munnen, sand i skoa. Etter denne følgjer Ekkoland, Jeg forbanner tidens elv og førebles den siste Menn i min situasjon. Det er berre å sette igang!

fredag 28. januar 2022

Møteplan for første halvår 2022


 Selskapet er i gang att og vi har laga møteplan fram til sommaren.

Det har kome ønske om å ha ein annan møtedag og det prøver vi no i dette halvåret. Det vil seie at vi møtast tysdagar, klokka 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug om ikkje anna vert annonsert.

 

Møtedagane vert då:

8. mars

19. april

og 7. juni

Om du vil vere med i Nordhordland Litteære Selskap, så ta kontakt med biblioteket og meld deg på.

Hjarteleg velkomne alle!

tirsdag 4. januar 2022

Første møte i 2022

 

Godt nytt år til alle! Selskapet starter opp att og håper at vi framleis kan treffast i trygg avstand, men på same plassen. Vi skal lese og snakke om Per Petterson si bok: Ekkoland. Det er den første romanen han ga ut. Sidan har han gjeve ut ei mengd flotte romanar som har vorte lesne av mange og fått fleire prisar. Kanskje vi allereie i Ekkoland får sjå teikn til samanheng med bøkene som har kome seinare, den som les får sjå....

Strilabiblioteket skal strøyme ein samtale med Per Petterson onsdag den 19. januar kl.19.00 på Strilabiblioteket Knarvik. NB! Arrangementet er på Knarvik grunna plass og smittesituasjon. Ta kontakt og meld deg på.

Selskapet skal møtast torsdag 27. januar 2022 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug.

Vil du vere med? Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon.

Velkomne!