tirsdag 24. november 2020

Avlyst møte 25.11.20 - Nytt møte 14.01.21!

 


Grunna koronarestriksjonar i Alver kommune er møtet i Selskapet onsdag 25. november avlyst.

Vi skal derimot møtast torsdag 14. januar 2021 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug, får vi tru og då skal vi snakke om både Mørke netter i Barcelona og Burhan Sönmez: Istanbul, Istanbul

Dei som allereie er med i Selskapet vil få melding om når dei kan hente boka. 

Har du ikkje vore med i Selskapet tidlegare og syntes dette ser kjekt ut, ta kontakt med biblioteket.

Velkommen til møte i januar 2021! Ta vare på kvarandre i mellomtida!

tirsdag 3. november 2020

Viktig melding om neste møte!!

 Sprengingsarbeid starter opp i Tjyvdalen i Reisadalen - Nordreisa kommune 

Grunna møtekollisjon må neste møte i Selskapet flyttast ein dag fram!

Møtet vert framleis på Strilabiblioteket, Frekhaug men denne gongen:

Onsdag 25. november kl.19.00

Ver varmt velkomne!

fredag 16. oktober 2020

November - la oss ta ei litterær reise til Spania!

 

På rundreisa Jorda rundt på 12 bøker har vi no kome til Spania. Selskapet skal denne gongen lese ein krim av Alicia Giménez-Bartlett: Mørke netter i Barcelona. Det er ikkje ofte vi les krim og vi kan håpe at ho kan gje oss noko å tenkje på og kanskje le litt av og?

Vi møtast onsdag 25. november kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Vi tek omsyn til Folkehelse Instituttet sine reglar, så vi meiner det skal vere trygt å møtast. 

Har du lyst til å vere med og lese boka, ta kontakt med biblioteket.

Velkomne alle!

mandag 12. oktober 2020

Kjensler og familie - så vanskeleg kan det vere


 På vår ferd jorda rundt på tolv bøker var vi komne til Irland og vi hadde lese Veien ved Boolavaun av Anne Enright. Det skal seiast med ein gong at det er mange "flinke jenter" i Selskapet som, sjølv om dei ikkje likte boka, så hadde dei lese ho. Dei andre som likte boka hadde nok lese ho med meir glede og innleving, men sidan vi alle er ulike og folk likar ulike forteljingar så var det eit særs godt utgangspunkt for å snakke om boka vi hadde føre oss.

Veien ved Boolavaun handlar om familien Madigan, med mora Rosaleen i sentrum og barna hennar Constance, Dan, Emmet og Hanna i hennar næraste sirkel. Contance bur nær mora med mann og to barn. Dan bur i USA/Canada, Emmet i Mali/Dublin og Hanna bur i Dublin med mann og eit barn. Rosaleen gifte seg "under sin stand" med ein mann som skulle elske ho og bere ho på hendene sine. Det gjorde han og så lenge han levde, men han levde ikkje så lenge. Medan han levde synte han nok kjærleik til kona, men endå meir til mor si og garden han dreiv for ho. Barna var ikkje så viktige for han, men for Rosaleen er dei sentrum i hennar liv - det vil seie etter at mannen døde. Var Rosaleen ei oppofrande mor? Slett ikkje ho ville ha all merksemd og vi får sjå korleis dette prega barna når vi møter dei først i 1997 og seinare når dei alle kjem heim i 2005. Vi møter dei alle første gong når Dan har kome heim frå universitetet og seier at han vil bli prest i den katolske kyrkja. Det betyr at det vert ikkje nokre barnebarn frå han si side. Rosaleen brukar ein, for ho og hennar familie, kjend teknikk; ho legg seg i senga! Der ligg ho i veker. "Dette var ikke første gang moren valgte den horisontale løsningen, som Dan brukte å kalle det, men det var den lengste som Hanna kunne huske" (s.17)

Vi møter barna i kvart sitt kapittel og vi treff fire menneske som på kvar sin måte er eit uttrykk for einsemd og lengt etter å bli sett og høyre til. Dan vert ikkje prest men søkjer inn i det homofile miljøet i New York og seinare Canada. Emmet driv hjelpearbeid i Mali, Hanna vil bli skodespelar, men er alkoholikar, Constance ofrar seg for familien sin og ikkje minst for mora. Rosaleen har berre syn for seg sjølv og vert eigentleg ikkje heilt nøgd med merksemda ho får. Det vil seie til den julafta der alle er heime av di ho vil selje barndomsheimen deira. Då tek ho bilen og køyrer vekk i sinne. Dei må ut med leitemannskap for å finne henne. Alle vert skremd, alle erkjenner at det er noko som knyt dei saman og Rosaleen har ein kort periode med takknemlege kjensler for barna sine. 

Selskapet var samde i at dette er ei bok som gjer inntrykk. Om vi lika ho eller ikkje så vil vi hugse denne. For Enright klarer å skildre lengt og einsemd på ein slik måte at det gjev inntrykk. Vi får lyst til å riste i både den eine og den andre og ikkje minst mora som er særs sjølvsentrert. Det svakaste partiet i boka er skildringa av det homofile miljøet i New York, syntest Selskapet. Det er ei truverdig bok og fleire i Selskapet kunne gjere anbefale denne til andre lesarar.

torsdag 10. september 2020

I oktober går reisa til Irland

 

Selskapet er delvis med på Nordhordlandsbiblioteka si reise Jorda rundt på 12 bøker Difor skal vi lese ein roman frå Irland denne gongen. Anne Enright er forfattaren bak romanen Veien til Boolavaun - dette er ein roman om familie og familierealsjonar på godt og vondt. Det er berre å gle seg eller kanskje ikkje?!

Vi møtast torsdag 8. oktober 2020 kl. 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket. 

Vi tek omsyn til FHI sine Covid-19 reglar!

Ta vare på kvarandre, vis omsyn, så sjåast vi i oktober!

Velkomne!

torsdag 3. september 2020

Samtalen om romanen Perla

 

Så var ferien over og Selskapet skulle endeleg samlast igjen, sjølvsagt med god Corona-distanse, spriting og innpakka servering. Denne gongen var vi samla på det nyopna bilioteket i Knarvik og fekk ei omvising før vi sette oss ned for å samtale om romanen Perla. Dei fleste syntest at dette var ei god bok, ei truverdig forteljing om korleis samfunnet var i Argentina og Buenos-Aires på denne tida.

Handlinga i Perla er sett til vår tid, men det er "den skitne krigen" 1978 - 1983 i Argentina som er boka sitt bakgrunnsteppe. Perla veks opp i ein velståande familie, faren er marineoffiser og mora er heime. Det er bare dei tre i familien, men som ei "usynlig" påminning om eit anna liv er eit maleri av tante Monica, søstera til faren som ikkje lenger bur i Argentina. Faren snakkar ikkje om søstera, men bildet hun malte henger i stova og minner heile tida om kven ho var og hennar idear. Perla elskar far sin, sjølv då ho oppdagar at han var på dei styrande si side under den skitne krigen. Mora har ho eit meir distansert forhold til. Perla forelskar seg i Gabriel, ein eldre journalist og gjennom han vert ho konfrontert med tanken om at ho er eit av de mange spedbarna som vart tekne  frå foreldra når dei vart fengsla, torturert og drepne. Hun vert  rasande på Gabriel og stenger seg inne i heimen til foreldra. Ein av de første dagane etter at hun har gått frå Gabriel, kjem det ein ukjend, særs våt mann inn i stova. Han bryter seg ikkje inn, han berre er der heilt plutseleg og han snakkar ikkje, men gjennom blikk og tankar får Perla del i noko som får veldige konsekvensar for henne. 

 

Selskapet meinte at dette var ei bok ein måtte lese i etappar for det er mykje å ta inn når den ukjende mannen kjem inn i forteljinga og begynner å fortelje si historie som er ei forhistorie til Perla sin fødsel og noverande liv. Om ein ikkje tidlegare har lese om "den skitne krigen" så er dette ei interessant historie, men for nokon i Selskapet vart brutaliteten i denne forteljinga i meste laget. Vi samtala om dei ulike partane i familien: Faren som var bunden av tradisjonane om å vere ein tøff og sterk mann. Mora som aldri fekk leve ut draumane sine som kunstnar, men som kvar dag måtta sjå på bilete som den frigjorte søstera hadde måla. Perla sjølv som gjennom venskapen med ei klassevenninne fekk vite noko heilt anna om samfunnet enn det som vart snakka om i heimen og prisen ho måtte betale for dette. Vi kjende vel alle på forfattaren Carolina De Robertis sin vilje i å fortelje ei historie som skulle oppfattast på ein måte. Her skulle det ikkje vere rom for tolking eller eit anna syn. Selskapet syntest at den beste delen av boka var slutten og den svakaste faren sin historie, men om du skal lese ein roman om korleis nokre hadde det i Argentina på den tida, kan dette vere ein god roman. Selskapet fann ut at dette var ei litt vanskeleg bok å snakke om nettopp på grunn av forfattaren sin "styring" av lesinga.

onsdag 19. august 2020

Sommarlesing og neste møte i Selskapet

Det er framleis sommar, Selskapet tek ferie fram til torsdag 27. august 2020. Då skal vi møtast på Strilabiblioteket i det nyopna lokalet i Knarvik senter. Vi møtast til vanleg tid og sidan dette er eit helt nytt lokale får vi ei omvising før vi set oss ned og snakkar om sommarboka : Perla av Carolina De Robertis.
Kvifor har vi vald denne boka? Strilabiblioteket har invitert lånarane sine med på "Jorda rundt på tolv bøker". Prosjektet starta i juni og heldt fram til mai 2021. Dei som er med på dette les ei bok frå eit utvald land eller kontinent kvar månad og får eit lodd for kvar månad - altså vinnarsjanser! Selskapet les dei bøkene som passar inn i vår møterekke, men vi vert som vanleg samde om kva som skal lesast.

Sommarboka er altså Perla av Carolina De Robertis, dei som vil lese boka kan ta kontakt med biblioteket.
Første møte etter ferien vert:
Torsdag 27. august kl 19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik

Ha ein strålande sommar og ta godt vare på kvarandre!

onsdag 17. juni 2020

Pesten, ein roman for vår tid?


Vi har alle vår COVID-19 forteljing og no har også Selskapet det. Førre møtet vart kansellert og det vi fekk ut av den boka var ein samtale mellom forfattaren og ei tilsett på biblioteket på video. No har igjen optimismen meldt seg og vi tok sikte på å møtast for å snakke om Pesten av Albert Camus. Var denne boka eit godt val? Kanskje ikke i utganspunktet, men etterkvart vart kvar og ein av oss dregen inn i historia om korleis pesten breier seg i Oran, ein fiktiv by i Algerie. Camus var sjølv frå Algerie og kjende miljøet godt, men likevel skriv han om byen i slike generelle vendingar at det vert ikkje så eksotisk, men heller gjenkjenneleg.  Det er lekjaren Rieux som er forteljaren og han introduserer oss for journalisten Rambert, rådhusfunnksjonæren Grand, den einsame Tarrous som noterer alt, presten Paneloux og smuglaren Cottard. Boka starter med at Rieux treff vaktmeisteren som kjem med ei mengd daude rotter. Daude rotter kjem fram over alt, det ligg haugar av dei rundt om i byen. Etterkvart begynner og menneska å døy, det er ikkje så mange i starten, men talet aukar. Styresmaktene vil helst ikkje høyre om dette, men til slutt tvinger det seg fram ei stenging av byen. Ingen får komme inn og ingen får reise ut. Dette skaper rom for oppfinnsame folk som smuglar både folk og varer ut og inn i byen. Journalisten Rambert vil ut av byen og heim til kona. Han tek kontakt med Cottard som hjelper han med å finne dei rette folka, men det er mange ting som skal klaffe og alt tek tid. I mellomtida begynner han å hjelpe Rieux. Han rapporterer om pesten, det er jo dette han kan og når tida for flukten kan skje, har han ombestemt seg og vert istaden verande.  Rieux får og hjelp av Grand, Terrous og presten Paneloux og saman ser dei ei ende på pesten. Den har endra dei, men har den endra samfunnet?

Selskapet var samde i at denne romanen har eit fargerikt persongalleri. Historia i seg sjølv er fæl, med alle desse rottene, menneska som døyr med skrekkeleg smerter og likevel er det ei merkeleg likesæle i samfunnet. Det var fleire som samanlikna denne romanen med tida vi no er i og har vore i nokre månader. Vi kjende oss att i hamstringa av varer som sette inn når avsperringa av byen starta, men vi undra oss over at kafélivet tilsynelatande var det same som før. Dei gjekk til og med i teater og gjekk berre derifrå når ein av skodespelarane døyr på scena. Folk reagerte sjølvsagt ulikt, men det var i grunnen berre legen som heldt på med sitt, dag etter dag.  Vi undra oss over det totale fråveret av kvinner i romanen. Jau, vi har mor til legen,  og kona til den astmasjuke mannen, men elles? – ikkje ei dame i sikte. 
Det var mange høgdepunkt i boka, men det siste avsnittet er vel det som gjorde sterkast inntrykk på alle:
 For da han hørte jubelropene som nådde ham fra byen, husket Rieux at lykken bestandig er truet. Han visste det denne glade menneskemengden var uvitende om, det man kan lese i bøker, nemlig at pestbasille aldri dør, at den kan ligge i dvale i tiår etter tiår i møbler og sengetøy, at den venter tålmodig i soverom, i kjellere , i kofferter, lommetørklær, papiresker, og at, kanskje, kommer det en dag da pesten, til menneskenes ulykke og lærdom, vekker rottene sine og sender dem ut for å dø i en lykkelig by.

mandag 8. juni 2020

Vi skal møtast - og sjølvsagt med smittevern i førarsete.

I april vart møtet i Selskapet avlyst grunna COVID-19 og enno er ikkje samfunnet heilt opna enno. Vi skal likevel ha møte som antyda i førre bloggpost og samtale om Pesten av Albert Camus.
Diverre er det ikkje alle som har fått tak i boka, men dei som har fått ho har kanskje lese ho? Dei som ikkje har fått ho har kanskje lyst til å møtast og høyre kva for bok dette var og lese ho seinare. Dessutan skal vi bestemme kva vi skal lese i sommar og det kan vere god grunn til å møte opp og la si røyst høyre!
Møtet vert halde torsdag 11. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug. Biblioteket er stengt slik at det er berre deltakarane på samtalen som slepp inn. Det vert ikkje servering og stolane er oppstilte etter smittevernreglane.

Velkommen!

onsdag 22. april 2020

Selskapet og COVID-19

Vi skulle hatt møte torsdag 23. april, men på grunn av COVID-19 er det avlyst. På dette møtet skulle vi ha treft forfattar Erlend Kaasa og høyrd han snakke om den siste romanen sin Men ikkje Maria. Dette vert det altså ikkje noko av men,.... Det vert mumla om planar om å lage ei online-samtale med forfattaren og då vert det høve til å stille spørsmål. Det vil seie: de må sende spørsmåla til meg Bente på denne adressa: bentebing@gmail.com og så vert dei samla sendt over til den som skal samtale med forfattaren. Vi vil komme tilbake med dag og tid for denne samtalen. Om de ikkje har konkrete spørsmål til forfattaren vil eg gjerne vite kva de syntes om romanen! Kva var bånn og kva var topp? Trudde de på personane? Vart dei "verkelege" menneske eller ikkje heilt truverdige? Kva med desse mellomkapitla, dei som skilde seg frå hovudforteljinga, korleis fungerte dei for dykk? Forvirrande eller vart dei oppklart til slutt? Skriv nokre setningar til meg så skriv eg litt om dette her på bloggen innan første veka i mai.

Sjølv om vi ikkje får treffast denne gongen lever vi framleis i vona om eit møte i juni, nærare bestemt 11. juni 2020 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug
Til det møtet les vi  Albert Camus: Pesten
Dette er ein klassikar og kanskje fleire har lese denne tidlegare? Gode bøker kan lesast fleire gonger og dette er ei av dei. Pesten kom ut for første gong i 1947 og på norsk i 1949,  ho har kome ut i ulike utgåver gjennom åra og siste gong no i 2020. Kanskje du gjennom denne boka får lyst til å lese fleire romanar av Albert Camus? Han var ein forfattar som skreiv nokre viktige romanar som kan vere interessante å lese igjen sett i lys av vår tid. Ta kontakt med biblioteket for å få låne boka om de vil lese ho på papir. Sidan fjernlånet ikkje fungerer for tida, må vi sirkulere dei eksemplara som er tilgjengeleg, men dette skal gå fint for boka er ikkje på så mange sider og ho er lett å lese. Boka finnest og som e-bok.

Kanskje vi sjåast i juni? I mellom tida: Ta vare på deg sjølv!

mandag 23. mars 2020

Dyster og pesimistisk


-Det  vart no for mykje om hestar, dette her! Slik fell første kommentaren då litteraturgruppa var samla for å diskutere «Przewalskis hest» av Maja Lunde. Boka, som var ei av dei nominerte til «P2-lytternes romanpis» 2020, er den tredje i det som skal bli ein kvartett med tema som handsamar samfunnsutviklinga i ljos av miljøkrisa.

I boka er tre forteljingar og tre epokar fletta inn i kvarandre.  Den eine forteljinga er lagt til 1882 og vi følgjer den russiske Mikael som  blir med på ein ekspedisjon til Monogolia for å fange urhestar til dyrehagen han arbeider i. I den andre fortellinga frå 1992 møter vi tyske Karin som vier livet sitt til å tilbakeføre urhesten til Mongolia, og endeleg i  det dystre framtidsscenarioet frå 2064 møter vi Eva og tenåringsdottera som bur i ein tidlegare naturpark på austlandet. Samfunnsstrukturane har kollapsa. Alt rasar saman rundt dei, og alle vert potensielle fiendar. Eva kjempar til siste slutt for å redde dei få villhestane om er att i naturparken.
Og då er vi tilbake til hestane og til samtalen om dei denne kvelden. Hestane er eit ledetema gjennom dei tre forteljingane, men for nokre i gruppa verka dette grepet som noko påklistra, ein lim som ikkje heilt fungerte. Biene sin betyding i matproduksjonen er viktig, vatn er ein føresetnad for liv, men at nokre urhestar skal bli så styrande for liva til menneske som lever på randen til eksistens verka lite truverdig. Det vart stilt spørsmål om hestane som gjennomgangstema var nok til å binde forteljingane saman til ein roman, og vi landa ikkje heilt det spørsmålet.  Vi var samde om at forfattaren formidlar betydinga av å ta vare på mangfaldet i naturen og dei som har lese dei Bienes historie og Blå kjende att både tekniske grep med dei parallelle historiene og figurer som går att i fleire av bøkene. Men dette er kan hende like interessante bøker når det gjeld menneskelege relasjonar som dei er innspel i miljødebatten. Dei menneskelege skildringane er både såre og nære og gruppa kunne godt tenkje seg ei bok der ein del av dei elementa som Lunde puttar inn, vart skrella bort, og at nokre av relasjonane vart meir utdjupa. Utviklingshistoria til Mikael er gripande,  dei ambivalente kjenslene Karin har for sonen som ho gong på gong prøver å redde frå stoffmisbruk og undergang, men som ho samstundes ikkje klarer å formidle kjærleik til når han treng det som mest, er hjarteskjerande, Eva si sterke dragning mot å bli verande på garden men som skjønar at ho må gje opp garden for å gje tenåringsdottera det livet ho treng, er eit av dei få ljosglimta i ein elles dystopisk roman. Sjølv om ein og annan hadde kjempa seg gjennom boka, var det skildringar som dette som gjorde at dei fleste fann boka lesverdig, sjølv om framtidsvisjonen vart for dyster og pessimistisk.
Referert av Marit

onsdag 12. februar 2020

Møte i mars

Boka som skal samle oss til neste møte i Selskapet er Maia Lunde sin roman Przewalskis hest. Det er den tredje boka om historie, notid, framtid og miljø. Den første boka med dette temaet var Bienes historie, den andre heiter Blå og Przewalskis hest er den tredje. Du treng ikkje å ha lese dei første bøkene for å ha glede av den tredje boka, men om du treng lesestoff er ikkje Bienes historie og Blå eit dårleg val.
Selskapet møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 5. mars kl.19.00
Om du har lyst til å vere med, ta kontakt med biblioteket.
Velkommen!

mandag 10. februar 2020

Å ta nattoget - kan det forteljast betre?

Selskapet var samla til første møtet etter nyåret og gruppeleiaren nytta høvet til å leggje seg i ei langflat orsaking for å ha føreslått å lese Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna. Nokre tok i mot orsakinga med stor velvilje, medan andre ikkje skjøna kva ho snakka om, for dette hadde vore ein fryd å lesa frå byrjinga til slutt. Ja, slik var stemninga - delt omlag i to. Den eine delen hadde slite seg igjennom boka, medan den andre hadde mora seg, grene og gremma seg over Ask Burlefot og alle hans gjerningar.
Ask veks opp med far som er trikkeførar, mor som er heimeverande og broren Balder som er mange år yngre og som beundrar storebroren noko veldig. Ask er høg - vadefugl aktig - han er sjenert, han er narsissistisk og han vil at alt skal vere vakkert og opphøgd. Han oppdagar tilfeldig at faren musikalsk, ein musikalitet faren gøymer og ikkje lar kome fram i nokon samanheng. Ask derimot får seg ein fiolin og speler mykje på den. Han komponerer og han ynkar seg når amatørar speler piano. Han ser på mora som ein ”bussybody” utan smak og som ein etterapar av tilfeldige trendar. Faren ser han på som ein streng innelukka mann. Broren Balder, tenkjer han på han? Ikkje før det er altfor seint. Ask får tilbod frå rektor Rex om ein stilling som styrar på ein handelsskule nordpå. Vel, tilbod og tilbod, han blir vel nærmast beordra og Ask grip sjansen til å komme vekk frå heimbyen og foreldra. Han får losji i romma til bestyraren og kost hos familien Zebedeussen som har seksten døtrer. Han blir kjent med Gunnhild og innleier eit forhold til henne. Gunnhild er vulgær etter Ask si meining, men Ask er mest oppteken av sex og seg sjølv og held ut med Gunnhild. Det viser seg at Gunnhild har hatt mange menn og går under namnet Nattstjernen. Den sjukmelde styraren råder han forsiktig til å avslutte forholdet, men for Ask er dette lettare sagt enn gjort. Gunnhild er gravid og Ask skal prøve å ordne ein abort for ho, dette mislukkast og Gunnhild meiner dei bør gifte seg. Ask vaklar, utset og tida går. Det nærmar seg eksamen for handelsskuleelevane, konvolutten med oppgåvene kjem og sanneleg er ein av konvoluttane dårlig limt igjen. Ask og Jo, hjelpelæraren lirkar ut eit ark og veit plutseleg korleis dei skal førebu elevane til eksamen. Det går strålande med eksamen og Ask får tilbod om å utvide opphaldet og vere styrar på handelsskulen i Ytrepollen. Han takkar ja og kjem seg unna både Gunnhild og familien hennar. Her møter han Siv, ei kvinne som er lita, slank og av eit anna kaliber enn Gunnhild. Når skuleåret er over får han vite at Gunnhild har fått ei dotter, han lover å gifte seg med henne, men stikk av til heimbyen og kjem seg unna nok ein gong. Siv som og vart gravid, reiser til Sørlandet og tek inn på ein heim for einslege mødrer. Hun får ei dotter, men adopterer henne vekk. Ho treffer Ask igjen, men det dei hadde saman er over. 
Selskapet var samde i at Ask var ung og uerfaren, umoden, sjølvoppteken, ja, nærast narsissistisk mann. Han ser på Gunhild som hore og Siv som madonna og for ein som er oppteken av det vakre og opphøgde fell Gunhild sørgjeleg igjennom. Ask vert i løpet av eit år far to to barn, men tekjer han på det? Berre som eit problem. Her tok Selskapet ei lita runde på tida då boka vart skreve og korleis haldningane har endra seg. Barn var ei kvinneoppgåve og det var berre kvinnene som "kom i uløkka". Vi forundra oss og over språket, den særs konservative ordbruken, men og tempo i boka - for her skriv forfattaren mange og lange setningar om korleis ei brødskive skal serverast for å gjere livet til ein sjuk betre. Det er mange gode observasjonar i boka og slike var det godt å bli minna på etterkvart som vi nærma oss høgdepunktet i boka: Reisa med nattoget! Ei reise med nattog har vel aldri korkje før eller seinare vorte levandegjort på ein slik måte. Vi kjende alle igjen kor trongt og vanskeleg det er å buksere seg inn i ei sovevogn. Detaljane med vattenkaraffelen, vasken i hjørnet, stigen, den skrekkelege stigen, dei andre i kupeen og deira lyder. Jau, vi var tilbake og hugsa kor dårleg vi sov om vi i det heile sov, lydane, den svake ristinga, slik var det. 
Kunne vi konkludere? Som ei sa, denne boka går nok inn i vår historie som ei bok vi ikkje gløymer! Ho har nok rett...


 

torsdag 16. januar 2020

Januar 2020, det er Agnar Mykle denne gong

Selskapet har lagt jula og nyårsfeiringa bak seg og skal igjen samlast for å snakke om kjekke bøker eller kanskje irriterande og provoserande bøker. Kva det blir denne gongen er ikkje godt å seie for no skal vi snakke om Agnar Mykle: Lasso rundt fru Luna .
Kanskje nokon har lese boka tidlegare?  Vi vil tru at eit gjenmøte med Ask Burlefot både kan vere utfordrande og oppfriskande. Dei som møter opp og tek del i samtalen kan få leggje ut om sine inntrykk.
Velkomne til Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 30. januar kl.19.00

tirsdag 14. januar 2020

2020 er her og nye møte ligg foran oss

Nytt år og nye møte i Nordhordland Litterære Selskap!
I det første halvåret skal vi møtast følgjande dagar:
Torsdag 30. januar
Torsdag 5. mars
Torsdag 23. april, denne gongen på Rossland avdeling. Denne dagen er og Verdas bokdag!
Torsdag 11. juni

Så er det sommarferie!

Alle møta finner stad på Strilabiblioteket, Frekhaug, kl.19.00, men med unnataket den 23. april.
Biblioteket låner inn bøkene vi skal lese, så langt det er mogeleg. Kva vi skal lese til neste gong vert avtala når vi møtast. Det kan bli endringar på desse ddatoane, så følgj med!
Velkomne til første møte 30. januar !