fredag 24. september 2021

Vi liker tøffe damer!

 

Det var ein oppglødd gjeng som samla seg for å snakke om Cecilie Enger si bok: Himmelstormeren. Dette var ei bok som alle likte og alle syntes dei hadde noko å lære av. Det var fleire i Selskapet som ikkje hadde høyrt om Ellisif Wessel tidlegare. Ho var kvinna som kom frå ein velståande og velutdanna familie, men som gifta seg med fetteren sin og vart kona til distriktslegen i Kirkenes. Ho har ein draum om ein stor familie, men barna døyr før dei vert fødd, med unnatak av ein son som berre lever nokre månader. I staden kjenner ho på trongen til å ha ei livsoppgåve og ikkje berre sitte på stas. Ho får eit fotografiapparat av ei venninne og ho tek dette med seg når ho er på legebesøk med mannen. Ho dokumenterer forholda som samane lever under og slik  folk flest har det. Ho vert radikalisert når ho ser korleis storsamfunnet i Sør-Noreg omtalar og behandlar folk i Finnmark. Det er stor naud i fylket, men får dei hjelp? Nei, Stortinget seier at om dei får hjelp vil dei ikkje orke å dra ut på fiske. Ellisif samlar inn mat og klede og deler ut, men det er ikkje slik ho vil at eit samfunn skal fungere. Ho skriv artiklar i aviser for å gjere merksam på forholda, men ho er krass og får mykje motstand. Når gruveselskapet Sør-Varanger vert starta ser ho at det er naudsynt med ei fagforreining og ho er med å starte Norden klippe. Ho lærer seg russisk og tysk for å kunne oversette skrifter slik at folket kunne lese og få ny kunnskap. Ho får støtte av mannen Andreas og han tek ho i forsvar når det trengs, men han er ein mann av si tid og heldt på med sitt.

Selskapet var temmeleg imponert over denne dama og kva ho fekk til. Vi tenkte nok at ho var i krassaste laget når ho uttala seg, men ho hadde ein bodskap om rettferd som var viktig å få fram og då var det kanskje rett? Ellisif Wessel hadde evne til å halde ut og stå på sitt uansett og det var viktig og er framleis viktig i ei tid der rettane til arbeidarane er under press. Cecilie Enger har gjort eit stort arbeid i å finne fram til og bruke historia til Ellisif Wessel. Det er ein roman som må gå med på biografien sine premissar og det gjer at den personelege historia i nokre tilfelle må komme i bakgrunnen for den politiske historia. Likevel meinte Selsakpet at dette hadde Enger klart på ei utmerka måte. Ei bok vi verkeleg likte!