torsdag 10. mars 2022

Velgjer du deg april? Nytt møte i Selskapet.

 

I april skal vi samsnakkast om romanen Kinamann av Brynjulf Jung Tjønn. Han vann P2-lyttarane sin romanpris for den siste boka si (Kvar dag skal vi vere så modige). Vi les denne gongen Kinamann som kom ut i 2011 og har identitet, rasisme, arv og miljø som tema. 

Vi møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug tysdag 19. april kl.19.00 

Har du  lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket.


Velkomne!

onsdag 9. mars 2022

Ein mann utan moralsk kompass eller eit offer?

 

Bildet av Dorian Gray av Oscar Wilde er ein klassikar og Selskapet er samd i at å lese ein klassikar er ein god ting. Spørsmålet vert då, er denne romanen framleis akuell, har han noko å seie for vår samtid. Dette starta vi med då Selskapet igjen var samla. Alle var ikkje overtydde om at denne romanen hadde dei kvalitetane som trengtest for å vere aktuell i 2022. Likevel etterkvart som samtalen skrei fram vart det tydeleg at her var det noko å hente som kunne sette søkjelyset også på utfordringar i dag, mellom anna i sosiale media. Romanen handlar om den vakre Dorian Gray som vert ven med målaren Basil Hallward og Lord Henry Wotton. Basil målar eit portrett av Dorian og påverka av Lord Henry ønskjer han at han alltid skal vere vakker og at bilete skal verte prega av alder. Han får bilete av Basil og etterkvart som han utforskar livet og alt det kan by på av freistingar og umoral vert bilete merka av korleis han vert grådig og omsynslaus.  Mange vert tiltrekt av Dorian og han dreg dei med seg i eit liv utan moralske grenser. Mennesker døyr, vert kasta ut av "det gode selskapet" og vert avhengige av opium og anna, men Dorian har berre tanke for seg sjølv og det som tilfredstiller han. 

Denne romanen er ei skattkiste av sitat og ordspel som vi kjenner att. Det var fleire  Selskapet som hadde lyst til å strekke under i lånebøkene (men slikt gjer vi jo ikkje). Boka viser kor viktig fasade vert sett på, mellom anna slik vi tek oss ut på sosiale media i vår tid. Vi var innom at nokon, og i vår dags aktuelle tid, meiner at dei kan heve seg over reglane i samfunnet utan å verte kritisert for det. Vi får eit bilete av eit dekadent liv og korleis ein skandale kan øydelegge eit liv ikkje berre for den det gjeld, men og for ein heil familie. Det er fleire hendingar som driv forteljinga framover, men vi stuste veldig over kapittel 11 der alle skattane til Dorian vert rekna opp, kva meinte herr Wilde med det? Kanskje han ville vise kva Dorian brukte tida si på? Vi syntes nok at dette var den svakaste delen av romanen, men det var rikeleg av andre sider vi kunne drøfte. Kva gjer denne boka til ein klassikar? Vi fann nokre svar: dei gode formuleringane, det universelle, vi les vår eigen tid inn i romanen. Ei bok verd å bruke litt tid på meinte Selskapet til slutt.