onsdag 21. februar 2024

To romanar -eitt møte, slik vert det når veret herjar

 Grunna snøvêret som regjerte i januar vart samtalen om januarboka «Mrs. Dalloway» av Virginia Woolf utsett til februarmøtet. Det var nok litt lang avstand mellom lest bok og samtale, men med ein god litterær gjeng får ein det til.
Boka «Mrs. Dalloway» vert rekna som ein av Virginia Woolfs best kjende romanar og tek for seg ein dag i Clarissa Dalloway sitt liv etter den første verdskrigen. Clarissa tenkjer etter korleis livet kunne ha vore, om ho kunne hatt noko meir enn det overfladiske livet ho har.
Boka har eit tidsspenn på ein dag og har fleire ulike historier der karakterane kjem med «flashback» til tidlegare dagar. Desse ulike historiene gjer at boka kan vera litt tung å komma gjennom med mange ulike karakterar. Det er mange menneske å forhalda seg til, men dei blir mot slutten alle kopla saman.
Det er stundom lange setningar som er litt uforståelege kva dei har med handlinga å gjera. Karakterane har nokre flyktige tankar i historiene. Men i motsetning til Jon Fosses tekstar er Virginia Woolf flink å setja punktum og sortera i avsnitt.
Boka gir eit godt bilete av dåtida. Selskapet konkluderte med at romanen kan vera noko krevjande å lesa, men når ein først får tak på ho er den verd å lesa.
"Der dei finst fuglar" av Maren Uthaug
«Der det finst fuglar» er sett på 1920-talet og fram til etterkrigstida. Historia er spennande bygd opp, sett i eit fyrtårn der fire karakterar bur åleine i vintermånadene. Me blir kjende med dei som bur der og tre av dei fortel si historie og korleis kvardagen ser ut i deira perspektiv. 
Det vart sagt at denne boka er ein «saftig bok». Ei beskriving ikkje selskapet følar er heilt passande. Historia i boka har eit mørkt og tungt innhald, der fleire løyndommar blir avdekte. Men dramaet ligg i det skjulte.
Fleire i selskapet var litt skeptisk til det mørke innhaldet, men dei blei imponert over den fasinerande historia er. Selskapet synest Maren Uthaug har ein spennande måte å skriva på.
Romanen skal til dels vera bygd på historiske hendingar. Boka er lesverdig med eit lett språk og ho er lett å lesa. Selskapet kunne gjerne tenkt seg og lest meir av Maren Uthaug.

Skrivaren denne gongen er Victoria Moldekleiv sidan den vanlege skrivaren satt verfast austafor.