torsdag 20. september 2012

Kva om vi las ein debutant?

Det er ikkje til å komme ifrå at fleire i Selskapet arbeider på bibliotek og slik sett har desse bruk for å lese variert og halde seg oppdatert på nye forfattarar. Dei bibliotektilsette klarte å få resten av deltakarane med på å lese ein debutant, så på neste møte 25. oktober kl. 19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik skal vi lese: Skulpturen av Åshild Thune. Åshild Thune debuterte i 2011, så boka har hatt eit år på seg til å komme ut av hyllene, men har ho det? - og om ho ikkje har det, kva er grunnen? Dette skal vi snakke om i oktober. Vil du vere med, så ta kontakt med biblioteka i Lindås eller Meland så finn vi eit eksemplar til deg. Vel møtt!

onsdag 19. september 2012

Vish Puri - den indiske Hercule Poirot

Etter ein lang sommarferie var dei frammøtte i Selskapet glade for å vere i gang att. Tjenestepiken som forsvant av Tarquin Hall var perfekt sommarlesing og fleire såg fram til neste bok om den noko pompøse Vish Puri. Boka handlar om detektiven Vish Puri som liknar svært på Hercule Poirot, han bur og arbeider i Dehli og i boka får vi høyre om nokre av sakene hans. Vi får høyre om medhjelparane Nattkrem, Håndbrekk, Lysrør og Dossen og ikkje minst sekretæren som heldt orden på avtalane hans Elizabeth Rani. Boka gir eit ganske kritisk blikk på India og det indiske samfunnet, med korrupsjon og eit kastesystem som set skarpe skille mellom folk. Men det er og ei hylling til den indiske maten, familien og kulturen. Vi kjenner nesten lukt og smak når vi les om maten, for Vish Puri er ein særs matglad type! Forfattaren har budd og arbeidd i India i mange år, så det er nok eit truverdig bilete vi får av samfunnet.Sakene Vish Puri arbeider med er mellom anna å sjekke bakgrunnen til unge menn som vil gifte seg inn i viktige familiar. Dei som har sett TV-programmet "En sikh i India" vil kanskje hugse at det er vanleg med slike detektivbyrå i India. Vish Puri oppklarer og saka om tenestejenta som forsvann, men det var meir som skjulte seg i denne forsvinninga enn ein skulle tru i første omgang.
Selskapet snakka mellom anna om mora til Vish Puri som dreiv si eiga etterforsking, det var ei dame med driv i! Det som gjer boka til ei kjekk lesaroppleving er humoren! Plottet er forsvakt til at den fungerer som krim, men alle dei som elskar Damenes detektivbyrå nr. 1, vil og ha ei herleg stund med denne boka. Egnar den seg som lesesirkelbok? Ikkje så veldig, for det er ikkje så mykje å gripe fatt i. Alle likte boka og som sagt til ferielesing/avslapping/koselesing var ho perfekt.