onsdag 17. november 2010

2011 - nytt år, nytt tema!

Selskapet legg no Island bak seg, førebels! Det er store planar om å reise til Island i august, sjå Reykjavik, naturen og kikke på alle desse kjellarleilegheitene som vi har lese om både titt og ofte. Den som følgjer med vil få meir informasjon etterkvart!
Men kva med lesinga i 2011? Ei i Selskapet reklamerte veldig for å lese svensk litteratur, men responsen var heller lunken. Så var det ei som hadde kome på kva med å lese nobelprisforfattarar? Det var meir interesse for dette, så resultatet blei: Vi startar på 1960-talet og vel ei av bøkene innanfor dette tiåret. Neste møte vel ei bok innanfor 1970-talet osb til vi kjem til slutten av året og vi ventar i spaning på kven som får prisen i 2011!
Til den 20. januar 2011 les vi John Steinbeck: Vredens druer . Nokre har kanskje lese boka, men dette er ei bok som gjerne kan lesast ein gong til - og dei som ikkje rekk å lese kan sjå filmen! Møtet er på Meland bibliotek kl.19.00 - velkommen!

fredag 12. november 2010

Hjertets sted - kor er det?

Selskapet samla seg på Lindås bibliotek, denne mørke november kvelden. Hjertets sted av Steinunn Sigurdardottir var boka vi skulle lese. Den hadde fått nokre til å lengte til Island, nokre til å nesten gje opp lesinga og nokre hadde ikkje starta i det heile. Dei som levde seg inn i forteljinga om Harpa, Edda, Heidur og dei mange menneska dei trefte på ferda frå Reykjavik til den austlege delen av Island, framheva landskapet og det poetiske språket. Dei som heldt på å gje opp, snakka oppøst om gjentakingar og " var det verkeleg naudsynt med fire hundre sider for å komme seg frå Reykjavik og austafor?" Dei som ikkje hadde fått starta sat med store auge og måtte få eit kort samandrag av historia om Harpa som skal redde dottera Edda frå dårleg selskap, fyll og narkotika. Saman med venninna Heidur køyrer dei tre tvers over Island for å kome lengt vekk frå Gerti Høne og anna selskap som høver dårleg for jenter midt i tenåra. Undervegs får vi høyre om Harpa sin lengt etter å finne ut om far hennar er hennar biologiske far (for ho liknar ikkje på han i det heile!), om planane om å skrive, om vennskapen med Heidur og om det kompliserte forholdet ho har til dottera Edda.
Det var nokre spesielle personar vi møtte i denne boka. Harpa nesten utan sjølvtillit i ei konstant samtale med den daude mor si, Heidur den verdskjente fløytisten og med ein kjærast som tykte litt for vel om Harpa, den rasande Edda som veksla mellom storm og stille utan særskilde førevarslar. - også desse slektningane til Harpa som vi stadig møtte på og som var meir eller mindre gåtefulle...
Ei i selskapet sa det slik: "Eg blei så glad i småtte-tausa Edda, ho minte meg slik om ei" - og slik er det med fleire av dei vi har lese om i år, vi kjem liksom ikkje heilt laus - enno. Slik som til dømes Bjartur i "Sin egen herre" - vi lever nok ei stund til med han i tankane.