Selskapet har allereie laga planer for våren 2024.
16.1.24 AVLYST; Vi snakkar om boka på møtet i februar
Første bok ut er Virginia Woolf: Mrs Dalloway. Dette er ein klassikar, ein roman som sette Virginia Woolf på det litterære kartet og som er skreven som ein tankestraum - stream of conciousness. Vi snakkar om denne romanen tysdag 16. januar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, avdeling Frekhaug
Neste bok er Maren Uthaug: Der det finst fuglar Denne romanen var Uthaug sin første roman for vaksne. Vi møtast tysdag den 13. februar 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik avdeling
Boka vi les i mars er Eduoard Louis: En kvinnes frigjøring vi har lese ein roman av denne forfattaren tidlegare, men vi trur at En kvinnes frigjøring også kan vere ei fin bok å lese. Vi møtast tysdag 19. mars 2024 kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug.
I mai les vi Jodi Picoult: Det store i det lille og vi møtast tysdag 21. mai kl.19.00 på Alver bibliotek, Frekhaug
Siste møtet før sommaren vert tysdag 18. juni kl.19.00 på Alver bibliotek, Knarvik. Då les vi Vibecke Groth: Ensom er den som ikke er nummer en for noen.
Har du lyst å vere med i Nordhordland Litterære Selskap? Ta kontakt med eit av biblioteka i kommunen og få meir informasjon.
Varmt velkommen!