fredag 10. juni 2011

Det finnest grenser for kva eit sinn kan tåle!

Skrivaren i Selskapet har strevd med denne meldinga frå samtalen for vi var både oppslukte av historia og ikkje heilt sikre på om vi hadde fått med oss alt. Eg har difor surfa litt rundt versveven for å hente inn litt meir informasjon.
Utgangspunktet for boka var ei historie Toni Morrison kom over: Ei forteljing om ei kvinneleg slave som hadde hadde rømt. Då ho vart fanga drap ho sine eigne barn for at dei skulle sleppe å leve som slavar. Aktivistar i rørsla mot slaveri hjalp ho slik at ho ikkje vart drepen, men måtte sitte i fengsel. Denne historia skulle ha hendt i 1855.
Romanen er sett i Ohio 1873 og startar med Sethe og dottera Denver bur i eit hus heimsøkt av spøkelse og daude menneske. Sethe prøver å komme seg på beina att etter å ha vore i fengsel for å ha drepe barna sine. Ho får besøk av Paul D og i samtalen mellom dei får vi litt etter litt høyre historia til Sethe. Ein dag står ei ung kvinne utanfor huset, det er Elskede, dottera som Sethe drepte for 18 år sidan. No vil ho bli elska og vere saman med mor si. Men dette spøkelse er grenselaust og driv Paul D vekk og prøver å suge all kraft ut av Sethe. Det er tilslutt Denver som grip inn og får samfunnet rundt med seg, og slik gje mor si ein heilt ny start.
Dei frammøte i Selskapet var alle sterkt fanga inn av språk og poetiske bilete i romanen Elskede av Toni Morrison. Det er ei sterk og rå historie om Sethe og barna hennar, slaveriet, utnyttinga og fornedringa av menneske, både kvinne og mann. Når Sethe heller vil drepe barna sine enn å la dei vende tilbake til slaveriet, er dette ei handling som viser ein slik desperasjon som ingen av oss kan skjøna. Det er skildringane av korleis slavane vart behandla som får oss til å forstå kjenslene som oppstår av raseri og maktesløyse og vi blir rivne med. Det var fleire som måtte lese første kapittel ein ekstra gong for dette er ei bok vi sikkert kunne lese fleire gongar og framleis ikkje heilt forstå.