
Gullfisken
er skriven av nobelrpisvinnaren Jean-Marie Gustave LeClézio. Romanen startar i Marocco og handlar om ei jente
på seks år som blir kidnappa frå gata der ho bur. Ho hugsar ikkje anna enn at
ho vert putta i ein mørk sekk og fjerna frå heim og familie. Ho vert seld til
ei eldre, streng dame ved namn Lalla Asma. Ho lærer seg å arbeide i huset,
gjere innkjøp og vaske, men Lalla Asma lærer henne og å lese og skrive. Dette
er til stor hjelp for henne seinare. Lalla døyr og svigerdottera Zohra ”arver”
Laila. Her må ho arbeide, får ikkje gå ut og sonen til Lalla prøver å utnytte
ho seksuelt. Laila rømmer og finn ein heim hos Madame Jamila og ”prisessene”.
Laila får eit nært forhold til fleire av jentene til Madame. Zohra har sendt
politiet etter Laila, ho vert oppdaga og sendt tilbake til henne og huset der
Madame og prinsessene budde vert stengt. Laila rømmer igjen og treff att ei av
prinsessene Houria, dei bestemmer seg for å reise til Paris og samler saman
mykje pengar for å betale dei som kan få dei over til Spania og vidare. Dei
kjem til Paris og Laila er fasinert av byen, men oppdagar at det er mange folk
der og som vil ha noko av henne. Ho vert kjend med mange, men ho klarer ikkje å
knyte seg til nokon. Ho møter Hakim og bestefar hans frå Senegal. Hakim hjelper
henne med å førebu seg til eksamen og bestefaren fortel henne om barnebarnet
sitt som døyde og om den vakre og mektige elva Senegal. Når bestefaren døyr får
Laila eit brev frå Hakim med passet til barnebarnet og Laila har plutseleg eit
papir og eit namn som fortel noko om henne. Laila er heile tida på farten, ho
klarer ikkje slå seg til ro og sjølv om ho får vener som er viktige for henne,
er ikkje det nok.
Selskapet
meinte at boka hadde eit nydeleg språk, det var verkeleg ei glede å lese henne.
Ei av deltakrane fekk assosiasjonar til ”Sinbad Sjøfararen”. Hovudpersonen var
stadig på reise, etablerer seg, bryt opp, reiser vidare. Det var tøft å lese om
kidnappinga og alle personane med sterk seksualdrift som vart trekte mot Laila
og som ho må verne seg mot. Det var blant dei fattigaste av dei fattige ho vart
teken vare på, dei andre utnytta henne. Ho måtte vere sterk som ikkje gjekk til
grunne! Ho møtte folk undervegs som ville hjelpe, men ho fann inga ro. Kanskje
var det di for ho vende tilbake til fødestaden for å søkje opphavet og gjennom
det finne tryggleik? Det vart ein del diskusjon rundt dette: Kvifor reiste ho
tilbake?
Laila
var tydelegvis ei vakker jente. Har tittelen noko med dette å gjere? Laila var
synleg overalt, ho var på utstilling og kunne ikkje gøyme seg, og alle ville ha
ein del av ho. Eller kan hende har titelen noko å gjere med at handlingsrommet
til Laila var så lite?
Selskapet meinte at den første delen var den beste, men at det vart litt
mykje opptatt taking i andre delen. Når det er sagt var det mange høgdepunkt i
romanen, så da kan den sikkert lesast av fleire…-->