torsdag 29. november 2018

Gjenkjenning i det eksotiske

Selskapet var samla til det som var siste møte før desember og jula tek oss. Vi hadde lese Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilgrimsår av Haruki Murakami. Det var fleire som tidlegare hadde lese andre bøker av Murakami og dei var ganske delte i begeistringa for eller motstanden mot bøkene hans. Mottakinga av Fargeløse Tsukuru var på same måten, nokre veldig begeistra, medan andre ikke likte boka i det heile.
Boka handlar om Tsukuru og dei fire vennene hans. Dei er skulekammerater og gjer alt mogeleg saman. Når dei er ferdige på vidaregåande, reiser Tsukuru til Tokyo for å studere, medan dei andre er tilbake på heimstaden og tar utdanninga si der. Tsukuru gler seg alltid til å kome heim og treffe vennene sine, men ein dag han er heime på besøk får han vite at dei ikkje vil ha noko å gjere med han lenger. Han prøver å ringe dei, men ingen vil snakke med han og svarar unvikande når han spør. Til slutt er det ein av dei som seier: Det veit du vel sjølv. Tsukuru skjøner ingenting, han vert djupt deprimert og reiser attende til Tokyo. Han heldt på å døy av svolt, men når han er heilt nær stupet er det likevel livsmotet som får han til å snu og så smått begynne å leve igjen. Det går seksten år, han er utdanna arkitekt med jernbanestasjonar som sitt spesialfelt. Han møter Sara og begynner å gå ut med henne. Ho oppdager at han har ei sorg i seg som stenger for å få verkeleg djupe relasjonar til andre. Han fortel henne historia om dei fire vennene og ho oppmuntrar han til å ta kontakt med dei igjen for å oppklare kva som eigentleg lå bak denne avvisinga. Tsukuru legg ut på denne reisa.
Selskapet var samde i at sjølv om Japan ligg langt unna oss, så kunne vi kjenne oss att i kjensla av å bli utestengd, einsemda og at nokon veit noko om oss som dei ikkje vil si. Dei fire vennene var kanskje ikkje så godt kjende likevel, av di dei snakka om ting som hende og ikkje så mykje om kjenslene sine. Tsukuru snakkar om seg sjølv som eit tomt kar, ein som må fyllast av andre. Namna til vennene tyder fargar Raud, Blå, Kvit og Svart, medan Tsukuru sitt namn tyder Han som lager. Han viser stor viljestyrke når han gjennomfører studiane sine, trass denne knekken han får og kanskje veks han på dette? Når han gjennom reisa treff att vennene sine, ser han at dei har fortrengd mykje og ikkje har vore ærlege korkje med han eller seg sjølve. Vi snakka om Tsukuru og familien hans, dei var velståande, faren hadde store draumar for han, men Tsukuru gjekk ein annan veg enn faren hadde tenkt og kontakten vart ikkje den same før faren døyr. Han har lite kontakt med resten av familien sin, slik at vennene vart familie - og da er det lettare å tenke seg kor grusomt ei avvising kunne opplevast.
Tsukuru gjer so Sara rådar han og dreg ut på reise for å treffe vennene sin og stille dei vanskelege spørsmåla. Vi synest han var modig, men kanskje er det slik at distanse ikkje betyr noko når ein verkeleg vil ha svar?
Endra vi syn på romanen av Murakami? Trur ikkje det, men vi likte å snakke om Tsukuru. Det er framleis ting vi ikkje skjønar og hendingar vi gjerne skulle vite meir om, kanskje ddet dukkar opp noko når vi får tenkt litt meir på boka?