fredag 29. april 2016

Møte i mai 2016

På neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal vi snakke om den siste boka til Liv Køltzow: Melding til alle reisende. Dette er ei bok ho har fått mykje skryt for og no er det vår tur til å undersøkje om vi synest det same. Møtet vert på Strilabiblioteket i Knarvik den 26. mai kl.19.00. Har du lyst til å lese og delta på møtet? Ta kontakt med Strilabiblioteket på Frekhaug eller i Knarvik. God lesing og vel møtt!

Strilabiblioteket er Lindås bibliotek og Meland bibliotek i samarbeid.

torsdag 28. april 2016

Dei fråverande fedrane

Denne gongen hadde Selskapet lese ei boka alle var begeistra over. Det er ofte eit fåresignal, det vert lite å snakke om, men ikkje denne gongen! Lev vel, alle roman av Hilde Kvalvåg engasjerte gjennom sin problematisering av mor-son forhold og dei fråverande fedrane. Boka handlar om mora Gunhild og sonen på seksten Knut som reiser til Canada for å oppsøkje stadene oldefaren har vore. Oldefaren reiste frå kone og seks barn og kom aldri tilbake. Knut har droppa ut av skulen etter ein valdsepisode og Gunhild slit med ettervirkningane av ein abort. Turen til Canada blir ikkje slik dei hadde tenkt seg, Knut er innelukka i sitt og mora masar som besatt om alt. Han oppsøkjer gatene, finn ein hund og eigaren hans og bruker mykje penger på å gje mat til hunden. Hunden bit Knut, han som før han, men slik er det med Knut og han "bit" mor si og sårar henne på mange måter. Dei har leigd ein bubil og campar, ein stad treff dei ein familie og Knut blir ven med den vesle jenta deira. Knut får god kontakt med barn og dyr, dei krev ikkje noko av han og han viser sine beste sider. Gunhild treff ein mann som ho kjenner seg tiltrukke av, men ho tør ikkje ta det siste steget.
Gunhild foreslår at dei skal reise på ein tur i villmarka før dei reiser til staden dei veit oldefaren budde. Det vert ein dramatisk tur som ender med at Gunhild vert svært sjuk og Knut må få henne på sjukehuset. Ho ber han ringe til Frank som er kontaktpersonen dei skal besøke og han kjem som ein stabiliserande faktor i eit heller turbulent forhold mellom mor og son.

Selskapet hadde mykje å snakke om: Vi syntes at mor og son var to slitsomme personar, dei gjorde få forsøk på å nærme seg kvarandre - mora er krevjande og provoserer fram det verste i sonen. Ho ønskjer å verte bekrefta som mor og at dei skal nærme seg kvarandre, men Knut opplever dette som kvelande. Knut er seksten år, umoden og i villreie. Han vert stempla som voldsmann, men ingen er der for han og hjelper han til å sjå at sjølv om det han gjorde var feil, så finnest det liv og oppreising etter dette.
Frank er ein eldre mann som ser dei to som slit og han bruker kunnskapen frå eit langt liv til å sette handlingane deira i eit anna perspektiv. Han tek med seg Knut til garden sin og let han sjå både staden der oldefaren budde og gjev han oppgåver som han mestrar. Knut veks på dette og anerkjenninga han får av Frank. Mora på si side får kontakt med ein sjukepleiar, gjennom samtalar med henne får hjelp til å sjå både seg sjølv og sonen gjennom andre sine auge - og slik "landar" ho litt.

Selskapet dro fram nedturar og hødgepunkt med denne romanen. Nedturen denne gongen var: kor sannsynleg er det at eit vakse menneske reiser på tur med eit dødt foster i magen? Vi tok dette som eit teikn på at ho flyktar frå røynda, men "lell då gut "? Er ho naiv?
Det var mange høgdepunkt: Eit då Frank og Knut møtes. Eit anna - korleis Knut taklar sjukdommen til mora, tek ansvar og vert ein meir moden gut, klar til å ta eigne val. Selskapet var svært nøgd med denne utviklinga.
Vi hadde ei god stund med denne boka! Ho er lett å lese på grunn av korte kapitler, men lettlesen er ho ikkje for her er det mykje å tenkje vidare på. Vi anbefalar denne, absolutt!