fredag 16. september 2011

Kor mange bøker var dette?

Hauststresset hadde felt fleire av Selskapet sine medlemmar då vi skulle samlast denne gongen, men dei som møtte opp hadde mykje så snakke om! Den gyldne notatbok er ei mangfaldig bok og som ei sa: Det er en bok som krever sin leser. Vi starta med ei oppklaringsrunde: Kor mange notatbøker var det eigentleg? Kven var gift med kven og i kva slags forhold var dei ulike personane til kvarandre - om dei då ikkje var gift?
Anna Wulf er hovudpersonen i boka, ho har skrive ein bestselgjar og lever av pengane frå denne. Ho skriver fire notatbøker som alle har ulik farge og tema. Det svarte notatboka fortel om Anna og vennene hennar når dei er i Afrika. Den raude handlar om når ho melder seg inn i kommunistpartiet og alle vurderingane ho gjer når ho etter ei stund melder seg ut. Den gule notatboka er eit manuskript der ho fortel historia om Ella og hennar intense kjærleiksforhold til Paul. Her diskuterte selskapet livleg om denne forteljinga eigentleg var Anna sin eigen forteljing om hennar forhold til Michael. I den blå notatboka skriv Anna om forholdet til venninna Molly, sonen hennar Tommy, Richard som tidlegare var gift med Molly og Marion som Richard no er gift med.( Er det rart vi trengde litt oppklaring?) Vi kjende oss igjen i dialogen mellom Molly og Anna. Dei er nære venninner, men vi vart slått av kor lojale dei er mot mennene i forteljinga - er det slik kvinner var den gangen og no? Tommy vart vi ikkje heilt kloke på, kvifor prøver han å skyte seg sjølv? Er det eit liv mellom to sterke kvinner og farens krav om å "bli til noko, helst som eg" som gjer at han får nok? Det vi alle syntes var merkeleg var at Anna skriv mykje om Tommy, men hennar eiga dotter Janet er omtrent ikkje nemnd. Ho bekymrar seg ikkje for henne og når ho vil begynne på kostskule, så får ho det sjølv om Anna sjølv ikkje har noko sans for dette valet. Vi spurte oss om Janet som mange unge kvinner i dag, ser på kvinnefrigjering og kvinnekamp som noko som er passert og ikkje gjeld for dei lenger. Vi var og innom kor frigjorte var eigentleg desse kvinnene? Frigjort i forhold til sex, men kva med relasjonane? Og sin eigen forståing av kva som skjer?
Anna skriv sitt liv ut i frå ulike perspektiv, dette gjer boka til ein mangfaldig lesaroppleving og det gjer rom for mange tolkingar av teksten. Vi fann ut at sjølv om vi hadde strevd litt med både Anna og alle bøkene hennar, så var dette ei bok som gav oss mykje å tenkje på - ei god kjensle av å ha lest ei svært bra bok.