fredag 6. september 2013

Og snart skal vi møtast att

Hausten 2013 og våren 2014 skal vi lese vinnarar av Nordisk Råds Litteraturpris. Vi skal i utgangspunktet ikkje lese bøkene som vann, men ein roman av dei utvalde forfattarane. Første mann ut er Kjartan Fløgstad som vann prisen i 1978 for boka Dalen Portland. Boka vi skal lese er Nordaustpassasjen som kom i 2012. Møtet vert på Lindås bibliotek torsdag 17. oktober kl. 19.00. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket på Meland eller Lindås. Velkommen!

torsdag 5. september 2013

Should I Stay Or Should I Go?

Syng The Clash og dette vert etter kvart eit stort og viktig spørsmål for Mia, hovudpersonen i boka Du forsvinner av Christian Jungersen.
No, kunne dei frammøtte i Selskapet konkludere med at: "Hadde dei gjort ein skikkeleg innsats med den første mannen/kona så hadde det vore det beste", men slik er jo ikke røynda.
I starten på boka er vi med på ein forrykande køyretur på Mallorca. Frederik, Mia og sonen Niklas sit i bilen Frederik køyrer, dei raser nedetter svingete vegar, Mia skrik til Frederik at han skal sette ned farten, men han køyrer berre på. Dei skrenser inn mot fjellet, Frederik klarer å rette opp bilen, han svinger ut til sida, går ut og fell om. Ambulansen kjem, han blir lagt inn på sjukehus og der får Mia vite at Frederik har ein svulst på frontallappen i hjernen.
Når dei kjem tilbake til Danmark og det vakre huset sitt, må Frederik opererast og medan dette skjer vert det oppdaga at han har underslege millionar frå skulen der han er rektor. Mia les alt ho kjem over av litteratur om hjernesvulstar og korleis dei påverkar  menneske som får denne diagnosen. Ho tenkjer tilbake og må erkjenne at Frederik har endra personlegdom i løpet av dei siste tre åra.
Både Mia og Frederik blir stilte for retten grunna underslaget. Dei får hjelp av advokaten Bernhard og i løpet av denne rettsaka vert Mia forelska i advokaten og dei innleiar eit forhold. Bernhard har ei kone som er sterkt hjerneskadd. Denne skaden fekk ho i ei bilulykke der og Bernhard var med. Mia oppdagar etterkvart at Bernhard og har ein hjerneskade og ho må velje mellom desse to mennene.
Selskapet likte boka av di den var full av driv og aktion, men samstundes var det for mykje av alt. Vi syntes at Mia var altfor grunn, var ho verkeleg berre oppteken av tennis og design? Relasjonane mellom menneska i boka verka fjern og kva med sonen Niklas, var det naturleg å ikkje ta meir omsyn til han? I Selskapet er alle kvinner og vi synest nok ikkje at Jungersen har heilt teken på å skrive om kvinner. Boka sine høgde punkt er innleiinga, du blir sugd inn i romanen. Når forfattaren beskriv nokre av dei bisarre utslaga som sjukdomen fører til for Frederik, må vi trekke på smilebandet, trass i det tragiske. Han skal nemleg ale opp kaninar og det skal skje på soverommet(!).
For dei av oss som hadde opplevd å ha nære relasjonar med hjernesvulst var det både godt og vondt å lese boka. Det ga oss ein god samtale om å leve med sjukdom, kva tel når alt kjem til alt?
Kan vi anbefale boka? Ja, skal du lese ei spennande bok absolutt, men skal du lese om relasjonar og sjukdom ta ei fagbok.