torsdag 30. januar 2014

Disse øyeblikk - fragment frå eit liv

Selskapet hadde møte 5. desember 2013 og dei som ikkje var overvelda av juleførebuingar møtte opp væpna til tennene med synspunkt og kommentarer til Herbjør Wassmo si siste bok. Det var delte meiningar om boka, men vi var samde i at Wassmo skriv godt, flytande og ærleg og vi har kan godt anbefale boka.
Etter dette skilde flokken seg i minst to grupper: dei som likte alt og dei som syntes at ho aldri kom seg ut av den private sfæra. Boka handlar om ei jente som har blitt misbrukt av far sin. Dette pregar ho gjennom heile livet. Ho har ein sterk driv i seg til å ta utdanning og til å skrive. Ho vert forelska og blir gravid med ein gut som ho likevel ikkje gifter seg med. Sonen hennar bur store delar av barndommen hos  bestemora og blir meir knytt til henne, enn si eiga mor. Når hovudpersonen giftar seg og flytter til Finnmark vert sonen med og han lengtar så sårt etter bestemora. Dette glimtet er faktisk så nært og tett skrive at vi fekk heilt vondt av guten alle saman. Ho får ei dotter med ektemannen og medan dei bur i Finnmark oppdagar ho seg sjølv som forfattar. Disse øyeblikk trekker fram einskild historier som fortel noko om utviklinga av hovudpersonen, men som samstundes tilslører kven ho eigentleg er. Ektemannen vert framstilt som ein tiltakslaus, egosentrert dust som er utro - til og med midt på julaftan. Ho vert framstilt som ei dame med mot, m.a. set ho seg ved "jaktbordet" på lærarrommet utan å vere invitert - og alle som har "teke plassen til nokon" veit at det gjer ein ikkje ustraffa.
Det er mange skarpe observasjonar i boka, men vi saknar ei avklaring, dama er rasande sint heile tida, i djupet av hjarte - og det er lite forløysande.

tirsdag 28. januar 2014

Nytt år, nytt møte!

Kva kan vi si? Long time no see? Vi har klart oss forbi både jul og nytt år og tida nærmar seg sterkt for eit nytt møte i Selskapet. Referatet frå siste samtale om Herbjørg Wassmo si bok er enno ikkje skreve, det ligg på modning (uttrykk frå ein lærar eg kjenner, som ikkje alltid er like kjapp med rettinga).
Men kanskje dette året vil føre til litt raskare tilbakemelding på kva vi eigentleg snakka om? Det er von i hangande snøre, seier dei.
Som nemnt skal vi snart ha nytt møte i Selskapet, nærare bestemt torsdag 30. januar kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Vi skal snakke om boka Hvorfor hopper jeg av Naoki Higashid. Naoki var 13 år då han skreiv denne boka. Han fekk diagnosen autisme då han var fem år og han har gjennom denne boka forsøkt å forklare eller gje eit bilete av korleis livet til ein autist kan opplevast. Ta turen til biblioteket og ver med på samtalen.