mandag 28. mars 2016

Møte i april 2016

Nordhordland Litterære Selskap skal lese Hilde K. Kvalvaag si bok Lev vel, alle til neste møte som er den 21. april kl.19.00 på Meland bibliotek. Hilde K. Kvalvaag har for det meste skrive bøker for ungdom, bøker ho har fått prisar for. Den første boka for vaksne skreiv ho i 2008

Det er verd å merke seg at Marit Eikemo og Hilde Kvalvaag kjem på Meland bibliotek den 11. april kl.19.00 og der skal ha ein samtale kalla "Mor-barn-undersøkingar". Dette trur vi vert eit spennenda møte og noko de ikkje bør gå glipp av.

Velkommen til biblioteket både den 11. april og 21. april, det skjer alltid noko kjekt på biblioteket!

søndag 6. mars 2016

Finne ly - alle leiter etter ly - eit trekk i tida?

Boka til Aina Basso fekk dei frammøtte i Selskapet til å hente fram superlativa når det gjaldt språk og personskildring. For dette var ei bok som var lett å lese og samstundes lærte vi noko om tida (1849) og om dei reisande sin posisjon i samfunnet - eller mangel på posisjon. Vi hadde vel alle tenkt at Eilert Sundt var ein framsynt mann, men måten han skriv om dei reisande og dei som opnar heimane sine for dei fekk det til å grøsse i oss.
Boka handlar om Hanna som kjem til ein liten gard langt inne i skogen for å søkje teneste. Ho har fått eit tips av handelsmannen om ein mann med to søner som treng nokon til å stelle for seg. Det passar Hanna godt å leve langt vekk frå folk, for ho har rømt frå tukthuset og er av dei reisande si slekt. Ho får arbeid hos mannen og dei to sønene Johannes og Harald, kona og mora døde for ei tid sidan og huset ber preg av at ingen har teke husarbeidet på alvor. Hanna får god kontakt med Johannes og etter kvart eit nært forhold. Harald er glad i flaska og ganske brutal. Vi får vite meir om Hanna gjennom korte tilbakeblikk, noko som utfyller bilete av kven ho er.

Selskapet slo fast at dette er eigentleg ei ganske enkel historie, far, to søner, ei jente. Johannes var sterkt knytta til mora og er ein skjør person som har ei stor utfordring i å takle broren Harald og hans veremåte. Johannes føler sterkt for Hanna, men er han forelska i henne? Ho vert kanskje ei som kjem i staden for mora?
Boka er sett saman av korte stykke, fine naturskildringar, vi snakka om at vi følte vi vart kjende med personane. Alle leiter etter ly, tryggleik - slik som mange av dei som er på flukt i våre dagar. Vi hadde eit sveip innom haldningar til romani, reisande og splinten som fleire i Selskapet kjende att frå sin barndom.
Vi prøvde å komme fram til eit høgdepunkt, det var vanskeleg å finne, men det positive var at vi kom raskt inn i handlinga og forfattaren lager ei fortetta, sterk stemning gjennom heile boka.
Vi stilte spørsmål ved slutten, var det nødvendig med ein så dramatisk slutt? Litt påklistra kanskje?
Men alt i alt ei bok vi gjerne kan anbefale!

finne ly