fredag 29. desember 2017

Ein leksjon i engelsk kultur, klasseskilje og lojalitet

Vi hadde lese Resten av dagen av Kazuo Ishiguro som fekk Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Selskapet var begeistra, det kan ikkje seiast på anna måte. Det tok litt tid før vi vart vande med språket for forteljinga om butlaren Stevens var ført på ein litt omstendeleg og gammaldags måte. Dette grepet frå forfattaren gjorde at vi raskt kom inn i stemninga i boka - tida frå 1920-talet og fram til 1956. Heile romanen er sett gjennom augene til butlaren Stevens, det er han som fortolkar hendingar og utsegner og det er han som gjev oss innsikt i livet på Darlington Hall. Vi er med han på ei kombinert reise/ferie i England. Han vil prøve å komme i kontakt med miss Kenton som var hushalderske på Darlington og som han no håper vil komme tilbake. På denne reisa tenkjer han på livet sitt, hendingar i verda som ga gjenklang sjølv i Darlingtons lukka verd og lorden/ "hans nåde" si rolle før den andre verdskrigen.
Stevens såg ingen feil ved lorden. Lorden fortolka hans verd og verda utanfor var i alle samanheng slik lorden sa at han var.
Stevens såg heller ikkje at miss Kenton var forelska i han og på mange måtar ønskte å gjere han sjalu. Ho prøvde å få han til å sjå det urettferdige ved at ei jente med jødiske røter vart sagt opp frå arbeidet sitt, men han nekta for at det var slik.
På reisa opplever han at nokre han møter trur han er lord, sidan han køyrer i ein flott bil og har fine klede. Han nektar ikkje for det, men han gjer heller ingen ting for å rette opp misforståinga.
Stevens er svært oppteken av å ha rett haldning som butler, ein skal vere verdig, lydig, tilstades under alle tilhøve, herrskapet framfor alt. Ja, til og med når far hans ligg på det siste er det viktigare å vere på plass for herrskapet enn å sitte ved dødssenga til hans.
Stevens lever i ei boble, der har han kontroll og oversyn og han vert ikkje utfordra på nokon måte. Det er når miss Kenton kjem inn i bilete han får problem, men samstundes skaper dette nye og ukjente kjensler hos han. Stevens er diverre så forknytt at miss Kenton gjev opp, gifter seg og flyttar til ein annan del av landet. Ho sender nokre gonger brev til Stevens og det er hans tolking av desse breva som gjer at han reiser med von om eit mogeleg møte med henne som mål - og kanskje at ho kjem tilbake til godset.
Når Darlington får ein ny eigar må han prøve å finne ut korleis han skal tene denne best mogeleg og det set han på nye prøver.

Som sagt Selskapet var begeistra og kunne ikkje finne dei svake punkta i romanen. Høgdepunkt var det nok av som tildømes når Stevens vert overtala til å klatre opp på ein ås og skue utover det vakre engelske landskapet. Dette synet blei med han gjennom heile reisa og opna opp for andre refleksjonar.

Selskapet hadde gjennom samtalen om boka mange sidespor som til dømes: å lære ting grundig (gå på husmorskule), ein runde om klasseskilje og det litt fåfengde i ønske om "å vere til lags".

Med dette møtet ønska vi oss sjølv god jul og vel møtt 25. januar 2018.