fredag 21. november 2014

Desember - eit møte til før jul!

Då Selskapet fann ut at det var Kjell Westö som hadde vunne Nordisk Råds Litteraturpris for 2014 og at boka var komen til biblioteka, ja, då var det klart at denne boka måtte vi lese. Den markerer avsluttinga på leseåret 2014 i Selskapet og dei som har begynt å lese melder om fine stunder. Møtet i desember skal vere på Meland bibliotek torsdag 11. kl.19.00.
Har du lyst å vere med er det berre å komme.
Velkomne!

lørdag 1. november 2014

Å blande seg inn - er det eit mødre-gen?

Alle dei frammøtte i Seslkapet hadde prøvd, verkeleg prøvd å lese seg igjennom Carl Frode Tiller si bok Innsirkling, men alle hadde ikkje lukkast. For nokre vart det for dystert, medan andre vart sugd inn i forteljinga og er no djupt inne i Innsirkling 2 og det var og dei som hadde lese bok 3 og visste svara på korleis det gjekk til slutt med alle dei nære vennene og dei litt fjernare.
Boka startar med Jon, musikaren som ser så dystert på livet at han er nærast ufør. Han skriv brev til David som har mista hukommelsen. Gjennom brevskriving skal dei som kjende han skrive om barndom og oppvekst, slik at han kanskje igjen kan hugse kven han er. Jon skriv, Arvid som er prest og stefar til David skriv og Silje som var kjærasten (?) til David. Dei fortel om hendingar og tida som barn og tenåringar, men dei skriv like mykje om seg sjølv og slik livet såg ut frå deira ståstad. Jon har et dårleg sjølvbilete og mor hans legg seg opp i både det eine og det andre. Det var nokon i Selsakpet som kjende seg veldig att og vi var ei lita runde innom temaet - mødre som legg seg oppi ting. Ja,om det er slik at mødre berre gjer slik? Jon klarte og å få heile forsamlinga til å ønske å filleriste han, slik at han kom seg ut av ei djup sjølvmedkjensle. - sikkert ei umogeleg oppgåve, men lell... Vi snakka om kor ulikt ein kan oppfatte situasjonar og forhold mellom menneske. Jon ser på presten/stefar til David som ein tafatt og bleik type, men når Arvid skriv ser det ut til at det er god kontakt mellom han og David. Silje skriv om den frigjorte kunstnartypen mor hennar var. Ho skriv om ekteskapet sitt som ser ut til å vere nede i ein bølgjedal og betre vert det ikkje når ho later som ho har ein elskar - nemleg bror til mannen. Makan til manipulerande dame!
Vi får fleire eksempel på totalt absurde diskusjonar - og anar nok at forfattaren har henta ein del av desse frå det verkelege livet.
Boka gjev eit tidsbilete - det er hippie-tid, menneska skal vere frigjorte og prøve alt. Tiller skriv på ein ny og kreativ måte og språket er utruleg bra!
Det er mykje krangling mellom venner og familie og vel har vi høyrd om dramatiske og turbulente familiemiddagar, men søndagmiddagen hos Silje og mannen den tar kaka - denne sekvensen var eit absolutt høgdeunkt!
Fleire i Selskapet syntes boka var tung å lese. Ein må lese lengre avsnitt om gongen, boka krev at ein er konsentrert og tenkjer på det ein les.
På den andre sida, dette er nok ein av dei bøkene vi vil hugse, for her var det mykje å tenke over - og Tiller skriv utruleg bra!