tirsdag 15. november 2011

Siste møte før jul!

Vi venta i spenning då vinnaren av Nobelprisen i litteratur 2011 vart offentleg og vi vart vel litt overraska då Tomas Tranströmer vann. Grunnen er vel at vi gjerne ville lese ein roman og ikkje dikt, slik han skriv. Løysinga på dette, vart at biblioteksjefen på Meland har funne fram eit lite utval dikt vi skal lesa og i tillegg skal vi lesa Tormod Haugland si bok Romberg. Vi møtast den 7. desember 2011 kl.19.00 på Lindås bibliotek i Knarvik. Alle er velkomne!

onsdag 9. november 2011

Har kunstnarar eit særleg gen?

Det var oktober og regnfrakkane var komne på, men dei frammøtte let seg ikkje merke av regn og vind for dei hadde lese om varme dagar på Tahiti. Boka om målaren Paul Gaugin og bestemor hans Flora Tristan er ei bok med mange innfallsvinklar. Vi snakka om kunstnaren som den utforskande og undersøkjande, han som sprengjer grenser for seg sjølv og andre. Bestemor Flora som vart gifta bort til ein brutal mann og for å redde seg sjølv og barna gjekk i dekning både her og der. Vi kunne ikkje heilt forstå at ho let ungane vere att i Frankrike og reiste til Peru for å prøve å få slekta til å gje henne ein del av arven etter far sin. Dei siste leveåra reiste ho rundt i Frankrike og agiterte for at arbeidarane skulle organisere seg og slik betre kåra sine. Vi opplevde nok Paul Gaugin som forfattaren sin eigentlege hovudpersonen, sjølv om kapitla veksla mellom han og bestemora sine opplevingar eit halvt hundreår tidlegare. Vi snakka om at kanskje kunstnarar har eit særleg gen, slik at omsyn til kone og barn må vike for kunsten. Tenk på kona til Gaugin som gifta seg med ein børsmeklar og enda opp med ein målar som var meir oppteken av sex med unge jenter på Tahiti enn å forsørgje familien?
Vi fann ut at han heile tida søkte mot fridom til å gjere det han ville, han leita heile livet etter det gode, det beste livet. Kva så med forfattaren si forteljing? Mario Vargas Llosa skriv denne forteljinga som ligg tilsynelatande tett opp til biografien. Han bruker personar som har levd og sjekkar vi Wikipedia ser det ut til at han følgjer livsløpet deira til punkt og prikke, men det er ein roman. Han går inn i hovudet på personane sine, han kommenterer handlingane deira, han beundrar og kritiserer vala dei gjer og han kjem med ertande og spørjande utsegn. Av høgdepunkt i romanen kan vi nemne: når Van Gogh og Gaugin bur saman, snakk om temperament (!),  når Gaugin kom til Tahiti og lagar meisterverket sitt - og tenk at han hadde med seg solsikkefrø - kanskje han tenkte på Van Gogh? - Og Flora og reisa hennar til Peru! - Vi trur at forfattaren hadde mykje moro med å skrive om forholda i Peru og ikkje minst krigen som dei eigentleg tapte, men vann likevel grunna sommel og rot. Denne boka står fram som eit av dette leseåret sitt høgdepunkt og det var alle dei frammøtte samde i.