onsdag 28. juni 2023

Kva skal Selskapet lese sommaren 2023?

 

No satsar vi på ein skikkeleg lesesommar! To sterke klassikarar skal lesast og ikkje minst samsnakkast om på første møtet etter sommarferien.

Selskapet klarte ikkje å avgjere kva for ei bok vi skulle lese, så då vart det to bøker. Vi startar med Charles Dickens: Oliver Twist. 

Har du lese heile boka? Du har ikkje som dei fleste berre lese avkorta utgåver eller sett ein av filmane som er laga om romanen? No les vi heile romanen uavkorta, det vert spannande!

Den andre boka vi skal lese i sommar er Emily Brontë sin einaste, men likevel berømte roman Stormfulle høgder

Kven har vel ikkje sett Kate Bush synge denne om kjærleiken mellom Chaterine og Heathcliff?

Det er mykje som skal lesast fram til tysdag den 22. august kl.19.00 då skal Selskapet treffast på Strilabiblioteket, Knarvik.

Velkomne!

Ta kontakt om du vil vere med og lese bøkene!

tirsdag 27. juni 2023

Femten år; den revolusjonære våren

 

Selskapet hadde sitt siste møte før sommarferien tok oss og boka vi hadde lese var Vigdis Hjorth sin roman: Femten år; den revolusjonære våren. No skal det seiast at skrivaren hadde gløymd å annonsere møtet på bloggen, men andre gode krefter har annonsert både på Facebook og på Instagram, slik at dei frammøtte var nøgde! Kva så med romanen? Vi møter Paula og familien hennar: storesøster Elisabeth, veslebror Lasse, mor og far. Mor er heime, far arbeider på eit rekneskapskontor og Elisabeth går på Kristleg Gymnasium og har den eine vanskelege eksamenen etter den andre. Besteforeldra er kristne og set strenge rammer for familielivet som foreldra føyer seg umælande etter. Paula har ein ild i seg, ein vulkan som vil ha, må ha, utbrot, noko ho er redd for. Ho har ei venninne, Karen, som ho stadig er saman med. Karen kommer frå ein frilynt familie som brukar tid på musikk og kultur og ikkje er så oppteken av kva som høver seg. Vi følgjer Paula frå ho er ti- elleve år og fram til konfirmasjonsdagen. Paula liker det føreseielege, det kjente livet med sine rytmer av middagar, turar, besøk av besteforeldra, reisa til mormor om sommaren. Det er gode minne, ho vil at det skal vere slik, men då ho oppdagar at mor skriv brev til mormor sder ho fortel ei heilt anna historie, vert ho skremd. Er ikke mor nøgd med det livet dei lever? Må ho lage eit nytt liv for dei, slik at mormor kan like dei betre? Frå dette punktet byrjar Paula sjå på familien sin på ein annan måte. Paula er observant og legg merke til ting og undrar seg. Karen flyttar til Bergen og Paula opplever den djupe sorga det er å miste bestevenninna. Så kjem konfirmasjonen med alle sine forventningar og ritual, men Paula kjenner at ho kan ikkje gjennomføre dette. Heldigvis ser presten henne og dei får ein god prat.  Konfirmasjonsdagen kjem, den store prøva for kor vellukka familien eigentleg er og Paula heldt tale.

Selskapet likte boka, var begeistra for Paula og konfirmasjonstalen ho held på slutten av romanen er eit absolutt høgdepunkt! Vigdis Hjorth skriv godt og "sitatvenleg", slik at ein lett kan rote seg vekk frå samtalen og gå inn i kjekke sitat... Fleire hadde og sett dette intervjuet med forfattaren, vel verd å sjå! Vi kan ikkje anna enn å anbefale denne romanen!