Det var tid for første møtet der vi skulle snakke om tysk samtidslitteratur og valet hadde falle på Kruso av Lutz Seiler.
Boka starter i 1989 med Edgar som er student
ved universitetet i Halle. Kjærasten G har omkome i ei ulykke og sjølv er han nær eit samanbrot. Han reiser til Hiddensee kor han
får sommarjobb i oppvasken på restauranten Klausner. Hiddensee
var på denne tida kjend som ein tilfluktstad for intellektuelle og kunstnarar om
sommaren. Øya ligg berre fem mil frå den danske kysten, noko som førde til at
mange prøvde å rømme frå DDR til vesten i dette området.
Det er eit rikhaldig galleri av personlegdomar
som er tilsette på restauranten og dei vert alle omtalta som "besetningen", altså som
på ein båt. Edgar eller Ed som han blir kalla går ned til stranda og der
finn han kadaveret av ein rev som han legg i ei hole og den daude reven vert samtalepartnaren hans. Det er vennskapen med den karismatiske Alexander Krusowitsch eller Kruso som er hovuddrivkrafta i romanen. Kruso fører Ed inn i ei verd av ritualar, festar og ikkje minst tankar om fridom og omsorg for "dei skipbrudne". Kruso opplevde at den kjære storesøstera hans, Sonja forsvann, dei var på stranda og ho ba han sitte og vente på henne - ho kom aldri tilbake.
Når sommarsesongen på Klausner går mot slutten er det fleire av dei tilsette som blir borte, vi veit ikkje om dei har flykta eller berre reist vekk, men hele etablissementet bryt sakte saman og forholdet mellom Ed og Kruso avspeglar dette.
Samtalen
bar nok litt preg av at det var fleire som ikkje hadde lese og i tillegg nokon
som ikkje var ferdige.

Vi drøfta
litt kva denne gjengen av outsidarar eigentleg var på jakt etter. Kruso står
sjølv på staden kvil, og kan ikkje anna (søstra har jo bede han om å bli
ståande der på stranda å vente..) Når vi høyrde omtale om at dette var ei bok
som omhandla tida rett før og etter murens fall, tenkte vi oss at det var ei
politisk bok, men her møter vi meir personar i krise og jakt på eigen
identitet, der det som skjer i samfunnet rundt berre fungerer som
bakgrunnsstøy. Likevel spelar den stengde grensene ei viktig rolle som eit
bilete for menneskeleg lenkt, sjølv om det for Kruso var viktig å få fram at du
finn ikkje fridomen i forbrukarsamfunnet i Vest – men i ditt eige indre. Boka
skrifter synsvinkel i Epilogen når Ed vil skape eit minne for dei som drukna
under flukta til Danmark. Denne avslutninga er som eit forsøk på å komme vidare i livet for Ed, og på eit vis fekk vi godt håp for han.
Så er spørsmålet om denne boka vert ei av dei vi vil hugse i lang tid eller om ho snart er gløymd, kven veit?
Så er spørsmålet om denne boka vert ei av dei vi vil hugse i lang tid eller om ho snart er gløymd, kven veit?