fredag 21. mars 2014

Kva gjer mødre når dei trur barnet har gjort noko gale?

Ja, dette var eitt av spørsmåla dei frammøtte i Selskapet tok føre seg då dei møttes torsdag 20. mars. Vi skulle lese og snakke om boka Hendelser ved vann av Kerstin Ekman og som vanleg hadde nokon lese alt, nokon var nesten ferdige og nokon hadde knapt starta. Kor ein enn var i lesinga så var alle ivirige til å diskutere, trekke fram ulike sider ved denne merkelege kriminalforteljinga. Ja, eller var det ein krim? Det er jo fleire mord, men politiet gjev ganske fort opp og det går lang tid før hendingane begynner å ta fart igjen. Vi kom fram til at sjølv om det ikkje var nokon eigentleg etterforskar, så var det faktisk legen Birger som til slutt fann ut kven mordarane var.
Det var ikkje berre enkelt å halde personane frå kvarandre, så vi hadde ei lang utgreiing kven som var far til kven og kven som hadde eit forhold til kvarandre og kven som kom utanfrå og inn til denne vesle plassen og om dei hadde ein relasjon til plassen eller ikkje.
Boka startar med at Annie Rafft ser dottera si kome heim tidleg ein morgon med ein mann ho kjenner att som mordaren, han som drap to unge menneske for atten år sidan. Ho heldt seg i skjul og later som ingenting då dottera kjem inn, men tankane strøymer tilbake til den gongen ho første gong kom til denne plassen. Annie og dottera skal bu i eit kollektiv og Dan skal hente dei på tettstaden og køyre dei til kollektivet som er på ei seter langt til fjells. Dan kjem ikkje og til slutt begynner mor og dotter å gå. På vegen dit ser dei eit telt og Annie går bort til teltet, der finn ho to unge menneske myrda. Ho melder frå til politiet og uroa, mistenkjeleggjeringa er sett i gang. Annie og dottera kjem til kollektivet og dette vert styrt av Petrus, ein ganske utkropen type. Vi møter Johan som er på rømmen frå brørne sine, eller er det noko anna han rømmer frå? Alle er i tvil om rolla hans, til og med mor hans, heilt til siste slutt.
Det er ei krevjande bok, men ho er utruleg godt skrive, vi vert fasinert av personane og deira ulike motiv for å handle slik som dei gjer. Høgdepunkta ligg tett, men det er ei slik bok det tek tid å lese, du kan ikkje berre lese nokre sider, her må ein ta seg tid og la boka kome til deg. Dette er nok ei av bøkene vi vil hugse og snakke om ei god stund frametter. Ikkje rart denne fekk Nordisk Råds Litteraturpris i 1994!

mandag 10. mars 2014

Mars - og vi les ein svensk kjend forfattar!

Det er Kerstin Ekman og boka ho fekk Nordisk Råds Litteraturpris som er boka vi no les. Vi skal snakke om boka torsdag den 20. mars kl.19.00 på Meland bibliotek. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteka i Lindås eller Meland. Velkomne!