fredag 21. desember 2012

Eit fantastisk tidsbilete

var det å lese boka "Å føde et barn". Forfattaren Kristina Sandberg har laga eit utruleg interessant og flott bilete av Sverige på 1930-talet med denne romanen, meinte Selskapet då vi var samla i starten på desember. Hovedpersonen Maj har reist frå den vesle heimbyen til ein større by for å prøve å komme inn på eit hotell som konditor. Ho får ein jobb i eit bakeri og der får ho ei venninne som ho og er saman med på fritida. Maj er forelska i Eirik, men han utnyttar henne og vil eigentleg ikkje binda seg til henne. Maj drømmer likevel om at det ein gong skal bli dei to, men på ein tur med venninna treff ho Thomas og etter mykje alkohol ligg dei saman og Maj blir gravid. Maj håper at det er Eirik sitt barn, men enkel hovudrekning avgjer at barnet er Thomas sitt og Thomas ber Maj gifte seg med han. Thomas er ein del eldre enn Maj, han har vore gift med Astrid tidlegare, men er no skild. Thomas bur i same huset som mora og er svært knytt til henne. Det var ikkje lett for Maj å bu så nær svigermora og dei får heller aldri eit nært forhold. Som ein i Seslakpet sa: "Ho var ikkje go, ho gamlo" Maj kommer får enkle kår, mora hennar har kokt i selskap til familier tilhøyrande same klasse som familien Maj no giftar seg inn i, altså øvre del av middelklassen. Maj har alltid beundra mora sine evner på kjøkkenet og ho var ofte med henne når ho var yngre, men det Maj gjorde var aldri godt nok. Når ho no skal gifte seg og få barn er det berre brørne hennar som reiser i bryllaupet og når barnet er fødd får ho inga helsing frå foreldra. Det ligg ein veldig lengsel i Maj for å få anerkjenning og ros frå mora, men det er og mykje skam og negative tankar som stengjer for kontakt mellom mor og dotter. Når det og viser seg at Thomas er alkoholikar som vippar over i aggressivitet får Maj endå meir å stri med.
Å få barn - dei godt vaksne damene hugsa godt kor lite dei sjølv visste om korleis ein skulle stelle eit nyfødd barn, alle tankane og uroa over ikkje å gjere "det rette" og opplevinga av at alle visste så mykje meir enn dei. Vi var alle imponerte over drivet i forteljinga og dei grundige undersøkingane forfattaren må ha gjort for å få alt rett både med kle, hus og mat. Ja, mat spelte ei stor rolle i boka, tenk på all maten Maj laga! Vi undra oss over dette vanskelege forhaldet mellom mor og dotter, at dei ikkje ein gong prøvde å snakke saman og særleg når mora var så sjuk. Spørsmålet om korleis Astrid klarte å få skilsmisse var og ei sak vi stansa ved, for på 1930-talet var vel ikkje det ein enkel sak?
Ein annan sak var dette med alkohol og svangerskap, her var det tydeleg andre reglar som gjaldt enn no i våre dagar. Vi kjende igjen trongen for å skjule alkoholproblem, ikkje si det som det er før krisa er total, men la både det eine og det andre "bli i familien". Selskapet var begeistra for boka, men syntes at ho til tider var litt lang og at den slutta litt brått. Når vi no fekk klarlagt at dette er første bok i ein trilogi vart vi letta, for denne historia har vi lyst til å følgje vidare. Ei kjekk bok å lese, lett, god skrift og vi vil så gjerne vite korleis det går med Maj og Thomas og den vesle dotter deira Anita.