onsdag 31. august 2016

Lese- og møteplan for hausten 2016

Selskapet har hatt det første møtet etter ferien og vi har laga ein plan for både datoar og bøker vi skal lese i haust.
Tema er tysk samtidslitteratur og første bok ut er Kruso av Lutz Seiler
Møtet skal vere 6. oktober kl.19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik.








 



Andre bok  er Kathrin Schmidt: Du skal ikke dø og møtet skal vere den 17. november kl.18.00 (merk tida) på Strilabiblioteket på Frekhaug. Møtet denne dagen er flytta fram av di professor Christine Hamm skal halde eit foredrag om "Den norske romanen" kl.19.00 same stad. Vi vonar mange vil bli igjen og høyre på dette.

Vi startar leseåret 2017 med den tredje boka den 26. januar på Strilabiblioteket på Knarvik kl.19.00. Boka er Kaltenburg av Marcel Beyer. Dei andre bøkene vi skal lese våren 2017 er ikkje bestemt enno, men det kjem informasjon om dette etter kvart. Vi vil minne om at det er mange litterære hendingar på Strilabiblioteket denne hausten. Følgj med i programmet, på nettsider og facebook! Velkommen til biblioteka!












tirsdag 30. august 2016

Annbjørg Karlsbrua - kjeltring eller eit offer for omstende?

9788203197482Og der var vi i gang med første møte i Nordhordland Litterære Selskap!
I sommar har vi lese Odd W. Surén si bok: For hva det er verdt - og var det verdt lesinga? Det er berre å si det med ein gong: For nokre var det verdt lesinga - så absolutt, medan for andre var det ei sann liding å kjempe seg igjennom sidene. Ei meinte at denne boka kunne komprimerast ned til fem sider, så var alt som skulle seiast om den saka sagt. Andre hadde streva litt i starten, men så sat latteren laust og sitatlysta vart påtrengande.

Boka handlar om Jan Olav Valen Grinde som bur ein stad på Vestlandet. Han har ein gard som han ikkje driv, men leiger ut parsellar  til dei som ønskjer å drive med slikt. Han bur åleine og vil helst ha god avstand til naboane. Han har solgt ei tomt til Fritzen og han har vore så syndig å lage ein flott stor veg parallelt med hans eigen veg opp til huset sitt. Dessverre kan Jan Olav sjå huset til Fritzen og dette irriterar han grenselaust. Han prøver å få skogen til å gro att slik at han slepp å sjå naboen, men når lauvet fell om hausten kan han likevel sjå huset.
Jan Olav får besøk av ein far og sonen hans og sonen har lyst til å sjå korleis han har det inne i huset sitt. Jan Olav viser dei omkring og gjennom auga til desse ser han plutseleg kor slitt, rotete og utriveleg det ser ut hos han. Etter dette besøket får han ein rydde- og vaske raptus slik at huset vert ein kjekkare stad å bu. Ein dag får han besøk av Annbjørg Karlsbrua som skal studere inntekstgrunnlaget for drifting av parsellhagar. Ho seier ho er student ved landsbrukshøgskulen på Ås og ho treng ein plass å sette husvogna si mens ho driv på med dette. Jan Olav let ho parkere bil og husvogn og kjem etterkvart i god kontakt med Annbjørg. Ho fortel om faren sin, ein mann ho beundrar grenselaust og ho kan nesten ikkje få snakka nok om kor makelaus denne faren er. Ho er ofte på farten og vert av og til borte nokre dagar, når ho kjem att seier ho ingen ting om kor ho har vore eller kva ho har gjort. Ein dag kjem ho og fortel at faren er på sjukehus og at gården dei har må på tvangsauksjon om ho ikkje i all hast kan skaffe 600 000. Jan Olav vil hjepe henne, men han vil ikkje gå i banken så ho får berre halvparten. Ho reiser for å ordne med kreditorane, men når Jan Olav prøver å få kontakt med henne er ho som sunken i jorda.
Kva skjedde med Annbjørg? Var ho ein skurk som lurte pengar frå Jan Olav? Dei fleste i Selskapet trudde nok det, og ei hadde høyrt om ei tilsvarande historie: Eit par gamle mannfolk hadde blitt lura av ei dame, men dei sa det var så moro så lenge det varte at dei tenkte ikkje på å melde ho til politiet - og kanskje var det slik for Jan Olav og - det var verdt det!