fredag 20. desember 2019

Når det "vanlige" blir det normale

Det er eit dristig prosjekt å ha litteraturgruppe midt i desember og det viste seg å stemme denne gongen og. Likevel hadde nokre sett av tid slik at vi kunne ha ein samtale om Tjenerinnens beretning ein dystopisk roman av Margaret Atwood. No var det slik at dei som var samla likte boka, Atwood sin skrivemåte og den kompromiss-lause måten ho forfølgjer prosjektet sitt. Hovedpersonen i romanen er Offred. Ho bur i staten som no heiter Gilead og har blitt opplært til å vere Tenerinne, det vil seie at ho er i fertil alder og "skal føde på knærne til deres herskerinner" slik det står i 1. Mos.30:1-3. Offred hadde både mann og barn før staten Gilead vart oppretta, men av di det vart fødd ferre barn, måtte dei som var fertile brukast til dette og ikkje minst var det viktig at leirarane/ Førarane og deira koner fekk barn. Offred prøver å rømme saman med familien sin, men dei vert fanga. Ho veit ikkje kor mann og barn er. Ho sjølv vart plassert på ein anstalt for opplæring av tenerinnar. Ho får ei venninne der, men dette er ikkje staden for venskap. Når ho er ferdig med utdanninga vert ho plassert hos ein Førar og kona hans. Ho kjenner att kona som var ein kjendis på TV og ein talsperson for heimelivet. Offred får ikkje vise at ho kjenner til kona til Føraren, men dette gjer at ho kjenner ei slags medkjensle med henne. Samfunnet er hierarkisk med ein klasse for Førarane og konene deira, så er det Vaktarar, Auge og i heimane er det Marthaer. Tenerinnene får tre sjansar til å bli gravide om dei ikkje lukkast vert dei sendt til Koloniane. Koloniane er sterkt forureina stader der dei må arbeide og der dei ganske raskt dør. Offred vert invitert til Føraren sitt kontor for å spille spel og prate. Han er einsam og ho må stort sett vere på rommet sitt. Dei får ei viss sympati for kvarandre, men Offred veit at ho lever på nåde. Når ho går ut for å handle for Marthaen i huset treff ho andre tenerinnar og gjennom ei anna får ho vite om ei undergrunnsrørsle som hjelper folk til å rømme frå Gilead. Når boka sluttar håper vi at ho klarer det.
Selskapet meinte at dette var ei fasinerande og skremmande bok. Atwood seier sjølv i eit intervju at alt ho har skreve i denne romanen har hendt ein eller annan stad i verda. Boka kom på engelsk i 1985 og vart omsett til norsk i 1987. Boka handlar både om diktatur, einsretting, nedbygging av velferdsgoder, innskrenking av ytringsfridomen og miljø-øydeleggingar. Det er ikkje akkurat feel-good, men heller ei bok til ettertanke og refleksjon. 

Margaret Atwood kom i 2019 ut med ein oppfølgjar som heiter The Testament, på norsk heiter boka Gileads døtre. Nokre i Selskapet hadde lese denne og den sterke anbefalinga er - les Tjenerinnens beretning først, då vert opplevinga av Gileads døtre betre og meir meiningsfull.

tirsdag 3. desember 2019

Siste møte før jul

Snart er det jul, men Selskapet møtast endå ein gong før jula verkeleg brakar laus. Det er Margaret Atwood og hennar roman Tjenerinnens beretning som er boka vi skal samsnakkast om torsdag 12. desember kl. 19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Margaret Atwood fekk nyleg Man Booker prisen for Gileads døtre, oppfølgjaren til Tjenerinnens beretning. Atwood har skrive mange bøker, er feminist og miljøforkjempar og kjem frå Canada.
Om du har sett A Handmaid´s Tale på HBO, så er det denne romanen boka er bygd på. Har du lyst til å vere med, ta kontakt med biblioteket og ver velkommen!

mandag 4. november 2019

Noveller er som eit stort hus med mange vindauge

Til dette møtet hadde Selskapet lese novellesamlinga til Margaret Skjelbred: Hadde jeg vinger. Vi var noko delte i opplevinga av desse novellene. Nokre begeistra, medan andre hadde late pliktkjensla styre og lese alle, men utan særleg glede. Novellene var som eit tilbakeblikk på livet, med minne frå ulike livsperiodar. Her var det mykje sårt og sorg, men sagt med fine ord. Vi får lese om ulike sosiale grupper i samfunnet som både gjev gjenkjenning og innsyn til situasjonar vi kjenner lite til. Forfattaren skriv med ei fin pen og eit greit språk. Novellene er korte, noko dei som sleit meinte var eit pluss, medan dei som likte boka, gjerne syntes dei kunne vore lenger. Nokre av novellene gjorde djupare inntrykk en andre, det vart vi samde om. Særleg Knuten om guten som har vore hos faren og den nye kona hans og som skal heim til mor som slit med rus.
Boka har illustrasjonar i form av svart-kvitt foto, men desse vart for diffuse og sa oss ikkje noko. Vi syntes nok at det vart for stor distanse mellom forteljingane og oss sjølve. Ei sa det slik: det er som vi ser desse hendlingane som gjennom eit slør. Slik kjentes det nok ut for fleire. Det var ei interessant erfaring å lese noveller og om det blir fleire får tida vise.

mandag 21. oktober 2019

Noveller i oktober

På neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal vi som eit sjeldant føretak lese ei novellesamling. Denne gongen er det Margaret Skjelbred: Hadde jeg vinger som står på programmet.
Boka har 17 noveller og finnes både som papirbok og e-bok. Ta kontakt med biblioteket om du vil vere  med å lese denne.
Vi møtast på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 24. oktober kl.19.00

Velkomne!

fredag 4. oktober 2019

Kan du ikkje kosa deg i ditt eige selskap er du ille ute!

 Selskapet hadde lese heile sommaren, men sommaren er lang og det var fleire som hadde lese bøkene for lenge sidan og måtte ha litt hjelp for å hugse kva dei handla om. Tja, det vil seie; alle hugsa kor godt dei likte Rune Christiansen si bok: Ensomheten i Lydia Ernemans liv. Etter kvart hugsa dei og kor lite dei likte Siri Hustvedt si bok: Sommeren uten menn.
Vi starta med Hustvedt si bok. Mia Fredricksen får samanbrot og må leggjast inn på psykiatrisk sjukehus når mannen hennar går frå henne for "å ha en pause". Pausen er ei fransk ung dame. Mia vert utskriven og reiser heim til mor si i sommarferien for å hente seg inn att. Mia er forfattar og førelesar på eit universitet. I ferien skal ho ha poesikurs for ei gruppe tenåringsjenter på heimstaden til mora. Mia leiger eit hus og får Lola til nabo. Mia vert og trekt inn blant mora sine venninner og det er særleg Abigale som får merksemda til Mia. Abigale broderer dristige bilete av frigjorte kvinner som utfordrar den pyntelege oppfatninga vi kan ha av pene gamle damer. Mia prøver å ikkje tenke på mannen sin, men minna frå dei 30 åra dei var gift kjem stadig tilbake. Dottera til Mia prøver å halde kontakten med begge foreldra og få far sin til å innsjå at dei må snakke saman.
Kva var det som gjorde at Selskapet ikkje var så begeistra for denne romanen? Jau, Mia slenger rundt seg med litterære referanser. Det er påfallande at på 74 sider i denne boka på ca 200 sider er det ei eller fleire referansar til litteratur. Er ikkje det interessant då? Ikkje i denne samanhengen, det verkar distanserande på oss som lesarar. Om vi ser på denne opphopinga med litt mildare auge, kan vi seie at Mia brukar desse referansane til å finne ut kven ho er. Heile hennar liv har dreia seg rundt mannen hennar. Litteraturen var hennar domene, er det her ho har sine rammer, sine referansepunkt for sitt liv? Vi leita som vanleg etter svakheiter og høgdepunkt og fann ut at svakheita var nettopp dei utallige refransane og høgdepunktet var møta med Abigale.

Steminga snudde då vi begynte å snakke om Rune Christiansen si bok : Ensomheten i Lydia Ernemans liv. Lydia veks opp med mor og far i Sverige. Ho er sterk knytt til mora og hennar draumar. Lydia har ikkje mange vener, men ho er ikkje einsam, slik ho etterkvart erfarer at mor hennar er einsam i ekteskapet. Lydia vil bli veterinær og bruker studietida si godt. Ho får jobb i Noreg på landsbygda og vinn respekt for jobben ho gjer. Ho har ein god sjef som har tru på henne og ho klarer seg bra. Ho har ikkje så mange vener i bygda heller, men ho vert  kjend med guten Johan som tek ho med til ein sjuk hund. Ho får god kontakt med Johan og hjelper han både med lekser og anna. Lydia møter mange i jobben sin, men ei dame som bur ganske einsamt inne i skogen får både Lydia og oss til å reflektere over verdiane i livet. Ho møter Edvin og dei vert kjærestar. Dei bur saman når han ikkje arbeider i byen og gjennom dette fellesskapet finn han seg sjølv og ho heldt fram med å vere i seg sjølv.

Selskapet meinte at språket i denne romanen er utruleg vakkert, kapitla er passe lange, det er ei bok som er lett å lese. Vi vert sakte kjend med Lydia, det vil seie: vi vert passeleg kjend med ho, for Lydia er ei særs privat dame. Her vert det ikkje sagt for mykje.  Lydia er nøgd med å vere tilstades i livet sitt, leve i augneblinken utan å leggje så mange planar. Vi kjende vel alle ei god ro ved denne boka og fleire tenker hardt på å lese fleire bøker av Rune Christiansen.

mandag 5. august 2019

Hausten kjem før du anar og snart er det nytt møte i Selskapet

  Selskapet fann ut at i år passa det med å ha ein lang sommarferie og då tenkte vi at det kunne bli tid til å lese meir enn ei bok! Difor valde vi både Rune Christiansen si Brageprisvinnande bok: Ensomheten i Lydia Ernemans liv og Sommeren uten menn av Siri Hustvedt.
Vi skal samsnakkast om bøkene torsdag 12. september kl.19.00Strilabiblioteket, Frekhaug
Om du vil vere med, ta kontakt med biblioteket. Velkomne!

onsdag 26. juni 2019

Kva såg Homer

Det var siste møte i Selskapet før ferien, det var sommarope på biblioteket og framskynda møtetid, men dei fleste hadde klart både å les boka og møte opp til rett tid! Romanen Falle til jorden av Kate Southwood var boka vi hadde lese og dei fleste meinte dette var ei grei bok. Ho var litt tung å lese av di storleiken på skrifta var heller liten og sjølvsagt temaet i boka.
Boka si ramme er ei verkeleg hending frå 1925. Ein veldig tornado rasar over ein liten by i Illinois og raserer alt. Menneska mistar sine kjære, hus og heim vert øydelagt og alle har tapt noko, med unnatak av Paul Graves og familien hans. Alle i Graves familen kom uskada frå denne ulukka, trelasthandelen som han dreiv står der slik han gjorde dagen før. Familien Graves hjelper naboar, tek dei inn i heimen sin og gjev dei mat. Dei legg dei daude på terrassen og dei gjer alt dei kan for å hjelpe til. Paul må sjå at folk kjem til han for å få laga kister og kona Mae ordnar med hus og mat saman med svigermora Lavinia. Etterkvart kjem det hjelp frå andre kantar av landet og folk flyttar ut av huset til familien, men noko er forandra. Folk begynner å snakke: kvifor mista ikkje familien Graves nokon, kvifor står huset deira og når Paul seier at dei ikkje må bruke det gamle trevirket til å bygge opp att husa sine, får rykta og praten bein å gå på. Barna til Paul og Mae for og høyre kor takknemlege dei må vere og dei vert utsett for utestenging. Mae er ei kjenslevar dame, ho vil at dei skal flytte til California, men det vil ikkje Paul og Lavinia. Ho kjenner seg veldig åleine og det vert stilt mellom ektefolka og svigermora.
Selskapet meinte at dette eigentleg var ei ganske skummel bok av di vi sjølv kan komme i ein situasjon der det "folk flest" meiner kan styre vala våre. Vi kjenner alle til misunning og baksnakking og kva skade det kan gjere. Samstundes har vi lese om andre tragediar at dei som overlever kan kjenne på ei veldig skuldkjensle. Var det slik Mae hadde det? Når familien sluttar å snakke med kvarandre, kva er det då som skjer? Er det ein måte å halde tragedien på avstand eller er usemja mellom dei vaksne så stor at dette er løysinga. Vi syntes heile boka bygger opp til den tragiske slutten, det vert meir og meir intenst og det er med å halde oss som lesarar fast. Dei møter ein massiv motvilje og vi undra oss over at det ikkje var nokon som tok til motmæle, "alle" var jo sinte på dei. Vi vart veldig begeistra for Lavinia, ei dame med mot og eit varmt blikk for svigerdottera som lei så synleg. Romanen viser så tydeleg kva "bygdedyret" kan føre til. Nokre av oss vart ganske overraska over valet til Mae og når den yngste sonen Homer kjem frå skulen og ser inn i garasjen, kva ser han då?
Kan vi anbefale boka? Til dei som likar historiske romanar og romaner om verkeleg hendingar, absolutt. For dei som vil ha ei lettlest bok, nix. For dei som vil lese eit godt skriven roman, ja! For Sothwood skriv godt, det er lite klisjear og det set Selskapet pris på!

fredag 24. mai 2019

Siste møte før det vert sommarferien 2019

Selskapet tek ferie, men først skal vi ha enda eit møte og snakke om romanen til Kate Southwood: Falle til jorden. Boka er heilt ny og sjølv om vi har fått nokre eksemplar i gåve frå Solum Bokvennen forlag, må vi ta sikte på å dele bøkene mellom oss. Gled dere til denne boka som byggjer på ei faktisk hending, men der forfattaren har laga ei historie som vi kanskje kan kjenne oss att i. Kven veit? Kjem du på møtet torsdag 20. juni kl.18.00 på Strilabiblioteket Frekhaug får du vite meir. Velkommen!

NB! Tidspunktet er endra grunna sommaropningstidene for biblioteket.

tirsdag 14. mai 2019

Kor godt kjenner vi kvarandre?

Det er mai og Selskapet var nesten spreidde for alle vindar, men ei lita gruppe samla seg og tok føre seg kriminalromanen Jeg lar deg gå av Clare Macintosh. Heldigvis er det eit sterkt gruppepress i Selskapet slik at dei færraste let vere å klappe boka igjen etter halvgått løp. Flinke jenter gjer leksene sine... Slik var det rett nok ikkje for dei fleste, for fleire sa at dette var ei bok som ga dei noko å tenke på.
Romanen startar med at ein liten gut på fem år vert køyrd ned og drepen. Så møter vi Jenna som har pakka sekken sin og reiser vekk. Ho kastar mobilen og går. Ho går heilt til ho kjem til Penfac og ein campingplass der ho får kontakt med eigaren som hjelper  ho til kontakt med eigaren til ei hytte ho får leige. Jenna er redd og ho har mareritt. I neste kapittel møter vi Ray, politietterforskar og den nye medarbeidaren hans Kate. Dei skal etterforske drapet på guten Jacob som vart køyrd ned. Mor til Jacob er forsvunnen, kor er ho og kvifor er ho borte? Jenna begynner etterkvart å kjenne seg trygg i hytta. Ho går ned på stranda og tek bilete av himmel, sand og hav. Ho skriv ord og helsingar på stranda og eigaren på campingplassen oppmuntrar henne til å selje desse bileta. Jenna er kunstnar, eigentleg skulptør før ho rømde frå Bristol og fortida der. Ho møter Patrick då ho prøver å redde nokre hvalpar. Han er vetrinær og overtaler henne til å ta seg av hvalpen som overlever. Ho gjer dette og livet blir til å bere. Ray og Kate jobbar vidare for å oppklare saka, men det er få spor å finne. Ray veit at sjefen ønskjer å stanse etterforskinga, men Kate er ung og sulten på å gjere eit gjennombrot. Dei to kjem farleg nær kvarandre og Ray må tenke på familien sin som og har sine utfordringar. Omlag halvvegs i romanen kjem Ian inn i bilete og vi får høyre korleis han og Jenna møttest. Ian ser alt ut i frå sin synsstad. Han gjer aldri noko feil, han vil eige Jenna noko som vi ser når han fortel om korleis han planlegg å ha henne heilt for seg sjølv.

Selskapet syntest denne vekslinga mellom personane som fortel i romanen var ganske forvirrande, men etterkvart kom alle inn i denne skrivemåten. Når vi møter Ian skjer det og eit temposkifte i framdrift og det bygger seg opp eit veldig drama. For det vi hadde trudd var grunnen til at Jenna hadde rømt, var slett ikkje det vi trudde før Ian kom inn i bilete. Kven var mor til Jacob og kva tilknytting hadde ho til desse hendingane, var ho og sonen tilfeldige offer?

Selskapet diskuterte psykopater og deira handlingar. Kor lett er det å finne ut at du har med ein spykopat å gjere? Kva veit vi om kva som går føre seg hos naboen eller dei vi trur vi kjenner?  Boka tek opp eit alvorleg og aktuelt tema. Vi syntes skildringa av forholdet mellom Ray og Kate var kleint, Ray med konstant dårleg samvit ovanfor kona og ungane og Kate som er ung og underordna. Boka var skriven før #metoo - helt tydeleg! Boka har ein open slutt og vi diskuterte om dette var ei styrke eller ein svakheit, vi var ikkje samde her. I konservativ krim er det alltid slutt når det er slutt, her er vi ikkje sikre... kva vil forfattaren? At vi skal sitte igjen med eit spørsmål?

torsdag 2. mai 2019

Vi møtast i mai

Nokre i Selskapet ville lese krim. Nokre i Selskapet ville lese bøker med kvinnelege forfattarar. Då vart valet for mai-boka Clare MacIntosh si debut bok Jeg lar deg gå.
Det kan verte spennande å høyre kva som vert diskusjonen denne gongen! Vert det slakt eller hylling? Eller kanskje noko midt i mellom? Den som møter opp får sjå.
Har du lyst til å vere med? Møt opp på Meland bibliotek 9. mai kl.19.00.
Velkomne!

onsdag 24. april 2019

"Mykje sit mellom øyra, men ikkje alt"

Årstida kalla på ei lettlese bok og valet for "mars-boka" vart Isabel Allende si bok Etter vinteren. Vi tok ein runde mellom dei frammøtte i Selskapet og eit klart fleirtal hadde hatt ei kjekk lesestund med denne. Boka er med i serien Lesetid, ein serie bøker som har både særs lettlese bøker og andre gonger slik som denne, bøker kor ein faktisk kan lære noko om tilhøva rundt om i verda.
Boka har tre hovudpersonar Lucia, Richard og Evelyn. Dei fortel kvar si historie som på kvar sin måte er rystande. Lucia frå Chile fortel om flukt, tap og sjukdom, men og om gode dagar. Richard fortel om far sin og arven han tek opp etter han. Om kjærleik, barn og grusomme tap, om trongen til å gøyme seg frå livet og ikkje involvere seg. Evelyn fortel om livet i Guatemala, om å leve saman med bestemora, om den gode presten Benito som reddar livet hennar frå terroristar. Ho fortel om flukten til Amerika, der ho ikkje er ønskt velkommen, men snik seg inn likevel.
Desse tre "møtest" ein vinterdag med snøstorm i New York. Evelyn køyrer inn i bilen til Richard og i bilen har ho eit lik som ho må bli kvitt. Lucia er leigetakar i huset til Richard og sjølv om han har prøvd å halde Lucia på god avstand, må han no be henne om hjelp. Evelyn har lånt den fine bilen til arbeidsgjevaren sin. Ho er pleiar til ein sterkt handikappa gut og dei to har fått god kontakt. Ho oppdagar liket i bilen når ho er på veg ut for å kjøpe bleier til guten og krasjet fører til ei rekke rare, lett komiske og nokre irriterande hendingar.
 
 Alle meinte at historia Evelyn fortalde var både gripande, forferdeleg og vi lærte noko om tilhøva i Guatemala. Nyhende fortel om Sør-Amerikanarar som går mot grensa til USA for å komme inn i landet og få ein ny start. Evelyn vart ein av dei som vi berre ser i forbifarten og som slik menneskeleggjer flyktningane. Sjølv om historia til Lucia vart ei ny påminning om den valdeleg historia til Chile og kva eit diktatur kan føre til, syntes vi nok at ho var ganske gesjeftig og særleg ovanfor Richard. Han på si side ga oss eit bilde på korleis personlege tragediar kan knuse livslysta til eit menneske, men makan til treig type og sååå redd for å bli involvert. Vi meinte at han trengte å bli rista ut av rutinane sine og sjå andre enn seg sjølv.
Vi likte måten boka var skriven på, tre personar med eit felles prosjekt, dette ga tempo til historia. Vi fekk forståing av kvifor dei handla slik dei gjorde, men då vi skulle snakke om kjærleikshistoria mellom Richard og Lucia - himla alle med "øgene" og meinte at dette kunne vi vore spart for. Det er viktig å få sagt at det midt i alvoret var nokre kostelege hendingar som løfta boka og  gjorde ho til ei fin lesaroppleving.

fredag 15. februar 2019

Å ha eit godt liv handlar ikkje om kor du bur

Etter sterke anbefalingar hadde Selskapet vald å lese Lille land av debutanten Gaël Faye. Det er ikkje godt å si kor vellukka det var, for fleire av deltakarane syntest dette var ei kjedeleg bok, for kjedeleg til å lesast heilt ut til og med. Andre derimot likte boka og forteljer måten godt.

Boka si handling er sett til Burundi, tida er tidleg på 1990-talet og dei som har levd ei stund veit da at på denne tida hendte folkemordet i Rwanda, nabolandet til Burundi. Ei grusom nedslakting av tutsiar og hutuar seg i mellom. Hovedpersonen er Gabriel/Gaby han lever saman med mor som er tutsi og far som er franskmann, veslesøstra Ana og to tenarar. Familien bur i ein blindveg i eit velståande strøk. Gaby sine næraste venner bur i nabohusa og livet hans kretsar om dette området. Han går på den franske skulen og blir kvar dag køyrd til skulen. Gaby vil at tilveret skal vere slik det er no; leik og moro, eit trygt liv med familie og venner rundt seg. Foreldra skiller seg og mora flyttar ut. Verda rundt trykker på og sjølv om Gaby strittar imot, vert spenninga i samfunnet aukande, rykta om redslane er ikkje lenger slik at han kan lukke augene for dette. Mor hans har familie i Rwanda og ho er engsteleg for dei og tek borna med på ei reise til slektningane i Rwanda. Gaby hugser leik og moro med kusinene og fetteren frå andre besøk, men denne gongen er det redsla for kontrollar på vegane og fiendskapen mellom folkegruppene som pregar turen. Vennene til Gaby lagar ein klubb og ein ny gut kjem med. Stemninga i gruppa endrar seg og nokre av dei vil at dei skal ta del i opprøret, ta side og vere med. Gaby vil ikkje, han vil at alt skal vere slik som før. I eit samfunn der polarisering kjem i fokus er det vanskeleg å halde seg nøytral. Gaby gøymer seg i bøkene, han finn ei anna verd der, men røynda trenger seg på og han vert tvinga til å ta side, for kva kan skje med dei han er glad i om han ikkje gjer det?

Gaby lever mellom to verder: heime i blindvegen er det trygt, ute der tenarane bur er det uro, det er rykte om vald, det er vanskeleg å klare kvardagen og dette fyrer opp under uroa.
Vi snakka om mor til Gaby som reiser attende til slekta si for å leite etter dei. Ho finn dei og må bere nesten oppløyste kroppar ut i hagen og gravlegge dei. Ho kjem heim, men er ein heilt annan person. Kor mykje kan eit menneske bere? Kor mykje vald og øydeleggingar kan ein sjå utan å bli slått ut og slått ned sjølv? Mor til Gaby klarer ikkje dette lenger, ho får ein uboteleg skade og lever eit slags liv vidare med dette.
Vi snakka om gruppepress. Sjølv vaksne vert pressa til å velje side, kor mykje meir då ein gut på 11 år?
Boka fortel om det første demokratiske valet i Burundi og vi snakka om i kva for grad overgangen frå einparti stat til fleirparti stat kunne finne stad i dette landet. Vi fann ikkje noko godt svar på dette, men det handlar kanskje om å finne sin eigen veg, steg for steg?
Når ein roman har ein gut som forteljar vert ikkje personskildringa det viktigaste. Vi kjem ikkje på djupna av personane, men vi får ta del i kva han registrerar, kjenslene og den desperate lengsla etter det kjende, slik alt var før. Vi får og ei anna forståing av tilhøva i Burundi på den tida, sjølv om vi aldri og heldigvis ikkje har same erfaringar.
Oppsummering: Det tok litt tid før vi kom inn i boka, men dei som likte boka hadde ei god lesaroppleving og kanskje skriv Gaël Faye ei ny bok?

fredag 8. februar 2019

Februarmøte!

Tida er inne for eit nytt møte i Selskapet! Denne gongen skal vi samtale om romanen Lille land av Gaël Faye. Faye er debutant, men har fått mye skryt, nominering til prisar og anna god omtale, så er det slik at Selskapet meiner det same? Har du lyst til å vere med; så møt opp på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 14. februar kl.19.00.
Det er jo på sjølvaste Valentinsdagen vi skal møtast, men vi kan vel seie det slik at det er kjærleiken til bøker, litteratur og den gode samtalen som bind oss saman?
Hjarteleg velkommen!

onsdag 16. januar 2019

Møtekalender for våren 2019

Våren vil koma! Medan vi venter på den skal vi lese oss gjennom ei heil rekkje kjekke bøker.
Vi har sett opp følgjande møtedagar for våren.
Torsdag 14. februar
Torsdag 28. mars
Torsdag 9. mai
Torsdag 20. juni
Møta begynner kl.19.00 og alle møta vert på Strilabiblioteket, Frekhaug.
Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med Strilabiblioteket i Knarvik eller på Frekhaug.
Velkomne!

fredag 11. januar 2019

Identiteten vår vert danna i møte med andre.

Selskapet hadde lese Jeg lever et liv som ligner deres i jula og no var tida inne for å ta for seg denne boka som ikkje er ein roman, men har undertittelen - en levnetsbeskrivelse. Med denne undertittelen var det grunn til å nærme seg boka som ein slags sjølvbiografi - og slik vart ho og lesen av mange.
Boka er skriven av Jan Grue og det handlar om livet hans frå han er tre år og det vert oppdaga at han har ein alvorleg muskelsjukdom som lenkjer han til rullestolen og som vil gje han ei kort leve tid. Han måtte heile tida leve med tanken: eg har inga framtid. Boka går fram til i dag, når han er 38 år, har blitt professor, er gift, har eit barn og har fått ein ny diagnose som gjer at levetida hans er like uviss som for alle oss andre. Grue skriv om korleis han opplevde å få overta alle permane frå foreldra med sjukehistoria si, alle søknader, vurderingar, omtalar av seg sjølv på ein særs klinisk og distansert måte. Han var rysta over å bli sett på som eit tilfelle, mennesket Jan vart heilt borte eller uvesentleg på eit vis. Han skriver om foreldra, skulen, utdanninga si og reisene han har gjort. Han reflekterer over korleis vi ser på menneske i rullestol og opplever at det er han som er problemet, ikkje at det er fysiske og mentale sperrer som gjer at han ikkje kan komme dit han vil. Vi får eit innblikk av kor nitidig han må planleggje kvar einaste ting som må gjerast. Hente eit glas vatten, kor mykje tid han må bruke for å kle på seg og ikkje minst om han skal reise. Vi planlegg og, men kan og vere spontane og springe av stad på kort varsel, dette er heilt umogeleg for han.
Han siterer Erving Goffman Selvet må ikke bare tilbys, det må godtas. Og ein annan stad: Det stigmatiserte individet kan også forsøke å rette opp tilstanden sin indirekte, ved å sette mye privat innsats inn på å mestre arenaer som vanligvis er avstengt for en med hans begrensninger.
Han skriv og om Mark O´Brien som fekk polio då han var barn og vart lenka til ei jernlunge så lenge han levde. O´Brien skriv om korleis han vart menneske, ein tittel som fasinerte Grue og som absolutt gjev nokre tankar til oss andre og.
Selskapet var særs delte i kva vi syntest om boka. For nokre hadde boka gått rett i hjartet, medan andre hadde streva seg igjennom og igjen andre hadde ikkje fått noko ut av denne lesinga. Vi var enige om at forfatteren set søkelyset på viktige aspekt i vårt samfunn. Han skriv godt, men akademisk, dette gjer at det er tyngre å komme seg gjennom boka. Nokre syntes boka hadde eit egosentrisk blikk, særs oppteken av seg og sitt og at "eg skal ha det på min måte". Nokre hadde notert flittig og kunne bidra med sitat som gjorde samtalen livleg og interessant. Det var mykje å gripe fatt i ved denne boka og uansett har vi vel fått noko å tenkje på i møte med andre menneske.