torsdag 23. november 2023

To bøker som gjer inntrykk


Selskapet hadde til dette møtet i november lese to bøker av Olaug Nilssen. For nokre av deltakarane var bøkene særs deprimerande og nesten umogelege å komme igjennom. For kven kan tenkje eller førestille seg korleis det må vere å leve med eit barn med autisme? For det er dette desse to bøkene handlar om. Tung tids tale er ein sjølvbiografisk roman som Olaug Nilssen har skreve om seg sjølv og sonen Daniel. Om korleis dei oppdaga at han hadde regresiv autisme. Dei første åra var han som ein kven som helst annan liten gut, men så mista han språket, vart utagerande og dei trong hjelp, mykje hjelp for ikkje å gå under. Vi får høyre om korleis hjelpeapparatet fungerer, eller ikkje fungerer. Vi får høyre om sorga over å ha "mista" den guten han ein gong var og kampen for anerkjenning på at han er der inne ein stad.

Den andre boka av forfattaren: Yt etter evne få etter behov har og tema om ein gut med autisme og familien som omgjev han.  Familien er foreldra Gudrun og Sverre, døtrene Rakel, Lea og Linda, sonen til Lea Benjamin har autisme og bur for tida hos Rakel. Lea har gjeve opp. Ho trur ho har posttraumatisk stress syndrom og ligg i senga og spelar Hay Day. Rakel er lærar, ho er den ryddige, ansvarlege og har tilsynelatande alt på stell. Linda er lege, er gift og har barn. Ho er særs flink til å fortelle foreldra kor lite omsyn dei tar til henne og hennar behov. Foreldra på sin side kjenner på skuldkjensle og tek på seg mykje barnepass og hjelper henne alt dei kan. Når Rakel vert sjuk og treng hjelp er det ingen der. Ho flippar heilt ut og den dagen stikk Benjamin av og heile familien må trø til for å finne han.

Selskapet meinte at forfattaren skriv godt, bøkene var lette å lese, og fleire likte bøkene særs godt sjølv om innhaldet var dystert. Vi vart imponert over dei som har barn med spesielle behov og som heldt ut i år etter år, som kjempar intenst for at barna deira skal få ha eit så godt liv som mogeleg. Vi fekk mykje å tenkje på og vere takknemlege for. Dette er gode bøker, vel verdt å lese!







tirsdag 14. november 2023

Novembermøtet

 

Når Selskapet skal treffast igjen skal vi samsnakkast om to bøker. Begge er skreve av Olaug Nilssen og har som tema barn med autisme og dei pårørande til barnet. Tung tids tale og Yt etter evne få etter behov er begge sterke romanar som det skal bli kjekt å snakke om. Vi møtast på Alver bibliotek, Frekhaug i det nye lokalet i underetasjen på rådhuset. Tysdag 21. november kl.19.00. Velkomne!

torsdag 9. november 2023

Oktobermøtet


Selskapet hadde møte utan skrivaren denne gongen, men dei som var samla hadde ein fin prat og likte romanen godt. Skrivaren har lese boka og har her laga ei lita omtale:

Har du lese Gutten i den stripete pysjamasen? Alt som er ødelagt er ein slags oppfølger til den boka.  I denne romanen av John Boyne møter vi Gretel Fernsby på 91 år, ho har budd i London i 70 år, men er fødd i  Tyskland. Gretel bur iMayfair i London i ein leilegheit som ho og mannen hennar eigde. Mannen er død, men Gretel har eit enkelt og behageleh liv. Hun prøver så godt hun kan å ikkje tenke attende på barndomen og ungdomen sin og hun gjer sitt ytste for at ingen skal interessere seg for henne. Dette går fint til ein ung familie flyttar inn i etasjen under. Hun vert kjend med den vesle sonen Henry og dei vert venner. Ein dag høyrer Gretel ein veldig krangel mellom foreldra og ho finn Henry i hagen der han prøver å gøyme seg vekk. Det vert tydeleg for Gretel at her er det meir enn berre ein krangel og for å redde Henry må hun gjere noko. 

I annakvart kapittel får vi høyre om Gretel sin barndom og ungdom. Hun vart fødd i Berlin, hun hadde ein veslebror, Bruno, faren var kommandant ved ein berykta konsentrasjonsleir i Nazi-Tyskland og mora treivst godt med å vere kona til en velståande mann. Etter krigen rømer Gretel og mora til Paris og opplever nokre vonde år der før Gretel flyttar først til Australia og så til London. Gretel veit at ho indirekte var skuld i at broren døyde. Ho prøver å leggje bak seg både fortida som barn av ein nazist og det ho gjorde ved å erte opp broren. Når ho ser kva faren i den unge familien gjer med kona og sonen vert ho opprørt. Endeleg tør ho å handle og slik gjere opp for gamle synder.

Det er ei fasinerande bok. Når Gretel møter den unge familien er det som dørene til fortida vert  sprengd og ho må tenke attende på livet sitt. Hun tenkjer på kjærasten Kurt som kom seg unna krigsforbrytelsene han var med på. Hun tenkjer på korleis ho og mora vart truga og utsett for vald i Paris og ho tenkjer på dattera som hun fødde for mange år sidan. 

Det er slett ikke naudsynt å lese Gutten i den stripete pysjamasen for å ha glede av denne boka, men den er også ei særs god bok, så kvifor ikkje? Alt som er ødelagt er ei interessant og flott bok - anbefalast!