fredag 12. oktober 2018

Novembermøte


Novemberboka vert denne gongen Haruki Murakami sin roman Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår.
Det vert spannande å snakke saman om denne boka, for det er slik med Murakami sin forfattarskap, det er anten hat eller elsk, korleis blir det den 15. november  kl 19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik?
Fleire som elskar? Eller....

Har du lyst til å vere med å samtale om denne boka eller andre bøker vi tek føre oss? Ta kontakt med biblioteket på Frekhaug eller i Knarvik så får du informasjon.
Velkommen!

mandag 8. oktober 2018

Makt over eige liv, kven har det?

Selskapet møttes og snakka om Jenny Erpenbeck si bok "Går, gikk, har gått". Ei bok om flyktningar, livet i Berlin, pensjonisten Richard og nokre av vennene hans.
 Boka handlar om Richard, enkjemann og pensjonert professor som prøver å finne et innhald i livet sitt etter at kona døde og arbeidslivet er over. Han bur i Berlin og på ein av hans daglege spaserturar oppdagar han at nokre unge afrikanarar har slått leir utanfor rådhuset med ein plakat som seier "Vi blir synlege". Dei er asylantar og venter på at søknadene deira skal verte handsama. Myndigheitene ønskjer ikkje å ha en teltleir utan for rådhuset og det blir oppretta ein avtale, Oranienplatz-avtalen. Richard kjem i kontakt med nokre av desse mennene og vi får høyre om livet deira både i Berlin og om korleis de levde i heimlanda sine. Richard oppdagar kva Dublin II avtalen eigentleg betyr og han trår til og prøver å hjelpe dei i den tyske byråkratiske jungelen. Han oppdagar også at menneske vert  flytta hit og dit og at dei sjølve ikkje har styring med liva sine. Han spør dei kva de ønskjer seg av livet og alle vil ha arbeid, kjenne seg trygge og byggje opp att livet sitt. Richard kjenner seg igjen i forteljingane deira av di han vaks opp i Aust-Berlin og opplevde at hans fortid og historie på ein måte vart utradert i det muren fall og alle tyskarar igjen skulle være brør. Denne erfaringa gjer at han er nyfiken verkeleg ønskjer å hjelpe.

Selskapet var litt delte i synet på denne boka, nokre syntes dei måtte slite litt for å komme inn i forteljinga, medan andre var inne i boka med ein gong. Vi vart straks interessert i Richard, for kven var han eigentleg og kva var det som gjorde at han viste ei slik interesse for flyktningane? Han bur ved ein vakker innsjø, men sidan ein mann har drukna der er det ingen som vil bade der lenger, er det redsla for den daude som stansar dei? Eller er det Richard sine tankar om at hans liv går inn i den siste fasen? 
Selskapet tok og ein runde med synet på byråkratiet sine føremoner og ulemper. Byråkrati er bra av di det sikrar lik handsaming av søknader, men eit firkanta og stivbeint byråkrati er vanskeleg å forhalde seg til. 
Det var vanskeleg å finne eit særskilt høgdepunkt i boka, men vi var samde om at det var ei fin stemning i romanen. Måten boka vart fortald på gjorde at det var ei glede å lese ho. Det svake ved romanen var slutten, den var ikkje heilt truverdig. Når vi har sagt det så var Selskapet svært nøgd med denne boka og sidan vi no har vorte kjend med Jenny Erpenbeck så kanskje les vi fleire bøker av henne? Følgj med!