mandag 8. mai 2017

Forventninga om det perfekte livet

                                                                                                                                                                                                                                
Det har aldri hendt i Selskapet si historie at vi har hatt møte på ein søndag og vi har heller ikkje møtt forfattaren Nina Lykke som skulle snakke om boka Nei og atter nei. Romanen fekk Ungdommens kritikerpris  for 2017 og var nominert til P2 Lyttarane sin pris.
Nina Lykke har skreve to bøker tidlegare og Nei og atter nei er hennar tredje.  Romanen er delt i tre delar, kvar av dei tre hovudpersonane får "sine" kapittel og det gjer det lett å følgje med kor vi er i forteljinga.  Dei tre hovudpersonane er Ingrid: lektor gift med Jan, ho kjenner på at tilværet har mista både innhald og glede. Jan: gift med Ingrid, departementsråd, får ny stilling som avdelingsdirektør og kjenner gleda og det utfordrande i dette. Den nye posisjonen får han til å blomstre opp - livet er ikkje verst. Hanne: arbeider på same avdeling som Jan. I følgje forfattaren er ho ei slags Bridget Jones figur - og for dei som hadde lese boka førde det til ivrig nikking og attkjennande "hum".  Ekteskapet mellom Ingrid og Jan har gått i stå, dei snakker ikkje saman slik dei gjorde før og fellesskapet mellom dei handlar mest om å få dagleglivet til å gå rundt. Ingrid er lei av mann, ungar - dei har to vaksne gutar "som ikke har lært å tørke seg i ræva", ho vil berre bli ferdig med alt - ein gong for alle. Jan og Hanne utviklar eit forhold som er superstimulerande for Jan - og Hanne kjenner på den biologiske klokka og trur at ho gjerne vil gifte seg og få  barn. Tenkjer vi oss om kjenner vi att både personane i romanen, oss sjølv, våre venner og absolutt nokon vi kjenner. Boka har fått mykje merksemd, både gjennom omtaler i aviser og sjølvsagt ved nominasjonane. Nina Lykke fortalde at ho ler mykje når ho les kva ho har skrive. Ho liker kriser - når folk har mista alt og står på bar bakke - då kan alt skje.
Selskapet diskuterte forventingane til det perfekte livet, det perfekte juleselskapet, alt som "må" gjerast for at livet skal vere "bra nok" for oss. Er det ikkje vi sjølve som skaper desse forventningane?
Nina Lykke sa at: mennesker er sjeldan nøgde, vi vil gjerne gå vidare. I Noreg har vi tryggleik i form av institusjonar som plukkar oss opp om noko går gale. Vi er skapte til å slite. Noko driver oss og vi vert drevne av det.
Forfattaren sa at ho vert inspirert av mange ting, samtalar på T-banen, det ho les og høyrer. Ho skriv dagbok kvar dag (nesten) og dette er med på å lære henne meir om seg sjølv. Ho kunne røpe at ho levde seg mest inn i Ingrid, men ho var eigentleg like glad i alle.
Det er sjølvsagt nokre fleire personar i boka, mellom anna Julie - ei spennande dame som Lykke kanskje skal skrive meir om - vi les meir enn gjerne vidare om Ingrid, Jan og Hanne - og kvifor ikkje Julie?
Selskapet heldt det gåande med spørsmål og refleksjonar og vart til slutt jaga ut i den fine mai-kvelden.


                                                                                                                                                                  

søndag 7. mai 2017

Nina Lykke på Strilabiblioteket Frekhaug

Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap er både ein samtale om boka Nei og atter nei og eit møte med forfattaren bak boka.
Nina Lykke kjem til Strilabiblioteket på Frekhaug sundag 7. mai kl.17.00 .
Velkomne!