mandag 21. november 2016

Vegen tilbake til språket

Selskapet samla seg litt før vanleg tid og kasta seg med ein gong over boka "Du skal ikke dø". Hovudpersonen vaknar opp og skjønar ikkje kor ho er eller kva som har skjedd. Langsamt vert det klart at ho har hatt ein hjerneblødning og ho hugsar ingenting frå livet sitt. Etter som dagane går hugser ho stadig meir. Ho oppdagar at ho hadde hatt eit forhold til ei transe-kvinne og at ho var i ferd med å reise frå mannen sin. Ho er psykolog og forfattar, ho har fem barn, to frå eit tidlegare forhold og tre barn med sin noverande mann. Ho klarer ikkje snakke skikkeleg, men tankane er det ikkje noko gale med. Det er strevsamt å komme tilbake til eit så normalt liv som mogeleg og vi merka oss hennar raseri, men og den barske humoren som låg bak tankane hennar og observasjonane ho gjorde seg.
Er heltinna vår eigentleg ein sympatisk person? Nei, det er ho ikkje. Ho er sterk, ho tek seg av barn, hus og jobb. Selskapet var ganske sikre på at ho ikkje ville flytte frå mannen sin, men berre plage han litt. Han hadde jo forelska seg i hennar beste(?) venninne og flytta ut av huset - før han ombestemte seg og flytta heim att.
Høgdepunkta i denne romanen er miljøskildringa av Aust-Tyskland, det er genuint og det fyller ut bilete vi har frå andre bøker. Vi lo godt av omtalen av bilen som ikkje kunne køyre i oppoverbakkar og han, den stakkars venen som skulle flytte til Sverige - landet han såg på som den siste kommunistiske utposten.
Forfattaren opplevde sjølv i 2002 å få hjerneblødning og denne erfaringa, gjer at det ho skriv om kampen for å komme tilbake til eit normalt liv er truverdig. Vegen tilbake til språket og livet utanfor institusjonen er gripande, sjølv om Selskapet var noko delte i dette.
Vi undra oss over at ho ikkje sakna barna sine, ho synte inga teikn på takksemd for det personar rundt henne gjorde for henne. Mannene hennar kjem kvar dag og besøker henne, men ho synest heller det er plagsamt med så mykje besøk...
Ho har eit analytisk blikk på seg sjølv, men gjev liten plass for andre menneske.
Dette er ikkje ei trist bok,med det dramatiske temaet og dei få lyspunkta i romanen er det merkeleg at ho ikkje er trist. Vi lo heller av hovedpersonen sine opprør og observasjonar, ein av medpasientane kallar ho for "den defekte" - det var verre for han enn for ho. Rå dame, får vi seie.

mandag 7. november 2016

Novembermøte

Du skal ikke dø av Kathrin Schmidt er neste bok Selskapet skal lese av tysk samtidslitteratur. Denne romanen fekk den tyske bokhandlarprisen i 2009!
Vi samtalar om boka torsdag 17. november kl.18.00 (merk tida) på Meland bibliotek - Strilabiblioteket, Frekhaug
Det er grunn til å merke seg at same dag kl.19.00, på same stad kjem Christine Hamm, professor i Nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen og heldt føredrag om "Den norske romanen". Velkomne til begge hendingane!