torsdag 30. mars 2023

Ferdinand Bardamu - eit rastlaust liv

 


Kor mange gonger hadde ikkje fleire i Selskapet tenkt at dette er ei bok eg vil lese! Reisen til nattens ende av den berømte og berykta Louis-Ferdinand Celine. Ein roman som har sett spor etter seg i den vestlege verdslitteraturen. No, endeleg, hadde vi gjort det og tida var inne til å dele tankar og refleksjonar om denne romanen. Som vanleg var det nokre som likte boka, andre hadde gjeve ho opp, medan dei fleste som var møtt opp var begeistra.

Det er ei mangslungen roman om hovudpersonen Ferdinand Bardamu, venene hans og dei han kjem i kontakt med gjennom reiser og arbeidet. Vi møter Bardamu då han ved eit innfall vert innrullert i hæren. Gripen av ei kort begeistring følgjer han med marsjerande soldater og plutseleg er han med i hæren. Det tek ikkje lang tid før han oppdagar at krig og soldatlivet ikkje er noko for han, men korleis skal han kome seg ut av dette? Hugs på at dette er første verdskrigen og det viktigaste for ein soldat var å vere tapper, kjempe for fedrelandet og døy med ære, andre løysingar - om ein ikkje vil vere ein feiging var ikkje mogeleg. Han kjem seg ut, men langt i frå med æra i behald. I hæren møter han Léon Robinson som han stadig møter igjen gjennom dei åra vi følgjer Bardamu.
Bardamu må skaffe seg ei inntekt, han treff Lola, ei amerikansk kvinne som vil gjere ein innsats i krigen, men helst langt unna kamphandlingene og helst med eit godt økonomisk resultat. Ho oppdagar at Bardamu slett ikkje er ein tapper soldat, men er mest oppteken av å klare seg gjennom livet på ein eller annan måte. Han får seg ein jobb i Utsugingskompaniet og reiser til Afrika. Etter mange merkelege hendingar treff han att Robinson og ting som får lesaren til å sperre opp augene skjer. Han kjem seg frå Afrika nokre erfaringar rikare og reiser til New York. Der treff han att Lola. Ho let han få bo hos henne, men dette varer ikkje lenge og han dreg vidare til Detroit for å få seg arbeid på fabrikkene der. Han treff Molly, ei prostituert kvinne med eit venleg sinn og stor omsorg for Bardamu. Han er glad i Molly, men er samstundes redd for at han ikkje vil ha nok kjærleik til Livet:

«Jeg var redd for at livet som skjulte seg lengst inn i mørket ville fly av gårde med det jeg lette etter mens jeg ødslet min glød på å kysse Molly, slik at jeg ikke ville få nok igjen til henne, Livet, som er alle virkelige mannfolks virkelige elskerinne» s. 208

Bardamu vert rastlaus og reiser heim til Frankrike. Han tek fatt på studiane att og vert endelig lege. Han etablerer seg i dei fattigaste strøka i Paris og lever på minimale inntekter. Robinson dukkar opp att og som vanleg er han på jakt etter helst lettente pengar. Familien Henrouille er mellom pasientane til Bardamu og her får Robinson eit oppdrag som går utruleg dårleg for han.

Selskapet fryda seg over språk og formuleringane i denne romanen. Det er utruleg mange rare hendingar og vi undra oss over Bardamu, denne tafatte personen som samstundes endar opp i dei forunderlegste situasjonane. Det vart mykje høgtlesing frå boka for her er det mange kostelege sitat. Vi undra oss over at han kunne late ein av pasientane sine blø ihel av di foreldra meinte skamma vart for stor om ho skulle på sjukehus. Kvifor sette han ikkje ned foten? Og vi spurde oss, kven er Robinson? Er han Bardamu sitt alterego? Vi kom ikkje så langt, men det er mykje å snakke om, le av, undre seg over - og fleire sa at denne boka skal vi nok lese omatt, om ei stund. Kva kan vi anna enn å anbefala denne romanen?!

søndag 26. mars 2023

Mars-møte 2023

Ein av dei mest sensasjonelle bøkene skrive i det 20-ande hundreåret er Louis-Ferdinand Celine si bok: Reisen til nattens ende. Dette er boka Selskapet skal samsnakkast om tysdag 28. mars kl.19.00 på BUA, Frekhaug.

Velkomne!