fredag 27. januar 2012

Gleda ved å dele eit godt sitat

Selskapet var i godt lune då dei møttest for å snakke om Hakkepølsa av Torgny Lindgren. Alle var samde om at dette var ei kjekk bok og så mange utruleg flotte setningar! Fleire av desse var det all grunn til å ta fram og dele med dei andre! Det var ikkje heilt greit å finne ut kven denne notisskrivaren var, men med felles hjelp fann vi ut at det måtte vere Mannfred Marklund, mannen til Eva, ho som hadde lærar Lars på lemmen og delvis i senga. Det er notisskrivaren som fortel historia om Lars og Robert som er på jakt etter den ultimate hakkepølsa. Men han skriv og om mykje anna av stort og smått og som han sjølv seier: Når et menneske først har kommet seg inn i en notis, sa han, da slipper det neppe ut igjen.
Det heile startar med at Mannfred har ein bijobb som notisskrivar i ei avis, han får eit brev frå sjefsredaktøren som har funne ut at det meste som han skriv ikkje er sant, berre fri fantasi. Sjefsredaktøren nektar han å skrive ein einaste notis til og Mannfred legg frå seg blyanten og skriv ikkje meir før sjefsredaktøren er daud, då har han vorte 107 år. Mannfred har flytta på aldersheimen og der har han det svært godt, tykkjer han. Pleiarane er hyggjelege og særleg Linda. Når sjefsredaktøren er daud meiner Mannfred at forbodet mot notisskriving er oppheva og han kan fortsette der han slapp for 54 år sidan. Han set i gang og så får vi forteljinga om Lars som får tuberkulose, men blir frisk att og han trur no at han er imun. Lars tar lærarutdanning og får jobb på skulen i Avabäck. Han flyttar inn  til Eva som bur åleine sidan mannen hennar og  har fått tuberkulose og er på sjukehus. Vi møter  Robert Maser som kan vere Martin Bormann, tysk politikar og krigsforbrytar som lærte seg svensk. Etter krigen forsvann Bormann - og kven veit kanskje han kom til Avabäck? Lars og Robert treff kvarandre, oppdagar at dei elskar å synge og ikkje minst er driven av ei veldig trong etter å smake på alle slags hakkepølser i området. Dei set seg på motorsykkelen og reiser rundt og kor dei kjem er det alltid hakkepølse å få, men det er den ultimate hakkepølsa dei leitar etter - og dei finn ho.
 Romanen er meir enn ein bygderoman, for her er det rett nok skildringar av folk og situasjonar som vi kjende igjen frå bygdelivet, men forfattaren går ut og inn av forteljinga og vi veit aldri heilt kva som er fantasi og kva som er sanning. Kva vil forfattaren med denne boka? Si noko om korleis eldre menneske vert passa på, ja, nærast overvaka? Mannfred lever mykje lenger enn gjennomsnittet, han brukar mengder av papir og blyantar, til og med fargestiftar!
Bestyrerinnen vil ikke like det, sa Niklas og pekte på papiret og fargestiftene. Det tilhører ikke virksomheten: Hvilke virksomhet? Kommunenes Planen for kommunal virksomhet.
Fleire i Selskapet fann ut at denne boka skulle dei nok lese om att, for her var det mykje som godt kunne lesast fleire gonger.