Jau, men her er vi heldigvis ulike. Nokon hadde mora seg over både hovudperson og andre personar, alt kva forfattaren har kome opp med av hendingar og underlege samantreff. Medan andre hadde irritert seg gjennom boka og uten det kjende gruppepresset aldri hadde lese heile.
Boka handlar om Josephine eller Jo som lever i si eiga heimeboble "alt for mann og barn". Sjølv om ho er forskar i middelalderlitteratur, har ho null sjølvtillit og det er berre den gode og for oss noko mystiske vennina Shirley som har tru på at her fins det meir enn berre ei grå overflate. Andre personar er: mannen hennar Antonio og dei to jentene deira
Hortense og Zoe, søstera Iris, mannen hennar Philippe og sonen, mora til Jo og
Irene Madame Mor og ikkje minst mannen hennar Marcel (Chef) og elskarinna hans.
Antonio er arbeidsledig og har eit forhold til ein frisør, dette har vore
tydeleg for alle men ikkje Jo som lever for familien sin, sett alle andre først
og tenkjer absolutt ikkje på seg sjølv. Ho er den som tener pengar til det daglege brød. Når det endeleg
går opp for Jo at Antonio bedrar henne, kaster ho han ut og han flyttar med elskarinna til Kenya for
å drive krokodilleoppdrett. Iris har gifta seg med den vakre og velståande
advokaten Phillipe og har alt det ein
kan kjøpe for pengar, men ho synest livet er keisamt. I eit
middagsselskap fortell ho til en forleggjar at hun skriv på ein roman om 1100-tallet. Han vert veldig interessert og ber henne vise han eit utkast. Iris prøver å komme seg ut av dette,
men bordet fangar og ho overtaler Jo til å skrive romanen og få pengane, medan
ho, Iris, skal ta seg av marknadsføringa og være boka sitt ansikt. Jo treng pengane desperat og går
med på dette. Døtrene til Jo saknar far sin og Hortense lar
alt raseriet over at han ikkje lenger er der, over at de har dårleg råd, at mora
ikkje bryr seg om korleis ho ser ut og ikkje minst at de bur i en forstad til
Paris og ikkje i byen, gå utover mora. Hun meiner Jo bør vere snillare mot både
Madame Mor og søstera Iris, men sjølv for Jo er det grenser for kor mykje ho
skal lete seg trakke på. Antonio tek kontakt med familien, han har teke opp eit
stort lån som Jo i si tankeløyse har skreve under på og som dei no begge er
ansvarlege for. Han får ikkje løn frå den kinesiske samarbeidspartnaren og det
er dirfor Jo som må sørgje for å betale tilbake lånet. Jo går på biblioteket for å få ro til å
arbeide og der treff ho Luca. Han er vakker, mørk og mystisk og Jo blir
forelska. Jo oppdagar kor opplivande det er
at nokon ser ho som kvinne og ikkje berre som eit inventar. Marcel, Madame Mor
sin ektemann og stefar til Jo og Iris ønskjer seg mest av alt eit barn, men det vil ikkje Madame Mor. Han søkjer trøyst hos sekretæren, men ho vil ikkje
berre være en leverandør av eit barn og krev at Marcel frigjør seg frå kona.
Det er mye som står på spel både for den eine og den andre i denne romanen.
Selskapet fann ut at her er det mange grådige personar: Antonio, elskarinna hans, søstera Iris, Hortense, Madame Mor og Marcel. Forfattaren skriv godt og vi vert med på den elleville ferda. Samstundes vert det for grunne personskildringar og det er berre hovudpersonen som kjem fram, medan dei andre vert figurar. Hovudpersonen har fleire fortrengte hendingar frå barndommen som ho etterkvart hugsar og dette er med til at ho vaknar opp og hevdar sin plass meir og meir.
Nokon i Selskapet skal lese både bok nr. 2 og 3 om Jo og hennar opplevingar, medan andre skal snarast råd legge denne hendinga bak seg. Det er dette som er interessant med ei litteraturgruppe - vi er ulike lesarar, bøker verkar ulikt på oss men det må vere rom for alle stemmer, både dei som jublar og dei som grin på nasen.