fredag 29. desember 2017

Ein leksjon i engelsk kultur, klasseskilje og lojalitet

Vi hadde lese Resten av dagen av Kazuo Ishiguro som fekk Nobelprisen i litteratur for forfattarskapen sin. Selskapet var begeistra, det kan ikkje seiast på anna måte. Det tok litt tid før vi vart vande med språket for forteljinga om butlaren Stevens var ført på ein litt omstendeleg og gammaldags måte. Dette grepet frå forfattaren gjorde at vi raskt kom inn i stemninga i boka - tida frå 1920-talet og fram til 1956. Heile romanen er sett gjennom augene til butlaren Stevens, det er han som fortolkar hendingar og utsegner og det er han som gjev oss innsikt i livet på Darlington Hall. Vi er med han på ei kombinert reise/ferie i England. Han vil prøve å komme i kontakt med miss Kenton som var hushalderske på Darlington og som han no håper vil komme tilbake. På denne reisa tenkjer han på livet sitt, hendingar i verda som ga gjenklang sjølv i Darlingtons lukka verd og lorden/ "hans nåde" si rolle før den andre verdskrigen.
Stevens såg ingen feil ved lorden. Lorden fortolka hans verd og verda utanfor var i alle samanheng slik lorden sa at han var.
Stevens såg heller ikkje at miss Kenton var forelska i han og på mange måtar ønskte å gjere han sjalu. Ho prøvde å få han til å sjå det urettferdige ved at ei jente med jødiske røter vart sagt opp frå arbeidet sitt, men han nekta for at det var slik.
På reisa opplever han at nokre han møter trur han er lord, sidan han køyrer i ein flott bil og har fine klede. Han nektar ikkje for det, men han gjer heller ingen ting for å rette opp misforståinga.
Stevens er svært oppteken av å ha rett haldning som butler, ein skal vere verdig, lydig, tilstades under alle tilhøve, herrskapet framfor alt. Ja, til og med når far hans ligg på det siste er det viktigare å vere på plass for herrskapet enn å sitte ved dødssenga til hans.
Stevens lever i ei boble, der har han kontroll og oversyn og han vert ikkje utfordra på nokon måte. Det er når miss Kenton kjem inn i bilete han får problem, men samstundes skaper dette nye og ukjente kjensler hos han. Stevens er diverre så forknytt at miss Kenton gjev opp, gifter seg og flyttar til ein annan del av landet. Ho sender nokre gonger brev til Stevens og det er hans tolking av desse breva som gjer at han reiser med von om eit mogeleg møte med henne som mål - og kanskje at ho kjem tilbake til godset.
Når Darlington får ein ny eigar må han prøve å finne ut korleis han skal tene denne best mogeleg og det set han på nye prøver.

Som sagt Selskapet var begeistra og kunne ikkje finne dei svake punkta i romanen. Høgdepunkt var det nok av som tildømes når Stevens vert overtala til å klatre opp på ein ås og skue utover det vakre engelske landskapet. Dette synet blei med han gjennom heile reisa og opna opp for andre refleksjonar.

Selskapet hadde gjennom samtalen om boka mange sidespor som til dømes: å lære ting grundig (gå på husmorskule), ein runde om klasseskilje og det litt fåfengde i ønske om "å vere til lags".

Med dette møtet ønska vi oss sjølv god jul og vel møtt 25. januar 2018.

torsdag 9. november 2017

Desembermøte

Sjølv om det nærmar seg jul med raske steg skal Selskapet samle seg torsdag 14. desember kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug.
Vi skal ta føre oss nobelprisvinnaren Kazuo Ishiguro si bok Resten av dagen. Denne boka fekk Man Booker prisen i 1989 og det er laga film av henne.
Det er berre å gle seg til å lese og samtale om denne romanen. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med Strilabiblioteket på Frekahug eller i Knarvik. Velkommen!

onsdag 8. november 2017

Vingebelastning eller er det stekka vengjer?

Selskapet starta med ein kort gjennomgang av handlinga i boka. Så kommer spørsmålet: Kva betyr eigentleg tittelen og kvifor har forfattaren brukt denne. Har det noko med at Andreas hovudpersonen har for stor belastning på vengene, han er rett og slett ikkje konstruert for slike tunge bører. Eller betyr det at han i utgangspunktet har stekka vengjer? Han kan ikkje av ulike grunner flyge ut av reieret og ut i verda og verte ein vaksen sjølvstendig mann.

Andreas er sambuar med Hanne. Han studerte noko som var inne i tida, noko han eigeleg ikkje treivst med, men det var jo så hipt og kult. Hanne er ambisiøs og vil at Andreas skal gjere karriere, men det er han ikkje interessert i. Han kjem utfor ei ulukke og vert lagd inn på sjukehus for observasjon, der får han eit anfall av angst og han får tilbod om psykologhjelp. Andreas begynner å gå til psykologen Bjrønar for å finne ut av livet sitt. Dette synest Andreas er flott, han kan snakke om seg sjølv og sine tankar og Bjørnar kremtar og noterer. Han går tilbake til barndommen og ser at foreldra har behandla han feil, både dei og kjærasten Hanne har pressa han inn i noko han ikkje vil. Han vil ta dette opp med foreldra, men når han kjem dit har sambuaren med broren hans abortert og alle er opprørde over dette. Andreas vert sur, men vil ikkje innrømme det, for ingen vil høyre på det han har å seie. Hanne flytter frå Andreas, ho orkar ikkje lenger å bu saman med ein som er så sjølvsentrert. No har han berre Bjørnar, om han svik, kva har han då?
Selskap var litt delt når det gjaldt Andreas, nokre syntes synd i han og andre ville riste han og be han ta seg saman. Vi diskuterte om det er slik at det "ikkje er bra nok å sitte i kassen på Rema", tenk på alle dei som ikkje vil delta i karrierejaget, men leve med og i noko som dei meistrar?
Vi avskilta ganske kjapt Bjørnar, han vert ikkje framstilt som ein god psykolog. Nokon meinte: "Han hadde trengt ein Wilhelmsen".
Forfattaren Helga Flatland var vi derimot heilt samde om: ho har skreve ein knakande god roman som engasjerte alle. Vi gler oss til neste bok av henne.

fredag 8. september 2017

November - neste møte i Selskapet


Det tar si tid før Selskapet treffast att, men i mellomtida skal vi lese Helga Flatland si bok Vingebelastning. Det er ei bok om Andreas, ein representant for dei unge og vellukka anno 2014. Men er det slik? Ligg alle vegar opne for han? Dette skal vi samsnakkast om torsdag 2. november kl.19.00 på Strilabiblioteket i Knarvik. Velkomne!

tirsdag 5. september 2017

Arv og miljø

Selskapet samla seg på biblioteket på Frekhaug etter ein lang sommarferie. Vi hadde lese Arv og miljø av Vigdis Hjorth og berre eit par veker før samlinga hadde søstera Helga Hjorth gjeve ut sin roman Fri vilje som eit motsvar eller var det hemn? Fra før hadde vi lese om dei strålande meldingane Arv og miljø fekk, Bokhandlarprisen som ho fekk for boka og mange andre nomineringar. Dei i selskapet som hadde lese boka før dei største debattane i media starta hadde fryda seg over ei strålande bok, levd seg inn i Bergljot sine opp og nedturar og kjent sympatien med hennar skjebne. Så kjem den store "virkelighetsdebatten" - og seint i sommar - som sagt - søstera sitt motsvar til boka.
Vi kjende oss både nyfinkne, men og litt irriterte for kva er det vi eigentleg er invitert til å lese? Ein fiksjon eller ei framstilling av ei røynd sett frå to synsvinklar? Vil vi eigentleg lese slik litteratur?
Vi fann ut at vi ville konsentrere oss så godt vi kunne om Vigdis Hjorth si bok, men likevel - lesinga vart prega av debatten.
Boka handlar om Bergljot som er forfattar. Ho har to yngre søstre og ein bror som er nærare henne i alder. Bergljot påstår at faren har misbrukt henne då ho var liten, broren trur på ho, men veit ikkje noko sikkert. Dei to yngre søstrene kan ikkje tru at dette er sant og nektar for at deira gode far kunne ha gjort noko slik. Mora vil ikkje høyre på slikt vås. Når faren døyr skal arva gjerast opp og dei to yngre søstrene arver kvar si hytte, medan Bergljot og broren får pengar. Dei meiner taksten for hyttene er sett altfor lågt og vil ikkje godta delinga. For Bergljot er det ikkje pengane som er det viktigaste, men det er å bli trudd av resten av familien.
Selskapet var samde i at Vigdis Hjorth skriv godt, ho kan skrivehandverket og det gjer at vi trur på personane, vi trur på Bergljot og hennar historie. Vi var og opptatt av barna til Bergljot, kor vanskeleg var det ikkje for dei å ha ein god relasjon til besteforeldra og tantene? Etterkvart som historia rullar fram tek dei side, men slikt koster for alle.
Vi levde oss inn i kjensla av å ikkje bli trudd, for dette kan Hjorth - beskrive kor makteslaus ein kjenner seg når ein er åleine om si forteljing.
Samstundes - kva kjenner dei som aldri har høyrt denne vanvittige historia før? Kan det verkeleg vere sant? Er det ikkje rett å vere litt skeptisk eller undrande om ikkje anna?
Vi samtala om falske minne, er det slik med Bergljot? Kven veit. Likevel til slutt enda vi opp med dette vanskelege: å skrive om personar som lever idag. Mange forfattarar har gjort det opp igjennom tidene. Dei gode bøkene står att, vi veit lite om kva det har kosta for dei næraste i deira samtid, men i vår medietid får vi vite det og meire til - mykje meir enn vi treng og ikkje minst ønskjer.

Selskapet kjente at det var nok no med "verkelegheitsfiksjon" og skal ved neste krossveg vere sikker på at dette er fiksjon - helt sikkert. Vi får sjå...

tirsdag 15. august 2017

Første bok ut hausten 2017


Lesehausten 2017 startar med Arv og miljø av Vigdis Hjorth. Dette er ei bok det har vore mykje debatt rundt og det er ein bok vi kan gle oss til å lese og snakke om.
Første møte vert torsdag 24 august kl.19.00, Strilabiblioteket på Frekhaug.
Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket anten på Frekhaug eller i Knarvik.
Ha ein god lesesommar og velkomen attende i august!



torsdag 29. juni 2017

Krister Larsen - ein mann, ein monolog.

Siste bok før ferien var Kyrre Andreasen sin bok " For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges". Alle hadde lese boka, men det var ikke så mange som jubla over hovudpersonen Krister Larsen sin monolog som faktisk heldt fram gjennom heile boka. Vi var samde om at dette var ein prestasjon av forfattaren og at vår kjekke litteraturgruppe har mange uthaldande lesarar som ikkje gjev opp i første motbakke.
Boka handlar om Krister Larsen, tidlegare elektrikar, no har han to prolaps i ryggen og er omplassert av NAV på ein skule for å lære innvandrar norsk for arbeidslivet. Krister er forteljaren, han har synspunkt på alt og han legg ut i det vide og breie om livet, relasjonen til kona Marianne, naboane, folk han har arbeidd med tidlegare og ikkje minst dei noverande kollegene på skulen. Han har synspunkt på det meste og noko av det han seier er ikkje så hakkande gale, men er han ein truverdig forteljar? Selskapet var ikkje så sikre på det.
Vi diskuterte korleis vi ser på folk, kva vi trur og kva vi veit - slik Krister kritiserer samfunnet, slik kan vi og kritisere, men kanskje ikkje like bombastisk som han når han dømmer NAV, helsevesenet og skulen nord og ned. Den såraste sekvensen i boka er når Krister, Marianne og Andreas har møte med rektor, klassestyraren og helsesøstera. Dei sit der og høyrer på alt som er gale med Andreas og i siste instans dei sjølve. Krister vil stille opp for Andreas, men når det kjem til eit stykke - gjer han eigentleg det? Korleis vert møte mellom dei med posisjon og dei utan erfart? Krister går ut i ein lang digersjon om helsesøstera og korleis ho har vorte mishandla - og det er allereie her vi mistenkjer at Krister lager si eiga forteljing om korleis ting heng saman, - eller gjer han det?
Vi lurte på korleis det går med Krister, går han rett nedoverbakke eller klarer han seg, der vi forlet han robba for mobil og lommebok på ein campingplass i Nice? Siden det er sommar vonar vi at det går bra - til slutt.

onsdag 7. juni 2017

Siste møte før sommarferien

Den siste boka vi skal snakke om før sommarferien er over oss er Kyrre Andreassen si bok For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges. 
Denne romanen var ein av dei som vart nominert til P2 lyttarane sin romanpris 2016 , den vart ikkje vinnaren, men dette kan vere ei interessant bok å snakke nærare om.
Møtet skal vere torsdag 22. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Knarvik (Lindås bibliotek).
Har du lyst til å vere med på samtalen? Ta kontakt med personalet på biblioteka.
Velkomne!

mandag 8. mai 2017

Forventninga om det perfekte livet

                                                                                                                                                                                                                                
Det har aldri hendt i Selskapet si historie at vi har hatt møte på ein søndag og vi har heller ikkje møtt forfattaren Nina Lykke som skulle snakke om boka Nei og atter nei. Romanen fekk Ungdommens kritikerpris  for 2017 og var nominert til P2 Lyttarane sin pris.
Nina Lykke har skreve to bøker tidlegare og Nei og atter nei er hennar tredje.  Romanen er delt i tre delar, kvar av dei tre hovudpersonane får "sine" kapittel og det gjer det lett å følgje med kor vi er i forteljinga.  Dei tre hovudpersonane er Ingrid: lektor gift med Jan, ho kjenner på at tilværet har mista både innhald og glede. Jan: gift med Ingrid, departementsråd, får ny stilling som avdelingsdirektør og kjenner gleda og det utfordrande i dette. Den nye posisjonen får han til å blomstre opp - livet er ikkje verst. Hanne: arbeider på same avdeling som Jan. I følgje forfattaren er ho ei slags Bridget Jones figur - og for dei som hadde lese boka førde det til ivrig nikking og attkjennande "hum".  Ekteskapet mellom Ingrid og Jan har gått i stå, dei snakker ikkje saman slik dei gjorde før og fellesskapet mellom dei handlar mest om å få dagleglivet til å gå rundt. Ingrid er lei av mann, ungar - dei har to vaksne gutar "som ikke har lært å tørke seg i ræva", ho vil berre bli ferdig med alt - ein gong for alle. Jan og Hanne utviklar eit forhold som er superstimulerande for Jan - og Hanne kjenner på den biologiske klokka og trur at ho gjerne vil gifte seg og få  barn. Tenkjer vi oss om kjenner vi att både personane i romanen, oss sjølv, våre venner og absolutt nokon vi kjenner. Boka har fått mykje merksemd, både gjennom omtaler i aviser og sjølvsagt ved nominasjonane. Nina Lykke fortalde at ho ler mykje når ho les kva ho har skrive. Ho liker kriser - når folk har mista alt og står på bar bakke - då kan alt skje.
Selskapet diskuterte forventingane til det perfekte livet, det perfekte juleselskapet, alt som "må" gjerast for at livet skal vere "bra nok" for oss. Er det ikkje vi sjølve som skaper desse forventningane?
Nina Lykke sa at: mennesker er sjeldan nøgde, vi vil gjerne gå vidare. I Noreg har vi tryggleik i form av institusjonar som plukkar oss opp om noko går gale. Vi er skapte til å slite. Noko driver oss og vi vert drevne av det.
Forfattaren sa at ho vert inspirert av mange ting, samtalar på T-banen, det ho les og høyrer. Ho skriv dagbok kvar dag (nesten) og dette er med på å lære henne meir om seg sjølv. Ho kunne røpe at ho levde seg mest inn i Ingrid, men ho var eigentleg like glad i alle.
Det er sjølvsagt nokre fleire personar i boka, mellom anna Julie - ei spennande dame som Lykke kanskje skal skrive meir om - vi les meir enn gjerne vidare om Ingrid, Jan og Hanne - og kvifor ikkje Julie?
Selskapet heldt det gåande med spørsmål og refleksjonar og vart til slutt jaga ut i den fine mai-kvelden.


                                                                                                                                                                  

søndag 7. mai 2017

Nina Lykke på Strilabiblioteket Frekhaug

Neste møte i Nordhordland Litterære Selskap er både ein samtale om boka Nei og atter nei og eit møte med forfattaren bak boka.
Nina Lykke kjem til Strilabiblioteket på Frekhaug sundag 7. mai kl.17.00 .
Velkomne!

mandag 3. april 2017

Veit du kven naboen din eigentleg er?

Selskapet var nesten "alle mann, alle" denne kvelden og dei frammøtte hadde lese boka og hatt ei fin lesaroppleving. Det kunne ha enda der, men når vi begynte å grave litt meir i denne boka kom det fram at her var det fleire synspunkt enn berre jubelrop.

Historia  vert fortald etter at ting har skjedd, forteljaren  er Jørgen, gift med Vibeke og far til Vidar og Eyolf. Han arbeider med menneske som har en vanskelig bakgrunn og han er ein roleg og litt bakoverlent mann. Han elskar kona og de har eit bra liv saman. I nabohuset kjem det ein ny familie, Steinar, Liv Merete og Magnus. Steinar er lege og han tek mykje plass, han lyser, alle legg merke til Steinar. Familien som flyttar inn er tilsynelatande velfungerande, men det er noko med Steinar som skaper uro hos både Jørgen og Vibeke. Første gang Jørgen ser Steinar tenker han "Her kjem ein fryktlaus mann" (s.14). Jørgen er lidenskapleg fan av fotballaget West-Ham og pleier saman med vennen Bjørn å reise på tur til London eit par gongar i året. Billettene til neste tur er allereie tinga, men Bjørn blir alvorleg sjuk og kan ikkje dra, men da melder Steinar seg og kven kan si nei til han? Turen blir ikkje slik Jørgen har tenkt seg og uroa han kjenner på ovanfor Steinar berre veks. Alt ser så fint ut på utsida, men kva veit vi eigentleg om menneska rundt oss?

I kritikkane har vi lese at Tore Renberg "punkterer" romanen ved at han avslører kva som har skjedd etter ca 200 sider. Det syntes ikkje fleirtalet av gruppa, snarare tvertom - her fekk vi stemma til Steinar som forklarar kva som førte han inn i denne situasjonen. Det einaste er at forfattaren let Steinar skrive på bokmål(!) - Jørgen  si forteljing er på vakkert nynorsk - dette likte vi ikkje. Andre synspunkt var at forfattaren lurer oss inn i ein måte å sjå hendingane på. Vi får ikkje sjølv oppdage kva det er med Steinar. Det er Jørgen som brukar ord som bygg opp til ei veldig spenning og brukar ord som får oss til å tru at Steinar nærast er demonisk og vil gjere grusomme ting. Dette vert spenning på falske premissar. Vi spurde oss om Jørgen vert prega av jobben sin, slik at han tek med seg måten å se folk på inn i sitt privatliv? Vi får stor sympati med Jørgen og kona Vibeke, men ville vi ha låst oss inn i naboens hus for å sjå etter mistenkelege ting? Det er lett å bli forført av engstelege tankar, når naboen du ikkje er heilt trygg på tek med seg guten din på hyttetur. 
For dei fleste var høgdepunktet i romanen når Steinar kjem med guten til Jørgen og Vibeke på skuldrane ned frå fjellet - eller forfatteren sin omtale av dei einskilde familiemedlemmane til Vibeke, det var fleire som lo berre ved tanken på korleis forfattaren til dømes omtalar svigerfar til Jørgen.
Kva så- var det nokre nedturar? Den tyngste kritikken gjekk på at forfattaren ikkje let lesaren oppdage kva det er med Steinar. Vi vert lurte inn i ein tenkemåte. Trådane er så difuse at vi berre anar at det er noko ekkelt med han. Orda som vert brukte set Steinar i eit spesielt lys, som overgripar av eit eller anna slag. Vi fekk heller ikkje så godt inntrykk av kona til Steinar, kven er ho, kvifor er ho nesten aldri ute, kvifor gjev ho nøkkelen til huset deira til Jørgen og Vibeke når dei reiser på fjellet og kvifor er ho ein heilt anna når dei kjem til hytta? Det er mange lause trådar her og det fekk nokon i Selskapet til å utbryte: dette er lettvint ! 
Vi får sympati med personane i romanen, både med Jørgen og Steinar - etterkvart. Det ga oss noko å tenke på - kor godt kjenner vi eigentleg naboen? - og kva med situasjonar vi observerar, er det alltid rett det vi trur vi ser?
Kor som er - alle deltakarane fekk lyst til å lese meir av Tore Renberg, for han skriv godt, veldig godt!


fredag 10. mars 2017

Mars - og snart klar for neste møte i Selskapet

Sjølv om dagane vert lysare så er det alltid tid for å lese ei god bok. På neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal vi samsnakkast om Tore Renberg si bok Du er så lys. Boka var ei av dei nominerte til P2lyttarane sin litteraturpris. Møtet skal vere på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 30. mars kl.19.00. Har du lyst til å vere med ta kontakt med biblioteka på Frekhaug eller i Knarvik. Alle er velkomne!

fredag 3. mars 2017

Kaltenburg

Det var ein nølande gjeng som samla seg til samtale om Kaltenburg. Ikkje den vanlege entusiasmen og det lette fråsparket i ganglaget denne gongen, nei. Kva var gale? Meir enn halvparten hadde ikkje lese boka ferdig. Det er ikkje så lett å føre samtale rundt ei halvferdiglese bok, anna enn om til at ein berre måtte leggje boka bort. Og dei som hadde lese boka følte heller ikkje at dei hadde så mykje å bidra med.
I korte trekk handlar boka om dette:
Det er den tyske forfatteren Marcel Beyer som har skreve romanen Kaltenburg. Ein roman om oppvekst og den sterke påverknaden eit menneske kan ha på eit anna. Forteljaren er Hermann Funk som vaks opp i Dresden han fortel historia si til ei dame som skal skrive om Kaltenburg og det er gjennom desse samtalane vi får forteljinga. 
Foreldra til Hermann vert drepne under bombinga av byen i 1945 og han får vekse opp hos vener av familien. Då foreldra flytta til Dresden, faren var botanikar og underviste ved universitetet, blei de vener med forskaren Ludwig Kaltenburg og Hermann beundra han veldig. Ei skremande oppleving med ein tårnfalk førte til at faren inviterte studentane Martin Spengler og Knut Sieverdig heim på middag, dei skulle hjelpe Herrmann med si redsle for fuglar. Dette møtet utvikla seg til eit livslangt venskap mellom dei tre og seinere vert Martin og Knut sitt syn på Kaltenburg eit korrektiv for Hermann. Ludwig Kaltenburg var zoolog og alleire ein berømt, svært eksentrisk forskar som budde i ein villa med en kaiekoloni på loftet, vaktler i stua og fisk i underetasjen. Kaltenburg tek Hermann under sine venger (så og seie) og vil at han skal verte hans etterfølgjar i eitt og alt. Hermann er ein trofast slitar og stiller opp for Kaltenburg med dei ulike arbeidsoppgåvene han får.
Stalin dør i 1953 og for første gang fortel Kaltenburg om opplevingane sine i fangenskap i Russland. Etter denne hendinga begynner Hermann å hugse tilbake på barndommen sin: faren bryt plutseleg med Kaltenburg og han vert aldri meir invitert heim til dei. Kaltenburg var en ærgjerrig person og slik som Øst-Tyskland utvikla seg i løpet av 1950-årene var det viktig å halde seg inne med dei rette personane for å få gode posisjonar. Hermann reagerer på dette og  forhaldet mellom dei endrar seg. Hermann forelskar seg i Klara Hagemann og vert via kontaktar invitert til heimen til familien Hagemann. I denne familien er kultur og filosofi viktige samtaletema, dette var heller kontroversielt på den tida. Klara les Proust og er totalt oppslukt av verket På sporet av den tapte tid, denne lesinga skal følge henne gjennom heile livet og vert tilfluktstaden hennar når livet  vert for vanskeleg. Dei to venene Martin og Knut kom tidleg på kant med Kaltenburg, eigentlig for bagatellar tenkjer Hermann, men når han reflekterar over kva Kaltenburg driv på med i Berlin og kva han har gjort under krigen, ser han at han må bryte med Kaltenburg.

Kaltenburg er ei bok som handlar  om å leve i eit totalitært samfunn, der samfunnsmessige strukturar grip inn i psyken til menneskja som bur der. Det som er mest synleg i denne boka er det usynlege. Alt som har vore teia om. Kan hende var dette ein av frustrasjonane rundt lesinga. Vi ana at hadde vi hatt meir kjennskap til det austtyske samfunnet i perioden frå 1945 til murens fall ville vi ha kunne fanga opp fleire leietrådar i teksten som no var skjulte for oss. Til dømes las vi i ei av bokomtalene at dette var ein nøkkelroman. Men når vi ikkje kjende til personane som var portretterte gav heller ikkje det oss noko vi kunne orientere oss etter. Fleire gav opp boka etter dei omstendelege skildringane av kaiene og deira liv, side opp og side ned. Kva ville forfattaren eigentleg med fokuseringa på fuglane? Gruppa kom ikkje fram til  noko eintydig svar her.
Men det var og nokon i gruppa som trass i at dei ikkje skjøna alt sette pris på sjølve skrivemåten og kor godt forfattaren klarte å formidle korleis usynlege strukturar legg føringar for liva til individa.