fredag 10. mars 2017
Mars - og snart klar for neste møte i Selskapet
Sjølv om dagane vert lysare så er det alltid tid for å lese ei god bok. På neste møte i Nordhordland Litterære Selskap skal vi samsnakkast om Tore Renberg si bok Du er så lys. Boka var ei av dei nominerte til P2lyttarane sin litteraturpris. Møtet skal vere på Strilabiblioteket, Frekhaug torsdag 30. mars kl.19.00. Har du lyst til å vere med ta kontakt med biblioteka på Frekhaug eller i Knarvik. Alle er velkomne!
fredag 3. mars 2017
Kaltenburg
Det var ein nølande gjeng som samla seg til
samtale om Kaltenburg. Ikkje den vanlege entusiasmen og det lette fråsparket i
ganglaget denne gongen, nei. Kva var gale? Meir enn halvparten hadde ikkje lese
boka ferdig. Det er ikkje så lett å føre samtale rundt ei halvferdiglese bok,
anna enn om til at ein berre måtte leggje boka bort. Og dei som hadde lese boka
følte heller ikkje at dei hadde så mykje å bidra med.
I korte trekk handlar boka om dette:

Foreldra til Hermann vert drepne under bombinga av byen i 1945 og han får vekse opp hos vener av familien. Då foreldra flytta til Dresden, faren var botanikar og underviste ved universitetet, blei de vener med forskaren Ludwig Kaltenburg og Hermann beundra han veldig. Ei skremande oppleving med ein tårnfalk førte til at faren inviterte studentane Martin Spengler og Knut Sieverdig heim på middag, dei skulle hjelpe Herrmann med si redsle for fuglar. Dette møtet utvikla seg til eit livslangt venskap mellom dei tre og seinere vert Martin og Knut sitt syn på Kaltenburg eit korrektiv for Hermann. Ludwig Kaltenburg var zoolog og alleire ein berømt, svært eksentrisk forskar som budde i ein villa med en kaiekoloni på loftet, vaktler i stua og fisk i underetasjen. Kaltenburg tek Hermann under sine venger (så og seie) og vil at han skal verte hans etterfølgjar i eitt og alt. Hermann er ein trofast slitar og stiller opp for Kaltenburg med dei ulike arbeidsoppgåvene han får.
Stalin dør i 1953 og for første gang fortel Kaltenburg om opplevingane sine i fangenskap i Russland. Etter denne hendinga begynner Hermann å hugse tilbake på barndommen sin: faren bryt plutseleg med Kaltenburg og han vert aldri meir invitert heim til dei. Kaltenburg var en ærgjerrig person og slik som Øst-Tyskland utvikla seg i løpet av 1950-årene var det viktig å halde seg inne med dei rette personane for å få gode posisjonar. Hermann reagerer på dette og forhaldet mellom dei endrar seg. Hermann forelskar seg i Klara Hagemann og vert via kontaktar invitert til heimen til familien Hagemann. I denne familien er kultur og filosofi viktige samtaletema, dette var heller kontroversielt på den tida. Klara les Proust og er totalt oppslukt av verket På sporet av den tapte tid, denne lesinga skal følge henne gjennom heile livet og vert tilfluktstaden hennar når livet vert for vanskeleg. Dei to venene Martin og Knut kom tidleg på kant med Kaltenburg, eigentlig for bagatellar tenkjer Hermann, men når han reflekterar over kva Kaltenburg driv på med i Berlin og kva han har gjort under krigen, ser han at han må bryte med Kaltenburg.
Kaltenburg er ei bok som handlar om å
leve i eit totalitært samfunn, der samfunnsmessige strukturar grip inn i psyken
til menneskja som bur der. Det som er mest synleg i denne boka er det usynlege.
Alt som har vore teia om. Kan hende var dette ein av frustrasjonane rundt
lesinga. Vi ana at hadde vi hatt meir kjennskap til det austtyske samfunnet i
perioden frå 1945 til murens fall ville vi ha kunne fanga opp fleire leietrådar
i teksten som no var skjulte for oss. Til dømes las vi i ei av bokomtalene at
dette var ein nøkkelroman. Men når vi ikkje kjende til personane som var
portretterte gav heller ikkje det oss noko vi kunne orientere oss etter. Fleire
gav opp boka etter dei omstendelege skildringane av kaiene og deira liv, side
opp og side ned. Kva ville forfattaren eigentleg med fokuseringa på fuglane?
Gruppa kom ikkje fram til noko eintydig svar her.
Men det var og nokon i gruppa som trass i at
dei ikkje skjøna alt sette pris på sjølve skrivemåten og kor godt forfattaren
klarte å formidle korleis usynlege strukturar legg føringar for liva til
individa.
Abonner på:
Innlegg (Atom)