torsdag 12. juni 2008

Og kva skal vi lese neste gong?

 Anita Nair er ein av forfattarane vi skal lese på neste møte som skal vere 4. september på Lindås folkeboksamling i Knarvik. Vi har bestemt oss for å lese to bøker og den andre forfattaren heiter Diana Evans med boka 26a. Dette er to svært ulike bøker ein med miljø frå India og ein frå England/Nigeria. Diana Evans debuterte med denne boka og fekk Organge prisen for debutantar.
Anita Nair har fleire bøker både frå før og etter denne boka vi no skal lese. Bøkene finnest i billeg utgåver så dei som vil eige sitt eksemplar treng ikkje vrenge lommeboka! God lesing!