onsdag 22. april 2020

Selskapet og COVID-19

Vi skulle hatt møte torsdag 23. april, men på grunn av COVID-19 er det avlyst. På dette møtet skulle vi ha treft forfattar Erlend Kaasa og høyrd han snakke om den siste romanen sin Men ikkje Maria. Dette vert det altså ikkje noko av men,.... Det vert mumla om planar om å lage ei online-samtale med forfattaren og då vert det høve til å stille spørsmål. Det vil seie: de må sende spørsmåla til meg Bente på denne adressa: bentebing@gmail.com og så vert dei samla sendt over til den som skal samtale med forfattaren. Vi vil komme tilbake med dag og tid for denne samtalen. Om de ikkje har konkrete spørsmål til forfattaren vil eg gjerne vite kva de syntes om romanen! Kva var bånn og kva var topp? Trudde de på personane? Vart dei "verkelege" menneske eller ikkje heilt truverdige? Kva med desse mellomkapitla, dei som skilde seg frå hovudforteljinga, korleis fungerte dei for dykk? Forvirrande eller vart dei oppklart til slutt? Skriv nokre setningar til meg så skriv eg litt om dette her på bloggen innan første veka i mai.

Sjølv om vi ikkje får treffast denne gongen lever vi framleis i vona om eit møte i juni, nærare bestemt 11. juni 2020 kl.19.00 på Strilabiblioteket Frekhaug
Til det møtet les vi  Albert Camus: Pesten
Dette er ein klassikar og kanskje fleire har lese denne tidlegare? Gode bøker kan lesast fleire gonger og dette er ei av dei. Pesten kom ut for første gong i 1947 og på norsk i 1949,  ho har kome ut i ulike utgåver gjennom åra og siste gong no i 2020. Kanskje du gjennom denne boka får lyst til å lese fleire romanar av Albert Camus? Han var ein forfattar som skreiv nokre viktige romanar som kan vere interessante å lese igjen sett i lys av vår tid. Ta kontakt med biblioteket for å få låne boka om de vil lese ho på papir. Sidan fjernlånet ikkje fungerer for tida, må vi sirkulere dei eksemplara som er tilgjengeleg, men dette skal gå fint for boka er ikkje på så mange sider og ho er lett å lese. Boka finnest og som e-bok.

Kanskje vi sjåast i juni? I mellom tida: Ta vare på deg sjølv!