torsdag 28. april 2022

Siste møte før ferien 2022

 

Det nærmar seg allereie siste møte i Selskapet før vi tar ein lang ferie, men innan ferien kjem den tida skal vi lese den første boka i ein trilogi av Agota Kristof: Tvillingbrødrenes dagbok. Boka kom ut på norsk for første gong i 1987 og seinare har ho kome i ei modenistert utgåve i 2019.

Vi møtast tysdag 7. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Frekhaug.

Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med biblioteket.

Velkomne!

onsdag 27. april 2022

Slekt, kor viktig er det?

 

Dei åtte i Selskapet som møtte for å snakke om romanen "Kinamann" var temmeleg samstemte i at dette var delvis interessant og delvis litt keisam. Temaet i boka er viktig, for kva veit kvite, etnisk norske damer i sin beste alder om kva det vil seie å komme til eit framant land med ei framand kultur og veremåte. 

Boka handlar om Gjermund Brekke, adoptert frå Korea som toåring til bygda Feios i Sogn og Fjordane. Vi møter Gjermund når han er i tjueåra, har skrive tre bøker, er gift og har ein son med Helene. Gjermund har fått namnet frå farfaren sin for han skal bli bonde og overta garden når tida er inne. Han veit at det er dette faren ønskjer, men livet på garden er ikkje noko for han. Foreldra ser raskt at nokon odelsbonde vert han aldri, likevel prøver dei så langt dei kan å møte han og interessene hans. Gjermund fortel om oppveksten som faktisk i liten grad er prega av rasisme, men av mobbing av han og Vergard ( det var mykje verre for Vegard). Når han no skal bli far for andre gong begynner han å tenke på slekt. Han har jo ingen som liknar på han, og adoptivfamilien er ikkje slekt på den måten. Han reiser til Korea i eit forsøk på å finne ut meir om kven han eigentleg er. På flyet møter han ein drosjesjåfør som har ei adoptivdotter frå Korea. Han hjelper Gjermund og gjennom samtalane dei har og dottera sine erfaringer vert Gjermund meir merksam på godene ved livet han lever no. 

Gjermund kjenner seg annleis. Han ser i spegelen og ser at ingen i bygda ser ut som han. Han flytter til Oslo, men kjenner seg framleis annleis og framand. Dette syntes Selskapet var litt rart. Ein ting er Feios med få innbyggjarar, men i Oslo? Vi drøfta om det å vere annleis er ei kjensle nokon og ein kvar kan ha? Det skal ikkje så mykje til... Vi syntes nok at han dreiv det litt langt i å problematisere byrdene ved å vere adoptert og ikkje ha noko slekt, men samstundes: kva veit vi om slikt? Vi syntes at det var lite framdrift i forteljinga og saman med eit lett barnsleg og noko klisjefylt språk, var ikkje dette ei stor lesaroppleving.

Boka kom ut i 2011 og den gode Brynjulv Jung Tjønn har gjort store sprang som forfattar sidan det! Dette til trøyst for dei som vil lese den siste boka han skreiv og som vann P2 Lyttarane sin romanpris for 2021.