torsdag 29. juni 2017

Krister Larsen - ein mann, ein monolog.

Siste bok før ferien var Kyrre Andreasen sin bok " For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges". Alle hadde lese boka, men det var ikke så mange som jubla over hovudpersonen Krister Larsen sin monolog som faktisk heldt fram gjennom heile boka. Vi var samde om at dette var ein prestasjon av forfattaren og at vår kjekke litteraturgruppe har mange uthaldande lesarar som ikkje gjev opp i første motbakke.
Boka handlar om Krister Larsen, tidlegare elektrikar, no har han to prolaps i ryggen og er omplassert av NAV på ein skule for å lære innvandrar norsk for arbeidslivet. Krister er forteljaren, han har synspunkt på alt og han legg ut i det vide og breie om livet, relasjonen til kona Marianne, naboane, folk han har arbeidd med tidlegare og ikkje minst dei noverande kollegene på skulen. Han har synspunkt på det meste og noko av det han seier er ikkje så hakkande gale, men er han ein truverdig forteljar? Selskapet var ikkje så sikre på det.
Vi diskuterte korleis vi ser på folk, kva vi trur og kva vi veit - slik Krister kritiserer samfunnet, slik kan vi og kritisere, men kanskje ikkje like bombastisk som han når han dømmer NAV, helsevesenet og skulen nord og ned. Den såraste sekvensen i boka er når Krister, Marianne og Andreas har møte med rektor, klassestyraren og helsesøstera. Dei sit der og høyrer på alt som er gale med Andreas og i siste instans dei sjølve. Krister vil stille opp for Andreas, men når det kjem til eit stykke - gjer han eigentleg det? Korleis vert møte mellom dei med posisjon og dei utan erfart? Krister går ut i ein lang digersjon om helsesøstera og korleis ho har vorte mishandla - og det er allereie her vi mistenkjer at Krister lager si eiga forteljing om korleis ting heng saman, - eller gjer han det?
Vi lurte på korleis det går med Krister, går han rett nedoverbakke eller klarer han seg, der vi forlet han robba for mobil og lommebok på ein campingplass i Nice? Siden det er sommar vonar vi at det går bra - til slutt.

onsdag 7. juni 2017

Siste møte før sommarferien

Den siste boka vi skal snakke om før sommarferien er over oss er Kyrre Andreassen si bok For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges. 
Denne romanen var ein av dei som vart nominert til P2 lyttarane sin romanpris 2016 , den vart ikkje vinnaren, men dette kan vere ei interessant bok å snakke nærare om.
Møtet skal vere torsdag 22. juni kl.19.00 på Strilabiblioteket, Knarvik (Lindås bibliotek).
Har du lyst til å vere med på samtalen? Ta kontakt med personalet på biblioteka.
Velkomne!