tirsdag 16. februar 2016

Møteoversikt våren 2016



Det har vore etterlyst i sosialemedia og rett over skranken, eit oversyn over kva for møtedatoar som er sett opp i dette fortreffelege Selskapet. Og her er datoane og staden vi skal treffast:
3. mars - Meland bibliotek
21. april - Meland bibliotek
26. mai - Lindås bibliotek


 Frammøte tidspunkt er kl.19.00 og vi reknar med at vi er ferdig snakka ca kl.20.30.
Vi bestemmer kva som skal lesast frå gong til gong, slik at dei som møter opp kan verkeleg vere med å bestemme kva for bøker vi skal ta for oss. Biblioteka prøver så langt det er mogeleg å låne inn bøkene. Har du spørsmål, ta kontakt med Lindås eller Meland bibliotek.
Velkomne!

Møte i mars

Det er rett nok eit par veker til Selskapet skal samlast neste gong, men det er grunn til å minne om at vi skal snakke om Aina Basso si bok Finne ly
Aina Basso er historikar ved sida av forfattarskapen og ho har skrive bøker både for ungdom og vaksne.
Vi skal snakke om romanen Finne ly torsdag 3. mars kl.19.00 på Meland bibliotek. Vil du vere med er det berre å møte opp. Har du lyst til å lese boka, ta kontakt med Lindås eller Meland bibliotek.
Velkomne!

tirsdag 2. februar 2016

Livet er meir komplisert enn ein dom

Vi starta året med å samsnakkast om Barneloven av Ian McEwan. Dette var ei bok som greip oss alle og som ga oss mykje å snakke om. Boka handlar om Fiona Maye, ho er dommar med familierett som spesialområde, ho bur i lag med mannen sin Jack og dei har vore gift i mange ti-år og er barnlause. Boka startar med at Jack vil ha Fiona si godkjenning på at han kan ha eit sidesprang og dette er opptakten til eit turbulent privatliv i den tida vi følgjer dei, ved sida av at Fiona får ei vanskeleg hastesak i retten.
Samtalen i Selskapet starta faktisk med: Trur de han var utru? Synest han at han hadde "rett til" å vere utru sidan Fiona berre var oppteken av sakene sine og ikkje såg hans behov?
Fiona er dyktig, ho har arbeidd målmedveten for å kome dit ho er i dag. Eigne barn har ho utsett så lenge at det ikkje er aktuelt no, men dei har mykje kontakt med andre barn i storfamilien. Saka ho får handlar om ein gut, Adam på 17 år som treng blodoverføring for å overleve, men både han og familien er medlem i Jehovas Vitne og dei aksepterer ikkje den slags behandling. Fiona reiser til sjukehuset der guten ligg og det oppstår eit spesielt forhold mellom dei. Han fortel henne om sine tankar, han skriv dikt og spelar fiolin. Fiona er og ein god pianist og dei les og syng saman. Møtet med Adam skaper eit stort engasjement og sterke kjensler hos henne.
Selskapet diskuterte ekteskapet mellom Fiona og Jack - ho utsett, han tenker på sine behov, dei hadde på eit vis kome inn i "ein tralt", spenninga i ekteskapet var ikkje der lenger. Forfattaren set den private Fiona opp mot dommaren Fiona. Vi merka oss at Fiona oppsøkte Adam på sjukehuset, noko som i dag er særs uvanleg og ho går over streken når det gjeld relasjonen til han.
Vi var og innom blodoverføringa som eit livreddande middel. Forfattaren skriv nyansert og fint om dette, vi skjønar det ikkje - men forfattaren får fram dilemaet.
Boka var lett å lese med godt språk. Det var litt mange detaljar og det hadde vore kjekt med eit kart over London.
Den gode Odd W. Surén har skrive eit fin melding i Dag og tid, som og tok oss tid til å lese.
Selskapet anbefaler Barneloven og med den fleire bøker frå handa til Ian McEwan, det er fleire av oss som nok les boka ein gong til.