lørdag 9. mars 2013

Ei slags forklaring...

Bloggskrivaren har fått eit travlare liv, difor har det ikkje vore annonsert neste møte eller skrive rapport frå møtet som har vore. Kanskje er bloggskrivaren ikkje så flink til å delegere? Kven veit?
Ståa er no slik at den 6. mars hadde Selskapet eit forvitneleg interessant møte med Torill Steinfeld som snakka om Camilla Collett. Deltakarane i Selskapet var i mindretal sidan møtet var ope og menn og kvinner i sine beste aldrar var samla på Lindås bibliotek. Skrivaren kjem tilbake til møtet i ein annan post for no skal det annonserast at neste møte er 18. april kl.19.00 på Meland bibliotek. Boka vi skal lese er  Elizabeth George: En løgn å tro på.
Dersom du vil vere med på dette møtet kan du vende deg til biblioteka, eller du kan berre møte opp og sjå kva som skjer.

fredag 8. mars 2013

Orda kjem dansande mot deg

Sa ein av deltakarane i Selskapet då vi ein kveld i januar snakka om romanen Syngja av Lars Amund Vaage. Det var mange superlativ som sveiv i lufta då vi starta samtalen om denne sterke lesaropplevinga som boka er. Vaage skriv om dotter si G og hennar sjukdom som heilt endrar hans og familien sitt liv.  Han skriv om korleis han møtte kona si og sin eigen veg fram til å bli forfattar. Han skriv om oppdaginga av at G ikkje var som andre barn og trongen etter at ho skal bli bra att, at dei må finne ut noko slik at ho kan bli betre, bli funksjonsfrisk, ikkje vere den ho faktisk er. Korleis skal dei møte andre sine forventningar og spørsmål?
Så kjem erkjenninga av at G er den ho er, korleis kan han som far nå fram til dotter si, finne hennar språk? 
Vi kjende vel alle på maktesløysa, på denne kjensla av å gå i sirkel - for nokre gonger ser det ut til at G er på veg inn i vår verd, men så vender ho attende til sin eigen.
Vi får ikkje vite så mykje om G, men meir om kva for tankar faren gjer seg om henne, om hjelpeapparatet, om hendingar som gjev faren og oss hjartet i halsen - som til dømes då dei sit i bilen og G tek av seg bilselen, ikkje berre ein gong, men mange, mange gongar.
Det er ei flott bok, men vi var ganske samd i at vi blir ikkje berørt, forfattaren heldt ei klar distanse - som nok er for markert og fjerner ei mogeleg identifisering. Dessutan var det nokre som synest at forteljinga gjekk rundt og rundt, ein sirkel som var gjentakande og ikkje opnande.
Når dette er sagt var alle begeistra over språket, vakkert, presist, nydelege formuleringar som skapte fine bilete i hovudet. Det er ikkje så mykje å le av, men det var fleire som trakk kraftig på smilebandet då dei leste om forfattaren som forelska bussjåfør på veg mellom Odda og Utne. Dette er ei bok som gjer inntrykk, vi les gjerne fleire slike!