torsdag 31. mars 2011

Kva les vi i april?


Jo, då har vi kome til 1980-talet og ein av dei som fekk Nobelprisen i litteratur dette tiåret var Garbriel García Márquez. Han kjem frå Columbia og om han seiast det at han introduserte skrivemåte vi no kjenner som magisk realisme. Boka Hundre års ensomhet som han fekk Nobelprisen for, handlar om ein familie i Columbia og gjennom forteljinga om deira liv får vi og høyre om historia til landet. Nokre har kanskje lese denne boka tidlegare, men den er omtala som eit meisterverk og slike er det jo ei glede å møte fleire gonger.
Vi skal samtale om boka torsdag den 28. april kl.19.00 på Meland bibliotek og alle er velkomne til å vere med. Ta kontakt med biblioteket om du ønskjer å lese boka før møtet.

onsdag 30. mars 2011

Kvinna Blum

Ja, slik vert ho omtala i denne romanen som er skrive som ein slags rapport. Distansert, nøyaktig og likevel eit knallhardt innlegg mot pressa som jaktar på oppslag. Dette er historia om hushjelpa Katharina Blum som på karnevalet i Köln møter Ludwig Götten og forelskar seg hovudstups i han. Han er i leilegheita hennar om natta og om morgonen stormar politiet inn for å arrestere Götten, som er ein ettersøkt venstreekstrem terrorist. Götten har ved hjelp av Katharina klart å gøyme seg vekk og det er Katharina som må reise med til politistasjonen for å forhøyrast. Boka handlar for det meste om korleis politi og samfunnet med pressa i spissen grev seg inn i hennar privatliv, henger ho ut som "morderbrud", kriminell og samfunnsfiende. Journalistane diktar opp historier om ho og denne uthenginga får ho til slutt til å ta saka i eigne hender, noko som fører til endå meir ulukke.
Det er Nobelprisforfattaren Heinrich Böll som står bak denne boka. Han fekk ikkje prisen for denne boka, men prisen gjorde det kanskje mogeleg for han å skrive ho? Etter at boka kom ut vart han boikotta av den konservative Springerpressa og han vart skulda for å vere for terror.
Selskapet las boka med stor interesse, for dette handla då ikkje berre om 1970-åra i Tyskland? Hadde vi ikkje fleire saker å sjå tilbake på her til lands og? Presseoppslag der stemninga for eller mot ein person vart hausa opp slik at det for nokon enda med sjølvmord og for andre skapte ein veldig sympati? Vi snakka om kor lett det er å vandre i flokk og ikkje minst delta i å forteljingar som gjer ei fjær til fem høns. Jau, det trengs både innleving, men og distanse når ryktebørsen koker og vi alle vil vite litt meir.